I haust sa nestleiaren i Sosialistisk Venstreparti ja til ein ny periode på Stortinget.
Tromsøværingen trengde vel å merke tid til å vurdere det.
Då nominasjonskomiteen i Troms SV la fram lista over sine anbefalte kandidatar, låg det an til attval for Fylkesnes.
Men no snur han.
Han seier likevel nei til ein fjerde periode på Stortinget.
Årsaka er ein gammal kjærleik frå Nederland.
– Eg visste at det ville bli utfordrande å kombinere eit, mildt sagt, spreidd geografisk liv – både politisk og personleg, med heimstad Tromsø, kvardag og barn i Oslo, og kjærast i utlandet.
Det skriv Fylkesnes på Facebook.
Han seier også nei til attval som nestleiar for SV.
– I jula forstod eg likevel at dette ikkje var realistisk – å kombinere andre liv med lidenskapen for sosialisme og stortingsarbeid. Denne erkjenninga var tung, men nødvendig, og den førte meg til et val om kva som skal vere viktigast for meg i livet framover.
Det var avisa VG som var først ute med nyheita.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Fylkesnes sjølv, men har så langt ikkje lykkast.
Blei informert førre veke
Troms SV skal ha nominasjonsmøte i starten av februar.
No står dei utan toppkandidat.
Det blei dei informert om i førre veke.
Maja Sandvik Lockert er leiar for nominasjonskomiteen.
– Det er trist å høyre at Torgeir ikkje ønsker attval. Han har gjort ein utruleg god jobb både for partiet nasjonalt og for Troms SV. Det har han gjort i ein lang periode, seier ho.
Ho seier at dei har andre kandidatar til vervet i fylkeslaget. Ho seier at dei no må jobbe fort med å involvere lokallaga og finne Fylkesnes sin arvtakar.
– Dei er gode, så eg trur det skal gå heilt fint å få stabla saman ei ny, god nominasjonsliste. Eg har trua på at vi skal få fram ein ny, god toppkandidat.
– Kva mister ein i Troms SV og SV sentralt når Fylkesnes går ut?
– Vi mister ein sterk stemme som er godt kjent i hele fylket og landet. Først og fremst mister vi ein sterk og dyktig politikar som kjenner folk og fylket. Torgeir har ein særeigen måte å snakke med folk og huske dei folka han er i kontakt med. Det kjem eg til å sakne med han i nasjonalpolitikken, seier Lockert.
- Fylkesnes var ein av stortingspolitikarane som vann over Skatteetaten i pendlarbustadsaka.
Gjer seg ikkje heilt i politikken
Fylkesnes trur også at Troms SV kjem til å finne ein riktig arvtakar til stortingsvervet.
– Det har vore tolv fantastiske år som folkevalt frå verdas barskaste landsdel, og 6 år som partiets nestleiar. Eg er trygg på at partiet vil finne dyktige folk som kan ta stafettpinnen vidare med same lidenskap og engasjement, poengterer han.
Fylkesnes skriv på Facebook at han held koken som nestleiar fram til landsmøtet, og på Stortinget fram til valet.
Han kjem ikkje til å gje seg heilt med politikk.
– Sjølv om eg nå tar et steg til sida frå dei formelle rollene, vil eg sjølvsagt alltid vere ein del av laget – berre i nye former og roller. Eg heiar djupt på Kirsti og hele gjengen! Med trist, men takknemleg hjarte: Peis på!
Publisert 16.01.2025, kl. 08.01 Oppdatert 16.01.2025, kl. 08.28