– Viss du taper med éin millimeter, så er det litt ergerleg.
Det seier Anita Yvonne Stenberg til NRK mens ho testar ut den eine hemmelegheita etter den andre i den nye velodromen i Asker.
Så hemmeleg er det at teamet rundt Noregs beste banesyklist ikkje ønsker å dele all informasjon med NRK. Eller til konkurrentane.
For ingenting er gjort på slump før årets høgdepunkt står for tur for Stenberg.
– På ein god dag så er vi jo alle saman like gode. Og da avheng det jo av den som har det beste utstyret, seier Stenberg.
- NRK tel ned, sjå heile OL-programmet her.
Ingen av konkurrentane har noko liknande
Derfor er teamet rundt Stenberg i gang med eit omfattande testarbeid. Ein av dei viktigaste detaljane er ei gullkjede med matchande tannhjul som ingen av konkurrentane hennar skal ha tilgang på.
Hemmelegheita er importert frå Malaysia og er eit resultat av eit tett samarbeid med laget som har nokre av dei beste herre-sprintarane i banesykkel-sirkuset.
– Det handlar om å optimalisere. Eg veit jo at konkurrentane mine bruker utruleg mykje tid og ressursar på dette. Viss ein ikkje er med i den kampen, så gir ein jo frå seg ei gyllen moglegheit, seier Stenberg, som blant anna kan vise til EM-gull i poengritt og scratch.
Dei små detaljane kan vere forskjellen mellom gull og sølv. Innan banesyklingsverda er det snakk om millimeter-marginar.
Det Stenberg og laget nå jaktar på er minst moglege friksjonen mellom kjeda og tannhjulet.
Der vanlege kjeder og tannhjul har litt friksjon, har denne kjeda tilnærma null friksjon. Når mekanikaren drar i kjeda på tannhjulet sit det nesten som limt fast.
- Sjå forskjellen med eigne auge:
Ekspert-hyllest
NRKs sykkelekspert, Sondre Sørtveit, rosar satsinga til OL-håpet på nytt utstyr.
– Det å stå på startstreken, å vere sjølvsikker på at du har tipp topp utstyr og nokre komponentar som ingen konkurrentar har, kan gjere at du får ekstra trua, seier Sørtveit.
Jakta på marginar som dette er langt frå uvanleg i toppidrettsverda:
Da det norske skøytelandslaget endra farge frå raud til blå, sidan det blei påstått at den blå fargen skulle sørge for raskare drakter, måpte ei heil skøyteverd over detaljfokuset.
I år har også fleire tempohjelmar vekt oppsikt. Først skapte det overskrifter da sykkellaget Visma-Lease a Bike dukka opp med desse tempohjelmane i mars:
Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) enda opp på at denne nyvinninga skulle få leve vidare.
Den nye hjelmsokken til Soudal-Quick-Step blei derimot forboden.
– Det mentale spelet er mykje større
Om den nye gullkjeda til Stenberg skal gi henne ein enorm fordel, tviler NRK-eksperten på. Men han er derimot ikkje i tvil om at placeboeffekten vil gi henne ein fordel på startstreken.
– Ein kan gå inn i konkurransen med ekstra sjølvtillit når ein har eit ess som dette i erma, seier Sørtveit.
Det er derimot ikkje berre ei ny kjede som er på plass før OL for banehåpet. Nye tettsittande og aerodynamiske sokkar blir testa opp mot kvarandre for å sjå kva som er raskast. Nye sykkelhjul skal også veljast.
Kvar detalj skal vere maksimert før ho set dekka på velodromen i Paris.
– Det mentale spelet er mykje større enn det ein skulle tru. Det handlar ikkje berre om fysikk og kva du fysisk kan gjere, men det handlar jo også om kva du trur på. Viss du verkeleg trur på at det du har, er mykje betre, så vil du mest sannsynleg slå henne uansett, seier Stenberg.
Publisert 09.05.2024, kl. 08.15