Stort sett alle har fått tilbake straumen

4 hours ago 5



Fredag var rundt 4.000 kundar utan straum på Helgeland på grunn av sterk vind som tok med seg mange høgspentlinjer ned i bakken.

Laurdag var i underkant av 800 kundar framleis utan straum. No har dei aller fleste fått straumen tilbake, seier Frode Dorp, kommunikasjonsansvarleg i straumselskapet Linja.

– Stort sett alle har fått tilbake straumen. Det er vi godt fornøgde med, seier Dorp.

Også idag skal Linea ut med helikopter for å få betre oversikt, spesielt i Vefsen, Grane og Hattfjelldal.

– Vi har mykje arbeid i straumnettet for å reparere linjenettet permanent. Det kan for eksempel vere stoplar som halvvegs er knekt, seier Dorp.

Dei reknar likevel med at det er enkelte husstandar som framleis er utan straum, på grunn av nokre få lågspentfeil.

Read Entire Article