Stor mangel på snikkarar – Anna (23) jobbar for å få fleire inn i bransjen

2 weeks ago 12



Inne på Rovde Møbel & Design i Vanylven lagar Anna Regine Vada Blom innreiing til skip, bedrifter og bustader.

23-åringen ønsker at fleire skal få auga opp for snikkaryrket.

– Eg tenkte ikkje over at det var eit tilbod, for å vere heilt ærleg. Ein skulle ta studiespesialisering, det var det alle gjorde. Det var ikkje så mykje fokus på yrkesfag som eg skulle ønske det var.

Anna Regine Vada Blom jobber hos Rovde Møbel og design.

Anna Regine Vada Blom liker best å jobbe med skipsinnreiing.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vi har knapt tilgang til ei snikkarutdanning

Snikkar er på topp ti-lista over yrke med størst mangel på arbeidskraft, ifølge Nav. Og Noreg kan komme til å mangle nesten 90.000 fagarbeidarar i 2035, viser tal frå SSB.

Sjølv om stadig fleire unge vel yrkesfag, står trevarebransjen overfor ei fagarbeidarkrise, meiner foreininga Norske Trevarer.

– Behovet for nyutdanna snikkarar er akutt, og det har det vore lenge, seier dagleg leiar, Hilde Widerøe Wibe.

Daglig leder i Norske Trevarer, Hilde Widerøe Wibe.

– Vi står overfor ei stor utfordring, seier dagleg leiar i Norske trevarer, Hilde Widerøe Wibe. Dei representerer rundt 300 bedrifter.

Foto: PRIVAT

Ho seier bedriftene har høg gjennomsnittsalder hos sine tilsette, og at det er ei stor utfordring å få snikkarar med kompetanse.

– Bedriftene våre er spreidde rundt om i heile landet, men vi har knapt tilgang til ei snikkarutdanning. Det er heller unntaket enn regelen.

Snikkarfaget byggjer på vg1 bygg- og anleggsteknikk og vg2 treteknikk, før ein går ut i lære. I fjor var det berre seks skular i heile landet som hadde ei treteknikk-linje med elevar.

I Møre og Romsdal har dei prøvd å starte opp denne linja ved Romsdal vidaregåande skule, i Ørsta og i Tingvoll, men dei har ikkje fått nok søkarar.

Vi har dessverre ikkje nok elevar til å dekke opp det store kompetansebehovet i arbeidslivet, og den utfordringa blir nok berre større framover, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.

Karianne D. Flovikholm, kompetansesjef ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kariann D. Flovikholm.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Utviklinga er alarmerande

Ifølge norske trevarer kan ein ikkje berre sjå på tilbodet i den vidaregåande skulen. Allereie i grunnskulen må det bli meir praktiske fag.

Fredag førre veke kom regjeringa med ungdomsmeldinga, som skal gi ein meir praktisk skulekvardag.

Hilde Widerøe Wibe i Norske Trevarer er ikkje imponert. Ho meiner pengesummen frå regjeringa ikkje er tilstrekkeleg, og at rolla til sløyden i skulen er oversett.

– Vi er i ferd med å få ein generasjon med praktiske analfabetar. Vi ser at sjølv lærlingane som kjem inn no har mindre praktisk erfaring med seg enn det ein har hatt tidlegare. Utviklingstrekka er alarmerande.

Snekker Anna Regina Vada Blom setter i gang freseren.

Anna set i gang fresaren. – Det er ein veldig variert arbeidskvardag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vil rekruttere fleire

Det var ikkje gitt at sunnmøringen frå Rovde skulle bli snikkar, då ho var ein av dei som valde studiespesialisering på vidaregåande.

Men eit dagsbesøk hos fabrikken gav henne stor meistringskjensle og lyst på meir.

– Det er ein veldig variert arbeidskvardag. Alt frå teikning av det som skal i produksjon, fresing, montering, pakking og å sende ut til kundane.

Sidan den gongen har Anna Regine Vada Blom blitt årets lærling i trevarebransjen, og produksjonsleiar i bedrifta.

Anna Regine Vada Blom på karrieredager i Ørsta

Anna Regine Vada Blom prøver å rekruttere på karrieredagar i Ørsta.

Foto: Opplæringskontor for byggfag

No vil 23-åringen gjere det lettare for andre å velje utdanning innan snikkarfaget. Sidan ho sjølv ikkje gjekk yrkesfag, og måtte ha noko lengre tid som lærling.

– Eg synest det er viktig fordi eg kom jo inn på feil måte, om ein kan seie det sånn. Nå som eg veit kor kjekt yrket er, så vil eg hjelpe folk til å finne ut av det litt tidlegare enn det eg gjorde.

I dag er ho også éin av åtte snikkarambassadørar i Noreg. Dei legg ut kvardagen sin på sosiale medium for å prøve å nå ut til ungdom. I tillegg er dei med på karrieredagar og skulebesøk.

– Det verkar som mange får auga opp for snikkarfaget og lærer ting dei ikkje visste.

Ordfører i Vanylven Paul Sindre Vedeld

Ordførar i Vanylven Paul Sindre Vedeld (Sp).

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Meiner skulen er for teoritung

Paul Sindre Vedeld var dagleg leiar i bedrifta fram til han blei Senterparti-ordførar i kommunen i fjor. Han heiar på arbeidet til snikkarambassadøren.

– Vi må vise elevane at snikkaryrket ikkje berre er å jobbe med ein hammar. Det er høgkompetente yrke og stor bruk av datateknologi.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, Ap.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Foto: Mats Rønning

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner det er ingen tvil om at skolen har vore for stillesittande og teoritung dei siste åra.

Fredag la eg fram ei stortingsmelding for meir praktisk læring i skulen. Det betyr meir praktisk undervisning i alle fag. Meir utstyr, betre lokale og betre rammar til lærarane så dei kan legge opp skulekvardagen slik dei meiner er best for elevane sine.

Publisert 17.09.2024, kl. 08.51

Read Entire Article