Svenske medium: Nytt kabelbrot mellom Sverige og Finland

1 day ago 2



Det har skjedd eit nytt kabelbrot på ei internettlinja mellom Sverige og Finland, ifølge opplysningar til Sveriges Radio. Det skriv Aftonbladet.

Kabelbrotet vart oppdaga i natt og skal ha skjedd på land i Finland, skriv SVT.

Ifølge Ekot mistenker politiet eit lovbrot og svenske styresmakter er informert.

– Me veit at det har vore eit kabelbrot og me fekk informasjonen seint i går kveld, seier Christina Jarnlid, pressevakt i Myndigheten för samhällsskydd och beredskap (MSB) til Aftonbladet.

Post- och telestyrelsen (PST) seier til Dagens nyheter at det er oppdaga to skader på kabelleidningen.

Den svenske forsvarsministeren Carl-Oskar Bohlin seier til Aftonbladet at dei mistenker at det kan vera snakk om sabotasje.

Read Entire Article