1288 personar er smitta av meslingar i USA så langt i år. Det viser tal frå Det amerikanske folkehelseinstituttet (CDC).
Sjølv om vi berre er halvvegs inne i 2025, er dette det verste smitteåret sidan 2000. Det var året da meslingar blei erklærte for utrydda i USA.
– Det er knusande. Vi har jobba så hardt med å utrydde trusselen frå meslingar, seier Claire Hannan til Washington Post.
Ho leier ein organisasjon i USA for dei som jobbar med vaksinasjon i delstatar og fylke.
To døde barn
162 personar er lagde inn på sjukehus og tre er døde, viser tal frå CDC.
To av dei døde er barn. Det er første gong sidan 2003 at eit barn døyr av meslingar i USA.
CDC anslår at viss tusen barn får meslingar, vil eitt eller to miste livet.
Avdelingsdirektør Siri Helene Hauge ved FHI seier at meslingar er ein heilt ekstremt smittsam sjukdom.
– Viss du introduserer meslingar i ei uvaksinert befolkning, så vil éin smitta person smitte kanskje over 15 nye personar, seier Hauge.
Gaines fylke i Texas er sentrum for årets store meslingutbrot.
Foto: Julio Cortez / AP / NTBReligiøse grupper
Utbrotet er det tredje store i USA sidan år 2000. Utbrotet har sentrum vest i Texas, i Gaines fylke.
Mange av dei smitta tilhøyrer den religiøse rørsla mennonittene.
Også dei to tidlegare utbrota har skjedd innan religiøse grupper med klart lågare vaksinasjonsgrad enn vanleg.
I 2014 var det eit stort utbrot i eit amish-samfunn i Ohio, mens det i 2019 var eit stort utbrot blant ortodokse jødar i Brooklyn i New York.
I Andrews County er det oppretta ein eigen meslingklinikk.
Foto: Annie Rice / AP / NTBFærre vaksinerer seg
Avdelingsdirektør Hauge ved FHI seier at ho ikkje er overraska over dei nye smittetala frå USA.
– Vi ser at tala aukar år for år. Både i USA og andre land som Canada. Dette er eit resultat av at vaksinasjonsdekninga har gått ned, seier ho.
Minst 95 prosent av befolkninga må vere vaksinerte for at ein skal unngå utbrot av meslingar. Hauge seier at i Noreg er over 95 prosent av barn vaksinerte.
I USA er det verre. I Gaines fylke er berre 81 prosent av barna vaksinerte når dei begynner på skolen, skriv The Economist.
Sjølv om talet i Gaines er særleg lågt, viser forsking at det blir færre vaksinerte i det meste av USA. Data som Johns Hopkins-universitetet la fram i april, viser ein nedgang i vaksinerte i nesten 8 av 10 fylke i landet.
Helseminister Robert F. Kennedy Jr. (til høgre) og doktor Ben Edwards utanfor Reinlander Mennonite Church i Seminole, Texas, 6 april etter eit meslingdødsfall.
Foto: APKritikk mot helseministeren
Utbrotet har ført til mykje kritikk av helseminister Robert F. Kennedy Jr.
Han har i mange år vore ein av USAs mest kjente vaksinemotstandarar.
Også etter at han blei minister har han uttalt seg på ein måte som skaper tvil, skriv Politico.
Ved nokre tilfelle har han sagt at vaksine er den beste måten å verne seg på.
Andre gonger har han anbefalt folk å ta vitamin A eller tran for å verne seg. Den amerikanske legeforeininga seier at det ikkje er rett, skriv CNN.
– I utgangspunktet trur vi at meslingvaksinen vernar deg resten av livet. Så er ein fullvaksinert, skal ein vere trygg, seier Siri Helene Hauge ved FHI.
Foto: Terje Bendiksby / NTBSkremmande modellar
– Dette er eit varsel om kva som kjem. Når vi ser at meslingar blussar opp, veit vi at andre sjukdommar vil følge etter.
Det seier Eric Ball, som leier California-avdelinga av Det amerikanske akademiet av barnelegar.
I ein studie publisert i april i år har ei gruppe forskarar sett på kva som kan bli konsekvensane om nedgangen i talet på vaksinert fortset.
Han viser at om dagens vaksinasjonsrate held fram, vil meslingar i løpet av to tiår igjen etablere seg i USA:
Resultatet vil bli 850.000 smittetilfelle og 850 som dør dei neste 25 åra.
Skulle nedgangen i vaksinerte fortsette, vil det kunne bli langt verre. Med ein nedgang på 10 prosentpoeng vil 11.000 barn kunne miste livet i løpet av 25 år.
Trygt for nordmenn
Avdelingsdirektør Siri Helene Hauge ved FHI seier at på grunn av den høge andelen vaksinerte, er vi trygge i Noreg.
– Vi har veldig godt vern mot meslingar. Men om ein er uvaksinert og reiser utanlands, er det sjølvsagt større risiko for å treffe smitta menneske og bli smitta, seier ho.
– Men er ein vaksinert, kan ein gjerne reise til stader med mykje smitte, legg ho til.
Publisert 10.07.2025, kl. 15.52