Store delar av Spania og Portugal utan straum

4 hours ago 6



Meldingane om straumbrotet starta å kome litt etter klokka 12 lokal tid.

Selskapet Red Electrica, som er operatør for det spanske straumnettet, seier at dei jobbar med å få straumen tilbake.

Også delar av Frankrike skal vere råka, melder El Mundo.

Bilde av et veikryss hvor det er masse mennesker og biler

Straumbrotet skapar kaos i fleire vegkryss.

Foto: x / 35pulsaciones

Store konsekvensar

Det spanske jernbaneselskapet Renfe seier at det er full togstans i heile Spania, ifølgje Reuters.

Ifølgje nyheitsbyrået blir delar av jernbanestasjonane i Madrid evakuerte.

Kanariøyene ikkje skal vere råka av straumbrotet.

Undersøker om det er angrep

Det nasjonale instituttet for cybersikkerheit (INCIBE) undersøker om straumbrotet kan vere eit cyberangrep. Førebels har dei ikkje ei konklusjon.

Den spanske regjeringa har fleire tekniske team frå fleire departement på saka.

Publisert 28.04.2025, kl. 13.11 Oppdatert 28.04.2025, kl. 13.29

Read Entire Article