Natt til onsdag har vêrgudane servert snø på fleire fjellovergangar. Skal du krysse fjellet i haustferien, er tida inne for å skifte dekk, seier Vegvesenet.
Publisert 25.09.2024 13:07 Sist oppdatert 1 minutter siden
Onsdag har snøen lagt seg på fleire fjellovergangar i Sør-Norge.
Hemsedalsfjellet, Filefjell, Tyin-Årdal og Sognefjellet er blant vegstrekningane som har fått snø. Fylkesveg 5627 over Aurlandsfjellet blir stengd på grunn av snø fram til torsdag morgon.
Nedbøren var varsla. Meteorologisk institutt sende ut varsel om at det skulle kome mellom 5 og 15 centimeter snø over 800-1000 meter over havet.
Ventar meir snø til helga
– Den kjølige lufta held fram med å ligge over oss dei neste dagane, men vi får tørt vêr både i dag, torsdag og på starten av fredagen, seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane ved Meteorologisk institutt.
– Det er først til helga igjen at vi får litt byer. Det kan bli endå kjøligare enn det er no, og snøgrensa kan krype lenger nedover, legg ho til.
Sjølv om det ikkje kjem meir nedbør fram mot helga, kan det framleis fryse på i fjellet, fortel Vågane.
Det er høstferie for mange neste uke 🍂 Skal du til fjells og må kjøre over en fjellovergang eller to for å nyte naturen? Da kan det være lurt å sjekke yr sine sider før du kjører, og legge om til vinterdekk. Det er nemlig snø flere steder allerede 🚗❄️
📸: Statens vegvesen pic.twitter.com/7UHuG0ARCr
Oppfordrar til dekkskifte
Neste veke er det haustferie i Akershus, Buskerud, Oslo, Østfold, Agder, Troms, Finnmark og Nordland. Viss du skal på biltur opp i høgda, er oppfordringa klar.
– Skal ein over fjellet i helga, så bør ein sko bilen etter forholda, seier Vågane, og får støtte frå Statens vegvesen.
– No er sesongen i gang. Bruk vinterdekk og berekn litt lengre tid, seier trafikkoperatør Stein Nestås i Vegtrafikksentralen vest.
– Sjølv om du har gode
dekk, så kan du få forseinkingar på grunn av andre køyretøy som har problem, minner han om.
Sjølv om snøvarselet no gjeld over 800 høgdemeter, kan det lokalt kome snø endå lågare, opplyser meteorologen. Det har det mellom anna gjort på Borlaug, som ligg på 500 høgdemeter, øvst i Lærdalsdalen.