Stiller spørsmål om Trumps kutt forverra katastrofen i Texas

1 day ago 4



110 personar er nå bekrefta døde, fem dagar etter styrtflaumen i Texas. Det melder Reuters.

Samtidig leitar ein framleis etter sakna i dei enorme mengdene med bygningsrestar, tre og anna som vatnet tok med seg.

Framleis leitar ein etter over 160 personar som det ikkje er gjort greie for.

en person som står ved siden av et falt tre

Ein frivillig leitar etter sakna langs Guadalupe River i Texas.

Foto: Reuters

Kutta i vêrvarslinga

Nokre dagar etter styrtflaumen blir det stilt spørsmål om kvifor tragedien blei så stor.

NOAA, som driv den nasjonale vêrvarslinga i USA, har sagt opp eller kvitta seg med fleire hundre tilsette etter at Donald Trump tiltredde som president i januar.

Analysar viser at vêrtenesta NWS sende ut ei rekke varsel om styrtflaumen. Ifølge CBS var det 22 åtvaringar berre i Kerr fylke, som blei hardast ramma.

en mann i dress og slips

Tidlegare NOAA-sjef Rick Spinrad seier at han er overtydd om at nedskjeringar i den statlege vêrvarslinga bidrog til at det var vanskeleg å få ut varslarane om ekstremvêret i tide.

Foto: AFP

Mangla viktig personell

Eit viktig tema er kvifor det ikkje blei sett i gang med evakueringar trass i desse varsla.

Rick Spinrad, som var leiar for NOAA fram til 20. januar i år, seier til CNN at kutta bidrog til katastrofen.

Han peikar spesielt på at det lokale kontoret til vêrvarslinga mangla ein meteorolog for å koordinere åtvaringar.

Dette er ei stilling der ein person har ansvar for at lokale myndigheiter, som kan evakuere, faktisk blir varsla om det som er i ferd med å skje.

Paul Yura – som hadde jobben i det ramma området – slutta etter å ha fått tilbod om sluttpakke tidlegare i år. Det var ein del av kutta og han har ikkje blitt erstatta.

– Eg har snakka med ei rekke venner i NWS og kollegaer i kommersielle vêrtenester. Det alle spør om er «kor var koordinatoren?», seier Spinrad.

en person som står ved siden av et bord fullt av gjenstander

Ein frivillig sorterer donasjonar til som har litt ramma av styrtflaumen i Kerrville i Texas.

Foto: Reuters

Vil ha gransking

Måndag tok Demokratanes mindretalsleiar i Senatet, Chuck Schumer, til orde for ei gransking.

Han ønsker å vite om Trump-administrasjonens kutt i vêrvarslinga påverka evna deira til å varsle godt nok.

Schumer vil vite om mangel på folk på det lokale NWS-kontoret førte til det han kallar «forseinkingar, hol eller lågare presisjon» i varsla.

President Donald Trump blei søndag spurd om kutta hadde ført til at det mangla folk i viktige stillingar i NWS.

– Det gjorde dei ikkje, var Trumps svar.

– Falske skuldingar om NWS har blitt tilbakeviste av meteorologar, ekspertar og andre, seier talsperson ved Det kvite hus, Abigail Jackson til Newsweek.

Minst tre personer er savnet etter en styrtflom i den amerikanske delstaten New Mexico tirsdag.

Fleire fløymer dei siste dagane

Etter tragedien i Texas har andre stader i USA blitt ramma av styrtflaum og flaum.

Det tropiske lågtrykket «Chantal» førte med seg opptil 25 centimeter regn på få timar i Nord-Carolina natt til måndag.

Resultatet blei ein stor flaum, skriv New York Times. Ei kvinne døydde etter at ho køyrde ut i eit område som stod under vatn.

I i den amerikanske delstaten New Mexico er minst tre personar sakna etter at monsunregn utløyste ein kraftig flaum tysdag.

Ekstreme nedbørsmengder førte til at ei lokal elv steig med 6,2 meter på kort tid.

To barn – på fire og sju år – var blant dei som blei tatt av vassmassane og seinare funne døde, skriv Reuters.

Meiner klimaendringar gir kraftigare flaumar

Texas er den delstaten i USA som er mest utsett for katastrofar etter ekstremvêr. Særleg har Hill Country-området – der Kerr fylke ligg – i alle tider vore kjent for styrtflaumane sine.

Likevel seier forskarar at klimaendringar gjer at ekstremregn blir enda kraftigare.

– Eit av dei klaraste avtrykka på klimakrisa er ein auke i talet på tilfelle av ekstremregn, som den som var ansvarleg for tragedien i Texas.

Det seier klimaforskar Jennifer Francis ved Woodwell Climate Research Center til Bloomberg.

Ho seier at Texas er spesielt utsett fordi delstaten ligg rett ved Mexico-golfen. Det gir mykje tropisk fukt, som igjen gir energi til stormar.

Professor Andrew Dessler ved Texas A & M University seier til ABC News at eit av dei eldste varsla i klimaforsking er at ekstremregn vil blir enda meir ekstremt.

– Den viktigaste grunnen er at varmare luta kan ta opp meir vatn. Når all denne varme og fuktige lufta kjem inn i stormar, blir alt vatnet pressa ut, seier Dessler.

Og samanhengen deretter er klar.

– Meir ekstremregn fører til større flaumar, seier Jennifer Marlon ved Yale-universitetet.

Tal frå NOAA viser resultatet av det kraftigare regnet. Trenden dei siste 25 åra har vist ein auke når det gjeld kor mange som døyr i styrtflaumar.

Temperatur i verden siden 1880 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020

Avvik fra normal Snittemperatur

Gå til NRKs Klimastatus

Publisert 10.07.2025, kl. 18.12

Read Entire Article