Stappfulle tog – pendlarar meiner at Vy må skjerpe seg

1 week ago 9



Nesten éin million av oss pendlar til jobb, ifølge SSB. Dei siste månadene har mange som tar tog fått kjenne på tronge kår.

Årsak: talet på togsett som treng vedlikehald har hopa seg opp.

Det fører til at stadig fleire tog må køyre med fem vogner i staden for ti i rushtida.

Dette gjeld på Vestfoldbanen, Østfoldbanen og delar av Dovrebanen.

Fullt på toget. Folk står tett på strekningen mellom Skien og Eidsvoll, på grunn av halve togsett.

Passasjerane står som sild i tønne på regiontoget mellom Skien og Eidsvoll.

Foto: Erlend Larsen

– Ikkje bra nok

– Mange menneske bruker fleire timar på toget og det er ein stor del av livet deira. Det må Vy respektere.

Det seier ein frustrert Erlend Larsen (H), stortingsrepresentant frå Sandefjord. Han er ein av dei som pendlar med toget til Oslo dagleg.

Høyre-politiker Erlend Larsen

Larsen la ut eit innlegg på Facebook i byrjinga av april for å uttrykke kor oppgitt han er over dei fulle toga: – Det er for dårleg.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Stortingspolitikaren seier at Vy får mange milliardar frå fellesskapen for å få folk til å velje toget framfor bilen.

Han meiner at togselskapet bør kunne takle vedlikehaldsregimet, og forstår ikkje korleis etterslepet på toga har blitt så stort som det er nå.

– Det er ikkje bra nok. Her må Vy verkeleg skjerpe seg.

– Gjer alt vi kan

Konserndirektør for marknad og kommunikasjon i Vy, Marius Holm, seier at dette er ein situasjon heller ikkje dei er nøgde med.

– Vi er lei oss for at komforten er dårleg for mange kundar om dagen. Det er ikkje slik det skal vere, og vi gjer alt vi kan for å få slutt på situasjonen.

Marius Holm

Konserndirektør Marius Holm i Vy seier dei gjer alt dei kan for at kundane skal få tilbake det vanlege togtilbodet så raskt som mogleg.

Kombinasjonen av fokksnø, sterk vind og streng kulde førte til ekstra mange togskadar. Is pakka seg innunder toga og sprengde i sund delar.

For å ha høve til å køyre tog i vinter, venta Vy med å sende toga på dei jamlege vedlikehaldsrundane.

Dette er ein uvanleg situasjon, og vi har nå ein lang kø av tog som skal inn på verkstaden.

For å få gjort jobben raskare har Vy flydd inn ekstra fagfolk frå leverandøren i Sveits.

Vy kan likevel ikkje seie når det blir full kapasitet på toga igjen.

Situasjonen vil vare nokre veker til. Vi er ikkje i stand til å seie nøyaktig kor lenge, for det er nokre usikre faktorar på arbeida i verkstadane.

I tillegg er ei rekke tog ute av produksjon for å bli oppgradert til nytt digitalt signalsystem, seier han.

Kjøper ikkje Vys forklaring

Men stortingspolitikar Erlend Larsen stussar over Vys forklaring.

– Det har ikkje vore nokon spesiell vinter. Tvert imot ein heilt vanleg god og norsk vinter. Det må toga tole.

Vestfold og Telemark er blant fylka der flest pendlar ut av fylket for å jobbe.

Halve togsett i rushtida blir ei ekstra belastning, meiner Larsen.

  • Svein Høiback

    Svein Høiback

    Høiback reiser med toget frå Porsgrunn til Oslo kvar veke for å jobbe.

    I det siste har han måtta stå på toget oftare og over lengre strekningar enn før.

    – Eg har også opplevd å ikkje komme på toget. Før påske var det så fullt at det var heilt umogleg å få plass.

    Høiback måtte vente på neste tog.

  • Torhild Elisabeth Espeland

    Torhild Elisabeth Espeland

    – Det er adskilleg trongare.

    Espeland reiser ofte til jobben i Drammen. Vanlegvis pleier det ikkje å vere noko problem å finne sitteplass på toget.

    Denne dagen angrar ho på at ho ikkje kjøpte billett med setereservasjon.

    – Eg er villig til å betale dei ekstra kronene for å sleppe å stå.

  • Saowaluk Halvorsen (18)

    Saowaluk Halvorsen (18)

    Vidaregåandeeleven reiser med toget kvar dag for å komme seg til skolen i Sandefjord.

    – Det er veldig trongt og ikkje nokon sitteplassar.

    – Ganske slitsamt.

  • Iben Aurora Dalen Stensrud (17)

    Iben Aurora Dalen Stensrud (17)

    – Det blir litt dytting når det er så mange folk.

    Stensrud tar også toget til skolen kvar dag.

    – Saowaluk og eg pleier å sitte saman aleine. Nå må alle stå eller sitte trongt ved sida av kvarandre.

– Nok tog i normale år

Etter jernbanereforma i 2017 blei Norske Tog eigar av togsetta her i landet, og Vy må nå leige tog.

Vy-direktør Marius Holm seier dei i normale år har nok tog, og at det ikkje ville løyst problema ved å flytte tog frå andre stadar fordi det er forskjellige togtypar i andre landsdelar.

– Vi ville hatt det same problemet dersom vi hadde vore eit landsdekkande togselskap som tidlegare i denne veldig spesielle situasjonen.

– Nokre vil kunne krevje erstatning

Statssekretær Cecilie Knibe Kroglund (Ap) i Samferdsledepartementet seier det er både beklageleg og uheldig at vi har hamna i denne situasjonen.

Ho seier jernbane skal vere eit attraktivt transportmiddel, og da må det vere nok plass til dei reisande, og toga må gå når dei skal.

Ho legg til at situasjonen burde betre seg raskt.

– Nokre vil kunne ha krav på erstatning etter reglane om rettar seg til jernbanepassasjerar, men dei må da ta kontakt med Vy først.

Abel Cecilie Knibe Kroglund

Statssekretær Cecilie Knibe Kroglund meiner det er beklageleg og uheldig at vi har hamna i denne situasjonen.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ho seier norske tog skal tole norsk vinter, men at kombinasjonen av eldre togmateriell og særleg krevjande forhold i vinter skapte store utfordringar.

Vy er sjølv ansvarleg for å legge opp til eit vedlikehald som sikrar gode vilkår for å levere togtenester, legg Kroglund til.

– Som følge av utfordringane i vinter, vil Bane Nor nå grundig evaluere vinterberedskapen. Jernbanedirektoratet vil legge til rette for at vi er betre rusta for slike vinterforhold som vi har hatt i år.

Halve togsett

Regiontoget RE11 køyrer inn på Larvik stasjon i rushtida. Vanlegvis ville toget hatt ti vogner, men nå har det berre fem.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Publisert 18.04.2024, kl. 16.25

Read Entire Article