Statsforvaltaren opprettar tilsyn etter barnedødsfall

3 weeks ago 19



Det opplyser statsforvaltaren på nettsida si.

Bakgrunnen er at eit barn døydde under tannbehandling ved sjukehuset denne veka. Helsetilsynet ber nå Statsforvaltaren i Rogaland om å vurdere vidare tilsyn.

– Tilsynet vårt har som formål å bidra til kvalitet og pasientsikkerheit, og tillit til helsetenestene. Når me vurderar korleis me følgjer opp alvorlege hendingar, er det dette som er førande for tilsynsaktivitetane våre, seier Neset.

Politietterforsking pågår

Politiet er i gang med eiga etterforsking av saka der politiadvokat Tove Marie Haver i Sør-Vest politidistrikt opplyser om at det foreløpig ikkje er nokon mistenkte i saka, men at dei jobbar med vidare avhøyr nå og ventar på obduksjonsrapport.

– I mi erfaring varierer det veldig kor lang tid obduksjonsrapporten tar, men den kjem ikkje i morgon og det kan nok ta litt tid, seier Haver.

Ho fortel at det er planlagt avhøyr vidare i neste veke også.

Fylkeslege Neset fortel at Statsforvaltaren vil koordinere sitt tilsyn med politiet for å sikra at det ikkje blir eit hinder i deira etterforsking.

Publisert 05.04.2024, kl. 12.30 Oppdatert 05.04.2024, kl. 13.11

Read Entire Article