Leiinga i Arbeidarpartiet beklagar fleire utsegner dei kom med i valkampen, som var i strid med planlagde kutt i forslaget til statsbudsjett.
3. september lova statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) mellom anna at regjeringa skulle halda fram med tilbodet om gratis ferje viss dei vann valet, slik Øyposten skreiv.
Men då dei la fram sitt forslag til statsbudsjett 15. oktober, var det utan gratis ferje.
No beklagar Støre.
– Svaret mitt i Øyposten vart feil, og det ber eg om unnskyldning for. Eg burde heller sagt at det viktigaste for Arbeidarpartiet er rimelege ferjeprisar, og ikkje sagt gratis ferje ettersom vi foreslår å endra den ordninga i statsbudsjettet som me la fram denne veka, skriv han til VG.
Beklagar utsegn i reklamefilm
Òg helseminister Jan Christian Vestre (Ap) har beklaga utsegner frå ein valkampfilm, som han har fått mykje kritikk for.
– Punktet om gratis ferje burde ikkje vore med i filmen. Eg burde ikkje trekt fram denne saka når me foreslår det same i statsbudsjettet for neste år som me la fram denne veka. Eg burde også droppa punktet om gjeldslette, skriv han i ei melding til NRK.
Arbeidarpartiet hadde si siste budsjettkonferanse om lag ei veke før videoen vart laga. Der legg dei siste hand på budsjettet dei føreslår for Stortinget.
Med andre ord: Viss Ap hadde bestemd seg for å skrota gratis ferje, ville det vore naturleg om Vestre var kjend med dette då han laga videoen.
Sjå videoen som Vestre har fått kritikk for:
– Det er mitt ansvar og det er eg lei meg for, skriv han vidare.
VG omtalte unnskyldninga hans fyrst.
Torsdag uttrykte Vestre at han burde ha formulert seg annleis i reklamefilmen, men han ville ikkje beklaga for innhaldet.
– Eg kan ikkje beklaga at eg får fram det som er konsekvensane av Høgre og Frp sin politikk, sa han til NRK torsdag.
Senterpartiet reagerte kraftig
I forslaget til statsbudsjett, som regjeringa la fram onsdag denne veka, føreslår dei å fjerna gratis ferjer.
Det var eitt av fleire punkt i forslaget som Senterpartiet reagerte kraftig på.
– Dei tar det inn i statskassa, og så sender dei ei rekning på ein kvart milliard til dei som tar ferjer, til bedriftene, altså dei som er avhengige av det, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK onsdag.
Publisert 17.10.2025, kl. 15.35 Oppdatert 17.10.2025, kl. 15.58