Svenskane vil forby bryllaupstradisjon - heilt tullete, meiner danskane

1 month ago 20



  • Vi vil høyre di meining. Bli med i debatten under! 💬

Elise Kruse var ikkje berre stolt den dagen ho gifta seg. Ho var litt flau og.

Flau fordi ho vidareførte ein tradisjon som i si tid var kvinneundertrykkande.

Likevel stod ho ved valet. For ho visste godt kva ho ville – og kvifor.

Ho ville ha far sin som følgje eit stykke av vegen opp kyrkjegolvet. Som einaste attlevande forelder, og som ven.

Ein tanke sleppte likevel ikkje heilt taket i Elise Kruse;

– Gjorde avgjerda meg til ein dårleg feminist?

Elise Kruse

Elise Kruse er religions- og featureredaktør i avisa Vårt Land.

Foto: Robert Rønning / NRK

Svenskane foreslår forbod. Tullete – synest danskane

Tradisjonen med at far følgjer dotter si opp kyrkjegolvet kan bli forbode i den svenske kyrkja.

Skikken motarbeider kampen mot arrangerte ekteskap, hevdar den svenske kyrkjepolitikaren og presten Sara Waldenfors i avisa Vårt Land.

Og det var faktisk ikkje den kristne kyrkja som skapa tradisjonen.

Den stammar frå viktoriatida, og vart innført av overklassen i byane på slutten av 1800-talet. Fram til da gjekk brudepara i Noreg opp kyrkjegolvet ilag.

– Det er så tullete som berre svenskar kan vere!

Den danske presten og journalisten Sørine Gotfredsen legg ikkje noko i mellom, når ho ytrar sitt syn på den svenske kyrkjas forslag.

Det skriv ho i ein kommentar i den danske avisa Berlingske.

Men kva meiner vi om saka her heime?

Er du ein dårleg feminist om du let far følgje deg opp kyrkjegolvet?

Kvinnefiendtleg tradisjon – eller ein koseleg gest?

– Fordi nokon er undertrykt, så skal alle slutte med ein tradisjon? Det er ein generell konklusjon eg er heilt imot!

Det seier filosof Einar Duenger Bøhn som foreles i filosofi ved universitet i Kristiansand.

Han peiker på at alle kulturar treng ritual som samlingspunkt.

– Dette er ein så uskuldig tradisjon, og det at nokon følgjer deg opp kyrkjegolvet er jo berre koseleg, meiner han.

Einar Duenger Bøhn

– Dersom vi opphevar alle ritual, har vi ikkje lenger samlingspunkt i kulturen, seier filosof Einar Duenger Bøhn.

Foto: Robert Rønning / NRK

Merete Thomassen underviser prestestudentar ved Det teologiske fakultet i Oslo.

Ho er einig med Duenger Bøhn i at vi ikkje skal forby skikken i Noreg, men oppmodar til litt meir refleksjon hos framtidige brudepar.

– Eg er sjokkert over bruder med høgt kunnskapsnivå som avfeiar dette som «berre» symbolikk!

Det seier ein engasjert teolog Thomassen før ho held fram.

– Sjølv om brura ikkje tenkjer at no gir faren min meg til brudgommen, så er det faktisk det skikken symboliserer! Det meiner eg røper ei bevisstløyse, slår ho fast.

Kvinne står inntil vegg. Hun har orange bluse, rødlig hår, og briller.

– Vi bør utfordre brudepar til å gå opp kyrkjegolvet i lag som to likeverdige partar, meiner teolog Merete Thomassen.

Foto: Morten Nymoen

Elise Kruse skamma seg litt over valet om å be far hennar følgje seg opp kyrkjegolvet, av frykt for kva andre skulle meine.

Men ho angrar ikkje.

– Det er symbolikken eg vidareførte det er noko feil med – ikkje intensjonen min!

Det slår ho fast i ein kommentar i avisa Vårt Land.

Valet var viktigare for Elise Kruse, enn kva folk rundt henne måtte meine.

Ein mann i prestedrakt følgjer ei kvinne kledt i brudekjole opp kyrkjegolvet.

– På veg inn hadde eg fortida mi ved sida mi. På veg ut var det framtida mi som følgde meg. Slik romma vigsla heile meg, fortel Elise Kruse

Foto: Erlend Berge

Fortel oss di meining, eller ei historie om eit fint bryllaupsritual.

Publisert 08.09.2024, kl. 07.48

Read Entire Article