Suel bur ulovleg i Noreg: Får støtte frå fleire på Stortinget

4 hours ago 1



I meir enn 20 år har Suel Kassembo budd ulovleg i Noreg. Dei siste åra i kyrkjeasyl, som den einaste kyrkjeasylanten i landet.

Kassembo kom til Noreg i 2004. Då oppgav han at han var 16 år, og at han flykta frå Burundi etter at veslesøstera og foreldra var blitt drepne.

Men staten trur ikkje på historia hans.

– Folk forstår ikkje korleis det er å leve i denne situasjonen, å leve så mange år i usikkerheit, seier Kassembo.

Han vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi, og hevdar han er i livsfare dersom han gjer det.

Kassembo har tidlegare tatt saka til tingretten og lagmannsretten, men tapte i begge rundar. Retten slår fast at han pliktar å forlate landet og at han har brote utlendingslova grovt over lang tid. Menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle saka hans.

Men no gir fleire parti på Stortinget likevel håp om ei politisk løysing.

en mann som sitter på en seng

I to år har Kassembo budd i Herøy kyrkje.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Viser at det trengst endringar

Kassembo blei i fleire år sett på som ureturnerbar. Staten trur at han lyg om identiteten sin, alderen og nasjonaliteten. Dei hadde ingen stad å sende han tilbake til.

For to år sidan la han fram ny dokumentasjon han meiner viser han kjem frå Burundi. Dette var ikkje nok til å bli trudd, men det er likevel dit styresmaktene vil sende han.

– Eg synest han har fått ei forferdeleg behandling av norske styresmakter, seier Lars Haltbrekken i SV.

Han er éin av fleire politikarar som vil jobbe for ei løysing for Kassembo, og andre lengeverande asylsøkarar. Han får støtte frå MDG, KrF, Venstre og Raudt, i tillegg til Senterpartiet og Arbeidarpartiet sine representantar frå Møre og Romsdal.

Lars Haltbrekken fra SV som smiler til kameraet. I bakgrunnen kan du se Stortinget.

Nestleiar i SV, Lars Haltbrekken, har besøkt Kassembo i kyrkjeasyl i Herøy.

Foto: NRK

Det er ikkje eit system for å løyse enkeltsaker på Stortinget. Men i 2022 sikra SV ei løysing over statsbudsjettet, som gav kyrkjeasylantane på Senja opphald.

Kva tenker du om at de stadig må finne politiske løysingar for folk i slike situasjonar?

– Det viser at det trengst endringar i flyktning- og asylpolitikken. Når folk som Suel, som har vore på flukt i lang tid, som har budd i Noreg så lenge og som er ein ressurs, ikkje får varig opphald, viser det at det er noko fundamentalt feil, seier Haltbrekken.

Seier han vil vere ein døropnar

Uansett kva løysing dei landar på, trengst det fleirtal på Stortinget. Fleire peiker på Arbeidarpartiet og Møre og Romsdal sin mann, Per Vidar Kjølmoen.

– Eg får prøve å vere ein døropnar, enten om det skjer i regjering eller på Stortinget. Dette er ei sak mange i Møre og Romsdal er opptatte av. Eg håper det er mogleg å kome fram til ei god løysing, seier Kjølmoen.

Kjølmoen har vore i kontakt med departementet, som seier at dei ikkje kan overprøve vedtak som ligg i domstolen.

– Eg trur at om vi skal finne ei løysing for Suel, må vi finne det på Stortinget i form av eit amnesti-spor, seier Kjølmoen.

Per Vidar Kjølmoen

Per Vidar Kjølmoen er stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal.

Foto: Tore Ellingseter

Blir ikkje trudd

I mange år jobba Kassembo på Runde miljøsenter, og betalte skatt til staten. Frå kyrkja har han studert, utan å kunne ta eksamen. Han har tatt køyretimar, utan å kunne ta lappen.

Då han endeleg fekk sendt over dokumenta frå den burundiske ambassaden i Berlin, trudde han at løysinga var nær. Han hevdar papira stadfestar identiteten hans og drapet på familien.

– Einaste håp no er politikarane. No må det vere slutt på dette. Det er tungt, og det er nok, seier Kassembo.

Men UNE står på sitt – og hevdar at Kassembo ikkje står i fare for å bli forfølgd om han reiser tilbake til Burundi.

Hanne Bjerkan Johnsen, UNE

Hanne Bjerkan Johnsen i UNE seier det er vanskeleg å vite om dokumenta er ekte.

Foto: Utlendingsnemnda

Dessutan er Burundi eit korrupt land, og det er lett å forfalske dokument, skriv einingsleiar Hanne Bjerkan Johnsen i ein e-post til NRK.

«Han har heller ikke sannsynliggjort at han er borger av Burundi. Kassembo har hatt plikt til å forlate Norge siden avslaget på asylsøknaden i 2007, og er selv ansvarlig for å forlate Norge. Hvilket land han reiser til, er det ikke UNE som avgjør».

Håper han snart kan gå ut av kyrkjeasyl

Suel Kassembo lengtar ut i naturen, tilbake til fuglefjellet Runde, der han jobba med å ta bilete av fuglane. Gjennom ei sidedør i kyrkja kan han ta inn frisk luft. Men han kan aldri sleppe taket i døra.

Han lever i eit frivillig fengsel, utan ende.

– Det er tungt å vere her så lenge utan fridommen til å vere ute når eg vil, utan å vere uroa for å bli arrestert. Det blir deilig ein gong når eg får fridommen min tilbake.

en person som sitter i et vindu

ULOVLEG I LANDET: Suel Kassembo drøymer om å ein gong kunne gå ut å ta bilete av fuglar igjen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert 20.10.2025, kl. 09.00

Read Entire Article