Svensk idrettsprofil har skifta namn

1 month ago 24



11. januar 2025 kl. 10:49

McGrath køyrde ut i Adelboden

Dei norske alpinistane har ikkje fått full klaff i 1. omgang i slalåmen i sveitsiske Adelboden laurdag føremiddag.

Verst har det gått for Atle Lie McGrath, som køyrde ut etter ein god start på omgangen. Ein solid nedtur for McGrath, som har fleire pallplasseringar denne sesongen, men som også køyrde ut i 2. omgang i Madonna di Campiglio onsdag denne veka.

Timon Haugan og Henrik Kristoffersen ligg høvesvis 49 og 55 sekund bak leiar Manuel Feller, og er dermed på skothald.

Lucas Pinheiro Braaten, som no representerer Brasil, har lagt seg inn mellom Haugan og Kristoffersen.

Alexander Steen Olsen ligg 2,11 bak Feller, medan Sebastian Foss Solevåg og Oscar Andreas Sandvik ligg høvesvis 3,45 og 5,49 sekund bak.

Mikkel Remsøy køyrde i likskap med McGrath ut.

FIS Alpine Ski World Cup - Men's Slalom

Foto: Denis Balibouse / Reuters
Read Entire Article