Firbeint ultimatum: Dette krev Vedum av Støre

3 hours ago 2



Ei snau veke etter at Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk budsjettforslaget frå Støre-regjeringa i hende og mista det i ein spontan reaksjon i vandrehallen, har Senterpartiet samla seg om eit firbeint ultimatum.

Om Arbeidarpartiet ønsker å få Senterpartiet til forhandlingsbordet, må Støre først vise anger og levere på følgande:

  1. Offentleg orsaking og ei unnskyldning for å ha «tjuvlånt» kleda til Senterpartiet under valkampen.
  2. Gratis ferje på utvalde samband i Distrikts-Noreg
  3. «Gjenoppretting» av studielån-slettinga i kommunane med nest høgast «provins-skår»
  4. At tidsavgrensinga på gjeldssletteordninga (tre år) blir fjerna

Det er eit utvitydig ultimatum. Det blir ikkje nokon forhandlingar før dette er retta opp i, seier Vedum.

Den politiske logikken bak krava handlar om at partiet ikkje «bruker opp» forhandlingskort om dei innkasserer desse sigrane allereie før partane set seg ved forhandlingsbordet.

Senterpartiet skal ikkje bruke politisk kapital på å tvinge Arbeidarpartiet tilbake til eit standpunkt dei sjølv gjekk til val på, seier Leidulf Gloppestad, nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

Statsministeren skal sjølvsagt beklage

Jonas Gahr Støre har allereie bede om unnskyldning for ein konkret uttale til avisa Øyposten der han garanterer for at ordninga med gratisferje vil halde fram med han ved roret.

Intervjuet blei gjort fleire dagar etter at statsbudsjettet for 2026 blei vedtatt på ein regjeringskonferanse med alle statsrådane til stades (21. august).

Det nye er at Vedum vil ha ei unnskyldning som er retta til Senterpartiet.

Ifølge Vedum har Arbeidarpartiet segla under eit distriktsvennleg flagg i valkampen, og forsynt seg av Senterpartiet sitt grunnfjell.

Statsministeren skal sjølvsagt beklage, seier Vedum.

Han meiner det er ironisk at regjeringa i sommar lanserte ein kampanje for å hindre «desinformasjon som kan svekkje den offentlege samtalen og undergrave tilliten i det norske samfunnet».

Men enda viktigare er det at han held ord og ryddar opp. Da kan han igjen sjå folk i auga.

Sylvi Listhaug og medarbeidere sitter i et rom

Støre og Vestre meiner at eventuelle innrømmingar høyrer heime i budsjettforhandlingane, ikkje i forkant.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Stygt og uakseptabelt i norsk politikk

Bak Sp-leiaren er andre stemmer i partiet om mogleg enda meir uforsonlege.

Ifølge fylkesordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem (Sp), har handteringa av studielån-saka gjort uoppretteleg skade på forholdet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

«Nå har tida kommen til å gå vidare», skriv han i eit lesarbrev som står på trykk i Trønder-Avisa og Adresseavisen:

Å først love gratis ferje og nedskriving av studiegjeld i valkampen – og på dette grunnlaget tiltrekke seg veljarar – for deretter å planlegge kutt i dei same løfta, er både stygt og uakseptabelt i norsk politikk. Det er unorsk, fortset han.

Ap-nestleiar Jan Christian Vestre sa til NRK søndag at dei tar tilbakemeldingane frå både Ap-ordførarar og Senterpartiet på alvor – og at dei ønsker å finne ei løysing på sakene i (ikkje før, jou. anm.) budsjettforhandlingane.

Måndag formiddag gjentar Støre det same – at eventuelle innrømmingar høyrer heime i budsjettforhandlingane, ikkje i forkant:

– Vi har lagt fram eit budsjett vi meiner viser situasjonen Noreg står i. No ligg det i Stortinget. Vi skal møte dei andre partia med respekt. vi forhandlar ikkje med eitt og eitt parti i forkant. Slik er ein ansvarleg budsjettprosess, og der kan vi finne løysingar.

Publisert 20.10.2025, kl. 12.32

Read Entire Article