Stavangers folk har ikkje anna å elske enn olja og det Oslo som let dei forvalte henne

5 hours ago 1



Det moderne Stavanger kan samanliknast med romanfiguren Abraham Løvdahl; hyklersk konfirmant, servil bladfyk, framgangsrik nok, men heilt utan substans.

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: På framsida av Stavanger Aftenblad dagen før Viking-Brann stod det eit oppslag: «Stakkars Bergen. Stakkars Brann.». Det hang saman med ein tekst som eigentleg ikkje hadde noko særleg anna å by på enn sjikane mot Bergen.

Teksten inneheldt éin brukbar vits, men han er eldgammal og truleg frå Austlandet. Elles var tekstens einaste verdi å målbere ein avsky som eg heilt ærleg må seie har overraska meg sidan eg av familiære grunnar har vorte nøydd til å ha med Stavanger-området og stavangerismen å gjere.

Negativ sjåvinisme

Kjenneteikna ved den moderne stavangerismen er:

Negativ sjåvinisme, for er stavangeristane i det heile tatt glade i Stavanger? Kva er dei i så fall glade i? Det kjem aldri fram, dei er for opptekne med å rakke ned på andre.

Djup vulgaritet pregar stavangerismen. Dette stammar nok frå kombinasjonen bondementalitet, bokmål og nye pengar og må vere grunnen til at «Knoksen» passerer som vidd i desse trakter.

Mitt tydelege inntrykk er at stavangerismens oppheng i å avsky Bergen, som eg aldri har fått nokon grunn til å tru ikkje kjem ut frå eit heilt ekte hat, ikkje er noko litlebrorkompleks. Dette er ikkje ein regional nummer to-by i framvekst som hevdar seg. Dette er Austlandets utpost på Vestlandet.

Hatet mot Bergen er eit uttrykk for ein elles undertrykt opposisjonstrong. Det har meir slektskap med forakta stavangerismen viser mot det kulturelt høgareståande omlandet på Jæren, og mot det langt meir særeigne Sandnes, enn nokon eigentleg maktkritikk. Det er sjølvforakt skyve over på andre. Det er nær totalt blotta for humor.

Heilt utan substans

Mykje vatn har renne ned gjennom Kannikbekken sidan Aleksander Kielland fanga byen Stavanger i sine romanar, men ein kan sjå kimen til det som i dag pregar stavangerismen hjå han. Særleg målande er den ideologiske striden mellom Wenche Knorr og Carsten Løvdahl i romanen Gift, den norskdomsorienterte dottera av eit bergensk Venstre-borgarskap og den pragmatiske, halvflinke austlendingen som kjem ut frå eit maktnært miljø. Som kjent ender det med at Wenche tek sitt eige liv for å halde nokolunde på sin integritet – og Carsten får bestemme over sonen Abraham. Abraham vert så representant for det moderne Stavanger: hyklersk konfirmant, servil bladfyk, framgangsrik nok, men heilt utan substans.

Slik er stavangerismen av i dag. Ei trusretning for Abraham Løvdahls ektefødde etterkommarar: Eit folk utan anna å elske enn olja og det Oslo som let dei forvalte henne. Dei om det.

Publisert:

Publisert: 14. oktober 2025 21:08

Read Entire Article