Sørloth mållaus i målfest

3 hours ago 1



26. november 2024 kl. 20:35

Alexander Sørloth starta for Atlético Madrid då dei slo Sparta Praha 6–0 borte i Meisterligaen tysdag kveld.

Sørloth var med på å forstyrre Sparta Praha-keeperen då Marcos Llorente sette inn 2–0, og hadde også misbrukt ein stor sjanse før han vart tatt av bana etter 58 minutt.

Like etter bytet sette spisskollega Julián Álvarez inn sitt andre mål for dagen.

Antoine Griezmann, som kom inn for Sørloth, stod for kampens fjerde mål i det som var franskmannens 100. kamp i Meisterligaen.

Ein annan innbytar, Ángel Correa, scora Atlético Madrid sitt femte og sjette mål.

Markus Solbakken kom inn i det 79. minutt for Sparta Praha.

Alexander Sørloth

Foto: MICHAL CIZEK / AFP
Read Entire Article