Staten gir beitetilskot til hjort, alpakka og lama, men ikkje gris

1 month ago 16



– Me skulle gifte oss, og trengde kjøt til bryllaupet.

Slik forklarar Johan Høglund korleis han og kona Urda Ljøterud Høglund starta med grisehald på garden sin i Uvdal.

Dei begynte med fem slaktegrisar, noko som gav meirsmak på fleire måtar.

 Johan Høglund og Urda Ljøterud Høglund har griser på beite.

Johan Høglund og Urda Ljøterud Høglund etterlyser beitetilskot for utegris.

Foto: Tordis Gauteplass

Denne sesongen har ekteparet 22 grisar gåande i inngjerda utmark. Etter kvart som grisane rotar opp jorda, blir gjerdet flytta til ny «upløgd mark». Her gryntar og gassar dei seg i sol og grisevêr frå tidleg juni til dei er slakteklare utpå hausten.

– For oss er det viktig at dyra har det bra.

Johan ser utover flokken sin. Somme jafsar i seg det som veks på bakken, ein annan har gått laus på ei trerot djupt nede i jorda. Resten ligg og slappar av. Livet er for kort til ikkje å nytast.

Gris med krøll på halen

Ein glad gris har krøll på rova.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Desse grisane har det fint, konkluderer han.

Urda er einig:

– Dei er fornøgde når dei har krøll på halen.

Numedølane driv med økologisk kjøt- og mjølkeproduksjon. Dei får beitetilskot for kyrne sine.

Men for grisane får dei ingenting.

Gris som titter inn i kameraet

Tamsvin/svin stammar frå villsvinet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Nei, det kjem ikkje akkurat statlege oppfordringar om å begynne med utegris, sukkar Johan.

– Det er me sjølve som vil dette.

I dag gir Staten beitetilskot til sau, geit, storfe, hest, hjort, alpakka og lama.

Får støtte frå Dyrevernalliansen

Det finst ikkje sikre tal, men det er truleg under 100 gardsbruk som har frilandsgris i Noreg i dag.

Dyrevernalliansen meiner det er viktig å sleppe grisane ut. Dyra blir aktiviserte når dei får leva i omgjevnader der dei kan rote, grave og undersøkje.

– Dette gjer at det blir mindre mobbing og irritasjon mellom grisane. Tenk deg sjølv; på ei lita hytte med storfamilien er det lettare å begynne å krangle enn i eit stort hus, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Live Kleveland, kommunikasjonsleiar og jurist i Dyrevernalliansen

Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Foto: Ihne Pedersen / NRK

– Grisen er eigentleg eit beitedyr, og motivert for å bruke trynet i marka og bite på ting han finn. Å få høve til å gjere det ein er skapt for, er bra for alle.

Dyrevernalliansen har foreslått eit eige dyrevelferdstilskot.

– Det kan tildelast bønder som held frilandsgris eller som på andre måtar gir dyra vesentleg betre forhold, seier Kleveland.

Ingen sofagrisar

Urda betraktar eit par av sine hardt arbeidande juleribbekandidatar. At dei gjer kål på ugraset, er ein stor fordel. Då slepp ein å sprøyte med kjemikaliar.

– Sjå korleis dei grev etter røtene! Kjempefint å bli kvitt kveke på denne måten.

Utegående gris

«Finn eg noko godt her, da?»

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Eit kjent dansk ordtak lyder: «Et, grisen min – i morgon skal du slaktast».

Hovudoppgåva er nemleg, som for grisar flest, å vekse og leggje på seg.

I tillegg til det dei måtte finne av godsaker på beitet, har dei fri tilgang på økologisk kraftfôr.

Landbruksministeren svarar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad seier at han synest det er bra at bønder tek i bruk nye driftsformer. Han veit at dette er noko forbrukarane ønskjer.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) er kjend med at fleire har gris på beite.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

På spørsmål om kvifor ikkje det blir gitt tilskot til gris på beite, svarar statsråden:

I jordbruksoppgjera så langt har det ikkje vore tema å gi beitetilskot for dyr som ikkje kan fordøye gras. Dette tilskotet blir gitt for drøvtyggarar som i beitesesongen hentar det meste av fôret sitt sjølv, gjennom beiting

At grisen ikkje har nytte av gras, er Urda Høglund ikkje einig i.

Det er ikkje så mange som er klar over det, men grisar beiter faktisk når dei går ute. Dei et både urter, gras, blad og røter.

Noregs Bondelag, som er ein av organisasjonane som står bak kravet i jordbruksforhandlingane, er skeptisk til å endre vilkåra for beitetilskotet, seier 1. nestleiar, Bodhild Fjelltveit.

Bodhild Fjelltveit, 1. nestleder i Norges bondelag

Bodhild Fjelltveit er 1. nestleiar i Noregs bondelag.

Foto: Norges bondelag

Men ho understrekar at Bondelaget er ein demokratisk organisasjon som vil løfte fram det fleirtalet av medlemmene ønskjer.

– Kjøt frå utegåande svin er ei eksklusiv vare, og om forbrukarane er villig til å betale det som det kostar å produsere, skal vi gjere det vi kan for å levere, seier Fjelltveit.

MDG vil ha «fleire glade utegrisar»

Etter forslag frå Urda Ljøterud Høglund og lokallagsleiar Birgitte Sterud i Nore og Uvdal MDG, har landsstyret i Miljøpartiet Dei Grøne vedtatt fire punkt dei skal jobbe politisk med:

Birgitte Sterud, Buskerud MDG

Birgitte Sterud er fylkesleiar i MDG Buskerud.

Foto: privat
  • At det blir gitt produksjonstilskot til utehald av gris
  • At det blir utarbeidd artsspesifikke krav for produksjonstilskot til utehald av gris
  • At tilskotet til utehald er høgt nok til å stimulere til overgang frå inne- til utehald av gris
  • At kjøt frå utegåande gris blir kvalitetsmerka

I 2023 ble totalt 361.611 tonn slakt godkjent som mat i Norge. Svinekjøtt utgjorde den største andelen med 131.163 tonn, ifølge SSB.

I 2023 vart totalt 361.611 tonn slakt godkjend som mat i Noreg. 131.163 tonn av dette var svinekjøt, ifølge SSB.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Det hadde vore fint om det også kom på plass eit betre regelverk, seier Urda. Grisane treng tilsyn, og det krevst mykje tilrettelegging for at dei skal ha det trygt og godt i utmarka.

Utegåande gris er meir utsett for sjukdom enn slektningane som lever innandørs. Difor er svina til Johan og Urda Høglund vaksinert.

Johan Høglund sammen med grisene sine.

Johan Høglund ser gjerne at det kjem ei regelendring.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Johan meiner kjøtet frå beitande svin får ein litt annan farge og ein betre, friskare smak.

– No er eg vel kanskje ikkje heilt objektiv, humrar han.

Men ekteparet merkar ei aukande interesse for svinekjøtet sitt.

– Me treng nesten ikkje å gjere nokon ting for å selje det. Fleire og fleire verkar å vera opptatt av korleis dyra har hatt det og kva dei har ete, avsluttar bøndene i Numedal.

Publisert 02.09.2024, kl. 17.22

Read Entire Article