Studentar i Bergen vakna til flammehav i nabobygget

1 month ago 16



Studenten Erle Yrvin (20) bur i blokka nærast bygget det brann i.

– Eg vakna av at brannalarmen gjekk i bygget. Alarmen pleier ofte å gå, og ofte er det feil. Då eg såg at det var veldig oransje lys ute, skjønte eg at dette var seriøst.

Yrvin trudde først at det brann på taket til studentbustaden ho bur i.

– Eg kjappa meg ned og ut. Eg høyrde kjempehøg knitring, som eit stort bål. Det var ei veldig rar oppleving. Eg har aldri opplevd å sjå ein så stor brann før, seier ho.

Ho og dei andre evakuerte studentane stod først heilt nede ved opninga ved bygget.

– Alle hadde samla seg for å sjå på. Me var så nære at me kunne kjenna varmen frå brannen. Det var nesten som å vera i ein film, det kjentest ikkje ekte.

Brann på Møllendal i Bergen

Kraftig brann på Møllendal i Bergen.

Foto: Birk Svenning Holmestuen

50 telefonar på 20 minutt

Brannen starta i eit verneverdig bygg som Bergen kommune eig. Det var eit gamalt betongstøyperi frå 1940-talet.

Det var først opplyst at brannen starta i ein av hallane til renovasjonsselskapet Bir, men det stemmer ikkje. Bygget ligg like ved anlegget til Bir.

– Det er eit eldre bygg som har stått tomt dei siste åra, seier Christian Fossdal, som er eigedomssjef i Bergen kommune.

– Var det elektrisitet på?

– Det veit eg ikkje, men eg reknar med at det er varme på for å ta vare på bygget, seier han.

Brannvesenet fekk den første meldinga om brannen klokka 05.35 onsdag morgon.

– Me fekk om lag 50 telefonar på 20 minutt om brannen, seier vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest.

Det er ikkje lenger spreiingsfare, og ein del av dei evakuerte har fått gå tilbake til leilegheitene sine.

Bebuarane i studentbustaden Møllendalsveien 52 er framleis evakuerte. Ei av dei er 20 år gamle Erle Yrvin.

– Eg har kjent meg trygg heile vegen, men eg håpar at det ikkje har skjedd noko med tinga våre.

Mange studentar opplevde brannen tett på.

– Eg kvapp til. Først tenkte eg at det var nokon som hadde svidd eit rundstykke, men så såg eg at det blinka oransje og det kom svart røyk, seier Åse Teige.

– Eg tenkte at først at det var falsk alarm, for det har vore mange alarmar her før. Eg skvatt veldig til då eg såg den svarte røyken, seier Sofie Follestad.

Åse Teige og Sofie Follestad

Åse Teige og Sofie Follestad

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Trur ikkje nokon var i bygget

Brannvesenet rykte ut med store ressursar frå fire brannstasjonar. Klokka 06.30 meldte brannvesenet kontroll på brannen, men det brenn framleis i bygget.

– Brannen er isolert til bygget han starta i. Me har god effekt av sløkkinga.

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Me har ingen indikasjonar på at det var nokon inne i anlegget då det byrja å brenna, seier vaktleiar Stian Kvam ved 110-sentralen.

– Etter kvart som brannen roar seg, vil me ta oss inn i bygget og danna oss eit betre bilete av kva som har skjedd.

Fleire bilar på staden har også brunne, men det er uklart kor mange.

Brann i Møllendalsveien i Bergen

Brannmannskap frå fire stasjonar i Bergen deltok i sløkkearbeidet.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Operasjonsleiar Tore André Brakstad i politiet seier at om lag 300 personar blei evakuerte.

– Fleire av desse har no fått koma heim igjen, men eitt bygg er framleis evakuert. Nokre av leilegheitene tettast på har fått knuste ruter, og det har kome inn røyk. Det må gjerast ei vurdering der før alle får koma heim, seier han.

Møllendalsveien mellom Solheimsviken og Møllendalsbakken er heilt stengt for trafikk.

Brann i eit bygg i Møllendalsveien i Bergen

Brannen var godt synleg i store delar av byen.

Foto: Anders Nøkling / NRK

Hei!

Har du opplevd brannen? Send meg gjerne ei melding.

Publisert 03.04.2024, kl. 06.16 Oppdatert 03.04.2024, kl. 08.27

Read Entire Article