Presidentvalget 2024
FLORIDA/BERGEN (TV 2): John tørkar gledestårer, mens Ruth har lyst å kaste opp. Reaksjonane etter sigeren til Donald Trump er mange og delte i eit splitta USA.
Publisert 06.11.2024 18:17 Sist oppdatert 2 minutter siden
Ruth Morganto var håpefull då ho stemte under gårsdagens presidentval. Ho bur i Pennsylvania, vippestaten alles auge var retta mot under valet.
Morganto tok på seg ei nyinnskaffa t-skjorte der det stod «kjærleik, empati, medkjensle, inkludering, rettferd og venlegheit».
– Eg har håp om at Kamala Harris kan klare det, skreiv Morganto fornøgd i ein e-post til TV 2 etter at ho hadde stemt.
Men ho var langt frå sikker.
– Eg skulle ønske eg var meir optimistisk. Men for å vere ærleg, så er eg livredd.
Frå republikanar til demokrat
Morganto var opphavleg republikanar. I 2016 stemte ho på demokratanes kandidat for først gong fordi ho ønskte ei kvinne som president. Men som dåverande republikanar, blei ho ikkje veldig skuffa då Trump vann over Hillary Clinton.
– Eg tenkte at det ville gå bra. Han var ein forretningsmann, og eg håpte det skulle vere positivt for USA. Eg tok feil, konstaterte Morganto då TV 2 møtte ho første gong for fire år sidan.
Det tok ikkje lang tid med Trump i Det kvite hus før Morganto formelt meldte overgang til Det demokratiske partiet.
Ho stemte på Joe Biden i 2020, og altså Harris i år.
Fekk hjartet knust
Då det blei klart at Harris kom til å tape valet, tikka det inn ei ny melding frå Morganto, midt på natta hennar tid.
– Eg har lyst å kaste opp. Hjartet mitt er knust. Eg har ikkje ord, skreiv Morganto.
Hennar eigen heimstat Pennsylvania stemte også klart for Trump.
– Eg kan ikkje begripe det. Eg er sjokkert over at så mange støttar politikken hans, seier Morganto.
– Eg føler at eg lever i ei boble. Inne i bobla ønskjer vi eit samfunn som er sjenerøst og venleg. Men det var openbert ikkje det landet ønskte.
Ho legg til at ho sjølvsagt aksepterer valresultatet.
– Slik fungerer demokratiet. Eg er i mindretal, og det må eg berre akseptere, seier Morganto.
Gret av glede
På valvaken til Donald Trump i Florida, stod derimot jubelen i taket.
– Eg gret som eit barn, seier John til TV 2s team på staden.
– Eg er stolt over å vere amerikanar igjen, smiler han med blanke auge.
John meiner Trump fortener sigeren, og viser til alt 78-åringen har vore gjennom.
– Dei framstilte han som ein kriminell. Så blei han nesten drepen i eit attentat. Likevel er han her, seier John imponert.
Vil at Trump skal rydde opp
Han er sikker på at Trump er USAs redningsmann.
– Vi må sette amerikanarane først. Han kjem til å rydde opp i landet.
– Korleis rydde opp?
– Biden kalla oss søppel. Trump må bli kvitt søppelet.
– Kva er søppelet?
– Dei som har invadert landet vårt. Det er søppelet, svarer John.
Trumps siger gjer at John føler seg oppriktig letta i dag.
– Eg håper alt vil gå betre med landet vårt framover, avsluttar John frå Florida.
– Får som vi fortener
Ruth Morganto i Pennsylvania ser derimot mørkt på framtida.
– Vi kjem til å få som vi fortener no, seier ho.
– Eg anar ikkje korleis eg skal halde ut fire nye år med å høyre på Trump, og ikkje minst måtte leve med den konservative politikken hans.
Ho ser også mørkt på den djupe splittelsen i samfunnet.
– Det smertar meg å sjå kor delt landet er. Det er som om vi snakkar to ulike språk, har to ulike historiebøker, og to sett med etiske normer.
– Finst der noko lyspunkt?
– Eg må komme tilbake til det, svarer Morganto, før ho avsluttar på spøkefullt vis:
– Når eg dukkar opp på døra di som flyktning i Norge, så håper eg at du vil hjelpe meg.