Zelenskyj møter Trump: Kva står på spel?

3 hours ago 1



Torsdag snakka USA sin president Donald Trump med Russland sin president Vladimir Putin.

Dei avtalte eit kommande møte i Budapest for å snakke om krigen.

I dag møter han Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj i Det kvite hus.

Denne saka tar opp spørsmåla:

Følg utviklinga i Ukraina her:

Kva kan komme ut av møtet mellom Zelenskyj og Trump?

Fredag ettermiddag skal Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj og USA sin president Donald Trump ha eit møte i Det kvite hus.

Samtalane mellom presidentane vil truleg omhandle kjøp av Tomahawk-missil, dronesamarbeid, energisamarbeid og luftforsvar.

– Det Ukraina håper kjem ut av møtet er å få kjøpe amerikanske langtrekkande våpen, seier forsvarsekspert Marianne Riddervold til NRK.

en rakett som skytes opp i luften

Bilete viser ei avfyring av Tomahawk-missil frå eit amerikansk fartøy. Biletet er eit arkivbilete frå 23. mars 2003.

Foto: Ho New / Reuters / NTB

Riddervold forklarar at spørsmålet om Ukraina får kjøpe Tomahawk-missil avheng av Putin si vilje til å forhandle.

– Når amerikanarane legg litt meir press på Putin og Russland, frå eit europeisk perspektiv, gjer Putin det han plar å gjere: å trekke bort merksemda.

Riddervold peikar på Putin sin telefonsamtale med Trump som ein mogleg distraksjon.

– Om Ukraina får våpen eller ikkje er usikkert, legg ho til.

Utanriksredaksjonen har laga ein podkast-episode som tar for seg tryggingsgarantiar i Ukraina:

Kor viktig er Tomahawk-rakettane?

Amerikanske Tomahawk-missil står øvst på ønskelista til Ukraina under møtet mellom Zelenskyj og Trump. Men presidenten i USA nøler.

Dersom Trump lar europearane kjøpe våpena til Ukraina vil det vere symbolsk viktig. Trump har heile tida valt å ta ei rolle som ein nøytral meklar heller enn ein som støtter Ukraina, seier Riddervold.

Det å gi og tillate denne type våpen vil vere eit skritt i den retninga. Derfor er det viktig frå eit ukrainsk og europeisk perspektiv, legg ho til.

en mann med hånden på haken foran et flagg

Volodymyr Zelenskyj ønsker å kunne kjøpe tomahawk-missil frå USA.

Foto: Javad Parsa / NTB

Zelenskyj sin plan er å presse Putin til forhandlingsbordet.

Før møtet i Det kvite hus har han møtt dei amerikanske produsentane av Tomahawk-missil.

Missila har ei rekkevidde på 1600 kilometer og kan nå mål langt inne i Russland.

Russland seier det vil øydelegge utsiktene for ei fredeleg løysing.

To kvinner trøystar kvarandre utanfor eit øydelagt hus.

To kvinner trøystar kvarandre utanfor eit øydelagt hus. Det etter eit stort angrep mot Kyiv natt til 28. august.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

Trump, proppa full av sjølvtillit etter å ha fått til ei våpenkvile i Gaza, ser ut til å ville prøve å få til ei diplomatisk løysing, heller enn å sende langtrekkande våpen til Ukraina.

Trump har allereie annonsert at han vil møte Russland sin president Vladimir Putin i Budapest.

Datoen er ikkje klar, men møtet vil truleg skje innan to veker.

Ved å bli med på eit toppmøte med Trump, har Putin kanskje unngått sal av Tomahawk-missil til Ukraina og med det kjøpt seg meir tid.

Vladimir Putin i dress og slips

Vladimir Putin meiner at sal av Tomahawk-missil til Ukraina vil kunne øydelegge for forhandlingar om ein våpenkvile.

Foto: Vladimir Smirnov / AP / NTB

Korleis jobbar Putin i kulissane – og korleis påverkar det Trump?

Møtet mellom Zelenskyj og Trump skal blant anna handle om sal av Tomahawk-missil til Ukraina, men det ser ut til at Russland har klart å kuppe dagsordenen.

