Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga

1 week ago 19



Fredag gjekk det eit steinras mellom Kløvstien og botnen av Trollstigen.

– Det var nokon som hadde vore på fottur i område som melde frå om raset, seier Roar Vikhagen. Han er byggleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune og har ansvaret for vegstrekninga.

Det var TV 2 som først skreiv om raset.

Steinras i Trollstigen 27.04.24

Fleire steinar har rasa ned på Trollstigen.

Foto: Dag Christian Ugseth / Møre og Romsdal fylkeskommune

Skal undersøke raset over helga

Trollstigen er fjellovergangen på fylkesveg 63 mellom kommunane Rauma og Fjord.

Dette er ein av dei mest populære turistvegane i landet. I 2019 var det over 1,1 million besøkande der.

Vikhagen fortel at dei reiser til staden på måndag, saman med geologar, for å undersøke område.

Roar Vikhagen, byggeleder i Møre og Romsdal fylkeskommune på befaring på Trollstigen.

Roar Vikhagen, byggleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det brukar å gå snøskred i dette område på vinteren, men det er veldig sjeldan at det går så store steinras der. Eg har vore der oppe i 15 år og aldri sett noko av denne storleiken, seier han.

Han seier vidare at raset har ført til skader på vegskuldra, men at det ikkje skal vere noko som vil ta lang tid å ordne opp i.

– Det er ikkje den store jobben. Usikkerheitsmomentet er kvar raset har losna frå og om det ligg meir oppi der som kan kome ned, seier Vikhagen.

Vegstrekninga har ikkje opna for sesongen enno og er stengt av med bom. Også tidlegare har det gått fleire ras ulike stadar på Trollstigen.

– Bilvegen er stengt og det er det ein grunn til. Vi kan ikkje nekte folk å bruke naturen til fots, men det er lurt å vere forsiktig, seier Vikhagen.

Vil ikkje forseinke opninga

Vikhagen seier at raset som gjekk fredag truleg ikkje vil forseinke opninga av vegen.

– Det er ein del is i Trollstigen som må smelte av sommarvarme. Så dette skal vi få fiksa før den tid, det er eg rimeleg sikker på.

Brøytinga av vegen starta i midten av april og er ferdig no. Men når Trollstigen kan opne er framleis usikkert.

– Det er heilt umogleg å seie. No var det nysnø førre veke og så er det tjukk is som må vekk. Vi er avhengige av god varme i ganske lang tid framover. Det realistiske er i slutten av mai, seier Vikhagen.

Publisert 27.04.2024, kl. 12.55

Read Entire Article