Mattilsynet etterforskar nå eit større nasjonalt utbrot av salmonella saman med Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet, etter at 23 personar busett i fleire fylke har fått påvist smitte, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
Mattilsynet mistenker at økologiske alfaspirer kan vera smittekjelda, og dei ber derfor alle som kan ha dette heime om å kasta det.
– Har du spirer kjøpt i butikken i løpet av dei siste tre vekene ber me deg kasta desse. Rådet gjeld også blandingsprodukt der alfaspirer er ein ingrediens, til dømes sandwichar, baguettar, salatar, wraps og liknande, seier fagdirektør i Mattilsynet Karina Kaupang.
I det pågåande smitteutbrotet er det mange som har ete alfaspirer, opplyser Kaupang.
Dei vanlegaste symptoma på sjukdommen er diaré, magesmerter, kvalme og eventuelt også feber. Fleire produkt blir nå trekte frå marknaden, skriv Mattilsynet i pressemeldinga.