Kvar gong det verkar som Trump skal gi Ukraina noko, kjem Putin og sjarmerer og manipulerer. Trump ser ut til å gå på dette.

Det seier rådgjevar Eirik Løkke i tanketanken Civita til NRK.

Løkke peikar på at den to og ein halv time lange telefonsamtalen mellom Trump og Putin torsdag kveld, kan vere ein del av Putin sitt arbeid med å påverke den amerikanske presidenten.

et par menn som snakker

Putin og Trump snakkar saman i forkant av eit møte i Alaska. Biletet er frå 15. august.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

Putin gjer noko for å trekke bort merksemda. Det er vel det som skjedde med denne telefonsamtalen i går, seier Riddervold.

Ifølgje Kreml sin talsperson Dmitrij Peskov var det Russland som tok initiativ til telefonsamtalen, melder Reuters.

Eit anna aspekt er Russland sin økonomi.

Trump prøver framleis å lokke Putin til forhandlingsbordet med å tilby handelsavtalar, forklarar Riddervold.

I telefonsamtalen skal Trump ha sagt at ei avslutning på konflikten vil kunne opne for «fantastiske moglegheiter» for økonomisk samarbeid, melder Reuters.

Russland er interessert i å få bruke dollar som betalingsmiddel og gjenopning av vestlege finansinstitusjonar for russiske pengar.

Et nærbilde av en mynt

Ein russisk rubel framfor Vasilijkatedralen på Den raude plass ved Kreml i Moskva.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP / NTB

Russland har vore prega av låg økonomisk vekst og inflasjon, men krigen har vist at økonomien er seigare enn det mange trudde.

Putin veit av Trump vil gjere avtalar. Ei av årsakene er å avgrense Kina si innverknad over Russland.

Problemet er at Trump er lite villig til å presse Russland, og sørge for at prisen for krigen for Putin blir så høg at han ser seg tent med å avslutte – snarare tvert i mot, seier Løkke.

Kor lenge kan Russland halde fram med å angripe Ukraina?

Det har gått meir enn tre og eit halvt år sidan fullskala-invasjonen av Ukraina.

Drone- og rakettangrepa frå Russland har den siste tida eskalert.

Russland seier dei har tatt 5000 kvadratkilometer land berre i 2025, og har no tatt 20 prosent av Ukraina.

en gruppe mennesker i hjelmer

Redningsmannskap i Kyiv i Ukraina etter eit massivt russisk angrep natt til 28. august.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

Ingen veit kor lenge Russland kan halde fram med å angripe Ukraina.

Riddervold peikar på at å forlenge krigen kan del av ein russisk plan.

Det er kanskje ein russisk strategi at ein lar det trekke ut lenger og lenger. Og eit håp om at europearane skal bli mindre villige til å støtte Ukraina.

– Trump kjem av og til tilbake til dette med at «om dei ikkje vil ha hjelpa mi får dei ordne opp i det sjølv», seier Riddervold.

Trump i sideprofil

– Vi vil ha fred, sa Trump på ein pressekonferanse torsdag.

Foto: YOAN VALAT / AFP / NTB

Samtidig er Riddervold opptatt av å løfte tiltak som fungerer.

Sanksjonane går ut over den russiske økonomien i stor grad og vi har sett nokon protestar som er uvanleg i Russland dei siste dagane.

en person som holder en katt

To lokale ungdomar saman med kjæledyret sitt etter eit russisk luftangrep øydela eit bustadområde i Zaporizjzja i Ukraina 30. august.

Foto: Kateryna Klochko / AP / NTB

Per no er forhandlingane om ein våpenkvile i Ukraina sett på pause.

Trump håper å starte opp igjen forhandlingane i samanheng med møtet med Putin.

– Vi vil ha fred. Men vi har eit problem, dei kjem ikkje så godt overeins.

Det sa Trump om Putin og Zelenskyj på ein pressekonferanse torsdag kveld etter telefonsamtalen med den russiske presidenten.

– Utfordringa med USA heile tida er uføreseielegheita med Trump. Han seier noko eine dagen, så plutseleg snur alt, seier Riddervold.

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:

Publisert 17.10.2025, kl. 17.09

Read Entire Article