«Staseleg og visuelt slåande»

3 hours ago 3



Det er ei kjensle av høgtid over Det Norske Teatret under premieren på «Lady Macbeth» – Kjersti Horn si aller første framsyning som teater­sjef.

Ikkje sidan krigen har teateret hatt ein kvinneleg sjef (opera­songar og NS-medlem Cally Monrad, som vart utnemnd til jobben av okkupasjons­makta).

Så det var på tide.

Horn takkar for tilliten med å vise musklar: I «Lady Macbeth» lar ho ei kompleks kvinneleg rolle iscenesett av ein kvinneleg regissør få fylla hovud­scena.

Det er ei staseleg og visuelt slåande framsyning prega av tydelege kunstnarlege val som opnar Horn-æraen.

Einsemd og keisemd

Melanie Mederlinds «Lady Macbeth» har henta inspirasjon frå Nikolaj Leskovs lang­novelle «Lady Macbeth fra Mtsensk» og frå Shakespeares «Macbeth».

Det er ei forteljing om oppvakning, frigjering og mord. Sagt på anna vis: Kva som hender når ein fugl vert sett i bur og sidan får smaka på fridom.

Katarina lever med ein ekte­mann som ikkje bryr seg om ho, og dagane glir over i kvarandre.

Heilt til ein dag då ei demning brest, og både mann og svigerfar må hasta av garde.

Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

Katarina Lvovna (Julie Moe Sandø) giftar seg oppover i rang i «Lady Macbeth». Men rikmannslivet er innestengd, repeterande og keisamt. Ho er som ein fugl i bur. Estetikken i framsyninga har klåre hint til filmen «Lady Macbeth» frå 2016.

Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret

Ho er fri, ho kan gå ut, og ho møter stallguten Sergej (Leo Magnus de la Nuez). Ho innleier eit lidenskapeleg forhold til han, men brått kjem svigerfar heim. Då vert det eit spørsmål om liv og død – og kva for sopp som eigentleg var i maten til svigerfar den dagen.

Katarina har gjort seg sjølv til mordar, og det er ingen veg tilbake. Men korleis leva med eit slikt brotsverk?

Julie Moe Sandø gjer ei sterk rolle som Katarina. Ho er ikkje nødvendigvis til å lika, men ho er til å forstå – i alle fall til eit visst punkt.

Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

Kva for sopp det var i maten til svigerfar? Katten veit. Daud er han uansett. På golvet: Svein Roger Karlsen. Ståande frå venstre: Julie Moe Sandø og Iselin Shumba.

Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret

Det keisame livet

Hovudscena ved Det Norske Teatret er fylt med sagflis når teppet går opp og bruda Katarina har fått sin mann.

Lyssettinga er konsentrert. Musikken har klåre hint til kostyme­drama ispedd mørke drag hjå strykarane, det kan minna om russisk kyrkjesong sin markerte bass.

På bak­veggen er det spent opp eit bobinett, eit tyllstoff som gjer at ein både kan projisera bilete på det og sjå kva som hender bak det, alt etter korleis lyset er sett.

I det store, opne rommet går Aksinja (Iselin Shumba) støtt og plukkar sopp. På bakveggen skiftar naturen, og livet går sin keisame gang heilt til det ikkje er keisamt lenger.

  • Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

    Katarina Lvovna er innestengd i kjolar som gjer det vanskeleg å røra på seg – alt frå bryllaupet er ho ein fange i eit kjærleikslaust rom. På biletet: Julie Moe Sandø og Iselin Shumba.

  • Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

    Katten kjem til Katarina i ein draum, som eit varsel. Skogkatten Ken er sjarmerande, men ville helst gå andre plassar enn på scena under premieren.

  • Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

    Kva no? Nok eit drap, og Katarina og rota seg inn i noko ho ikkje kjem seg ut av.

Rommet er stort, godt og gjev konsentrasjon til handlinga. Replikkane er eit destillat frå Leskov og Shakespeare.

Regissør Mederlind konsentrerer handlinga godt i teksten, han er klår, presis og fortel historia godt i samspel med scenografi, kostyme, musikk, lys og lyd.

Alt må verka saman for at forteljinga skal bli god, og det blir ho her. Her er ikkje noko overflødig, ikkje i starten.

Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

Rikmannslivet er fullt av krav. Om smal midje, til dømes. Her vert det ofte snørt hardt og stramt. Julie Moe Sandø i rolla som Katarina Lvovna, Iselin Shumba i rolla som tenaren Aksinja.

Foto: Jens Sethzman

Heit sagflis

Det vert heitt for dei to elskande der i sagflisen. Men så, når Katarina vert mordar, endrar ting seg.

Ho vert heimsøkt av ein katt i draumane sine, og katten blir bore inn på scenen av Katarina sjølv, ein heilt ekte og veldig sjarmerande skog­katt.

På scenen får katten gå som han vil. På premiera vil han helst gå vekk.

Det er fint at regissør Mederlind tar inn den ubereknelege naturen i form av ein vakker katt, men med det gjer ho noko med forma på stykket.

Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

Det vert heitt i sagflisen for dei to elskande: Katarina (Julie Moe Sandø) og Sergej (Leo Magnus de la Nuez).

Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret

Draume­logikken som katte­scenene ber med seg, startar den delen av stykket som fell litt frå einannan – slik ting fell ifrå kvarandre i Katarina sitt liv.

Det er òg frå no av sitata frå Shakespeare kjem tydelegast fram, og dei kjem diverre ikkje til sin rett med sine lada vendingar og rike språk.

Brått bryt Katarina og Sergej av med ei scene som vert gjort utan spelelys og mikrofonar, og snart vert ei kjent poplåt spelt av. Framsyninga tar ei vending der ho rotar det litt til for seg sjølv.

Og då forsvinn motivet for det siste drapet av syne for publikum.

Fra Lady Macbeth ved Det Norske Teatret

Det tettar seg til ettersom Katarina (Julie Moe Sandø) drep. Griseriet etter ugjerninga må ho vaska sjølv. Kjærasten Sergej (Leo Magnus de la Nuez) held lampa for ho.

Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret

Fange og fri

Trass dette, er det likevel ei god framsyning. Iselin Shumba og Julie Moe Sandø speler fjellstøtt ut to sterke kvinneroller.

Estetikken er slåande, sjølv om den som har sett filmen «Lady Macbeth» frå 2016 nok vil sjå at ein del visuell inspirasjon er henta derifrå.

Men teateret kan skapa det symbolske fengselet i større grad enn filmen kan.

Dei vakre, men upraktiske og overdimensjonerte kostyma ber til dømes sine eigne forteljingar om kva for fengsel Katarina vert sett i ved giftarmålet, og i det store, opne rommet er det ikkje minst estetikken som gjer historia godt fortalt.

Så får det vera at det raknar noko i saumane etter kvart. Kjersti Horn sin sjefsstart er absolutt godkjend.

Publisert 20.01.2025, kl. 12.12

Read Entire Article