Storebrand Asset Management-sjef Jan Erik Saugestad gjekk i haust ut i E24 og trua med å flagge ut dei norskregistrerte fonda, og peika ulike konkurransevilkår som følgje av norske særreglar.
No gjer Saugestad alvor av trugslane, og seier utflagginga må til for å «oppretthalde framgangen og svare opp kundebehov».
Trur finansarbeidsplassar går til Sverige
I Sverige blir fond skattlagt meir fordelaktig, og kundar vil sitte igjen med meir pengar når dei ein dag vil realisere pengane dei har skote inn, ifølgje Saugestad.
– Vi har vore under sterkt press frå kundane våre om å levere dei same løysingane som ein del av våre konkurrentar kan. Då må vi etablere oss i Sverige, seier Saugestad til NRK.
Ifølgje Storebrand vil ikkje flyttinga ha nokon konsekvens verken for kundane eller for dei tilsette. Fonda vil framleis vere tilgjengelege i norske kroner.
– Kompetansen rundt forvaltning og det regulatoriske vil byggjast der vi faktisk har plassert fonda. Det vil føre til at arbeidsplassar som kunne ha kome til Noreg, heller går til Sverige, innan finans, seier Saugestad.
Storebrand Asset Management er den fjerde største kapitalforvaltaren i Norden, og forvaltar kring 13.000 milliardar kroner.
Statlege Folketrygdfondet er den største eigaren i Storebrand.
– Utruleg uheldig
Næringspolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, reagerer sterkt på nyheita.
– Eg meiner det er trist og veldig uheldig for finansnæringa i Noreg. Den er veldig viktig, seier Astrup.
Næringspolitisk talsperson Nikolai Astrup.
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRKHan meiner Noreg må endre villkåra om landet skal ha ei levande finansnæring.
– Med Oljefondet som motor burde forvaltning vere noko vi kunne vere gode på i Noreg. Likevel ser vi at fleire og fleire flaggar ut. Det er utruleg uheldig, seier Astrup.
Første nestleiar i Framstegspartiet, Hans Andreas Limi, fryktar at Noreg no vil tape kompetanse.
– Når vi no ser på korleis nordmenn sparer i fond i dag, så er det ein stor bruk av globale indeksfond. Då er det avgjerande at vi har dei same reglane, også på skattesida, seier Limi.
Fleire har flagga ut
Storebrand Asset Management følgjer i fotspora til kapitalforvaltningsselskapet Alfred Berg, som i haust flytta sine norske rentefond til Sverige. Det er også fleire andre kapitalforvaltarar som vurderer å følgje etter.
I haust har Verdipapirfondenes foreining og fleire av selskapa vore i dialog med Finansdepartementet om det dei meiner er utfordringane med å drive verksemdene frå Noreg.
Det dreier seg om treig implementering av EU-reglar og ulik handheving og tolking av dei.
– Vi føler vi har hatt dialog med styresmaktene, vi meiner vi har vore tolmodige og sendt tydelege signal, utan at vi opplever at det har vore stor merksemd rundt dette, seier Saugestad.
– Veldig synd
NRK har bede om eit intervju med finansminister Trygve Slagsvold Vedum, men verken han eller statssekretærane har høve til å stille.
Statssekretær Geir Indrefjord (Sp) skriv i ein kommentar:
– Eg synst det er veldig synd at Storebrand no vel å registrere fonda sine i Sverige.
Statssekretær Geir Indrefjord.
Foto: Magnus BuerHan seier at regjeringa arbeider med å sikre rettferdige konkurransevilkår for fondsbransjen i Noreg:
- I november endra dei reglane for kva som er tillate med valutasikring av andelsklasser, og letta reglane for spesialfond
- Finanstilsynet vurderer no forbodet mot inntektsdeling og ser på om fondsbransjen skal få tilgang til fleire opplysingar i Folkeregisteret
- Til våren kjem regjeringa med forslag om ei ny skatteløysing for rentefond
– Vi ønskjer ein sterk privat fondsforvaltingsbransje i Noreg også i framtida, skriv Indrefjord.
Publisert 16.01.2025, kl. 09.52 Oppdatert 16.01.2025, kl. 10.48