KRONIKK: Stavanger kommune vil ta strategiske grep for å fremje og styrke nynorsken i skulen. Betre informasjon frå kommunen og ei fast nynorskklasse i sentrum vil gjere nynorsksatsinga i Stavanger til meir enn tomme ord.

Foto: NTB
  • Helene Urdland Karlsen

    Helene Urdland Karlsen

    Nestleiar, Stavanger Mållag

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

I 2023 vedtok Stavanger kommune ein ny og målmedviten språkbruksplan, der eit av satsingsområda er å fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk – i tråd med språklova. Her står det at nynorsken skal vere «ein naturleg og synleg del av språket i Stavanger kommune». Skule- og oppvekstsektoren blir nemnd særskild. Men kva blir eigentleg gjort for å styrkje vilkåra for nynorsken i stavangerskulen?

Medan nynorsken framleis held stand på øyskulane, er han så godt som borte i sentrum. I år er det 15 år sidan det sist var nynorskklasse i sentrum, den gongen på Nylund skule. Kva kjem det av? Er det ingen nynorskbrukarar att i byen? Neppe. Dei er her, men dei møter motvilje og manglande tilrettelegging frå kommunen. Realiteten står langt frå dei språklege måla nasjonalt og lokalt i Stavanger om at det skal vere enkelt å velje nynorsk.

Les hele saken med abonnement