SMS-feil hos offentlege tenester: – Litt amatør­messig

8 hours ago 2



Dei same problema var til stades onsdag føremiddag.

Feilen blei oppdaga og retta opp seinare på kvelden.

Men torsdag morgon dukka problema med meldingar til brukarar opp igjen.

Det blir no arbeidd med feilsøking for å rette opp feilen.

En tekst med feilmelding fra Digdirs nettsider.

Faksimile frå Digdir sine nettsider.

Faksimile: Digitaliseringsdirektoratet

– Ganske irriterande

Ein som opplevde feilen var Terje, som fekk heile åtte meldingar frå Altinn.

– Eg skulle berre til sjukehuset på ein avtale. I det eg gjekk ut døra såg eg at eg fekk ei melding frå Altinn. I løpet av 20 minutt kom det åtte meldingar, seier han.

Terje ønsker ikkje å stå fram med etternamn i saka. NRK kjenner til Terje sitt fulle namn.

– Det er ganske irriterande. For å vere ein offentleg instans så er det jo litt amatørmessig.

For Terje har ikkje feilen svekka tilliten til tenesta. Han meiner at feilen er uheldig.

skjermdump av flere meldinger

Slik såg meldingstråden frå Altinn ut på mobilen til Terje.

Foto: Privat

– Eit veldig samansett problem

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er klar over problemet og har stansa meldingane.

– Akkurat no er det for tidleg å stadfeste rotårsaka til dette. Vi har valt å stoppe meldingane, men det kan framleis komme nokon gjennom.

Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar Benjamin Moe i Digdir til NRK.

– Vi har sett beredskap og ekstra bemanning på saka. Vi har også dialog med tenesteleverandørane våre for å jobbe saman for å få fiksa dette, seier Moe.

Er du råka av SMS-problemet?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Moe kan per no ikkje seie noko om kva årsaka til problema kan vere.

– Det er eit veldig samansett problem. Vi vil ikkje gå ut med det for tidleg før vi er heilt sikre. Vi er opptatt av at dette skal fungere og oppretthalde tilliten til befolkninga.

– Vi beklagar ulempa. Det skal ikkje vere slik at du får duplikat i det omfanget som vi har sett folk har fått i dag. Vi skjønner at dette ikkje er tillitvekkande, legg Moe til.

Publisert 16.10.2025, kl. 11.32 Oppdatert 16.10.2025, kl. 11.49

Read Entire Article