Slik taklar du forskjellar i parforholdet

8 hours ago 5



Kvinne står i ei døropning med ei korg med klede. Mann med drill ser på kvinna.

Kristin toler fint at huset ikkje er ryddig heile tida, men Aleksander kan leve med rot mykje lengre enn ho.

For om du strekker deg mot kjærasten, kan du samstundes få det litt meir som du sjølv vil. Her er fem tips.

Har du eit tips til takling av forskjellar i parforholdet? Del med oss nedst i saka 👇

– No streikar eg frå klesvask!

Kristin Nordvoll Mork (41) ropte det ut.

Mannen Aleksander Mork (36) og dei tre ungane deira stod som forsteina og berre såg på ho. Men slik vart det.

I seks heile veker streika Kristin frå klesvasken.

Kvinner skreller poteter, mens mann rydder ut av oppvaskmaskina.

– Ei litt barnsleg kommunikasjonsform kanskje, men eg var så sint! fortel ho.

– Ei litt barnsleg kommunikasjonsform kanskje, men eg var så sint! fortel ho.

Paret hadde vore einige da dei kjøpte eit oppussingsobjekt av eit hus.

Mann snikrer på ein vegg.

Aleksander er flinkast av dei to til å snikre. Derfor skulle Kristin ta mest ansvar for hus og ungar under renoveringa.

Aleksander er flinkast av dei to til å snikre. Derfor skulle Kristin ta mest ansvar for hus og ungar under renoveringa.

Men no stod verdien av eit reint og ryddig hus og stanga opp verdien av snikringa.

Så korleis finne ei løysing som gjer begge fornøgde?

Kanskje kan sommar og fri gi betre tid til å velje ein god strategi, før kvardagen kjem attende.

I denne saka kan du lese om:

Krangling som sjølvforsvar

Filosof Ingun Steen Andersen (55) veit godt kvifor mange par kranglar om kva som er viktigast i ein heim.

Mykje av forklaringa ligg i oppveksten. Kva for verdiar som har vore viktige.

Kvinne smiler og ser i kamera.

Pavel Storozhuk / NRK

– Vi kjem frå to mikroverder. Ulike familiar, med masse vanar vi tar som ei sjølvfølge, seier Ingun.

– Kanskje også uvanar, da, legg ho til.

Verdiar, vanar og uvanar er ein del av identiteten din, og når dei blir utfordra, kan det følast som eit angrep på den du er.

Men med enkle grep kan det bli utruleg mykje lettare å leve med forskjellar, meiner filosofen.

Så lenge du forsøker å forstå årsaka til partnaren din sin oppførsel, og samstundes vere open om dine eigne behov.

Godtar du at kjærasten din har eit anna syn enn deg, på kva som er viktigast i heimen?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Frå kaos til kompromiss

Ekteparet Marit (45) og Kate (50) Liarbø Showalter bur i Bodø, i eit hus med hage.

To kvinner diskuterer over korger med klede.

Per-Magne Steen

Her er det mykje lykke. Men og ei stor utfordring.

To kvinner diskuterer mens dei bretter klede.

Per-Magne Steen

For Kate og Marit treng heilt ulike ting for å unngå kaos i eige hovud.

Fint ver trumfar alt, for Marit. Ho finn best roa når ho får halde på for seg sjølv i hagen.

Reingjering av huset kan vente til ein regnvêrsdag, synest Marit.

Men Kate greier ikkje å konsentrere seg når huset er skittent og rotet flyt.

Kvinne i forgrunnen støvsugar, kvinne i bakgrunnen vatnar plantar.

– Det er ikkje slik at eg elskar å vaske, men om eg ikkje får gjort det, er det vanskeleg for meg å gå ut og nyte vêret, seier Kate.

Foto: Per-Magne Steen

Marit er ikkje alltid gira på rydding og vasking når Kate meiner det trengst. Men å halde på i hagen med skuldkjensle, er inga god løysing for Marit heller.

No har dei funne eit kompromiss.

Dei har nemleg oppdaga kor lite som skal til for å gjere kvarandre litt meir lykkeleg.

Løysinga er enkel. Først tar Marit og Kate oppryddinga inne ilag. Så går Marit ut i hagen med godt samvit.

Og Kate – ho let vere å forvente full husvask kvar gong.

Blid strategi

På ein stor gard i Verdal i Trøndelag, bur eit ungt par.

Oskar Hynne (27) jobbar som avløysar på slektsgarden. I lag med Monika Ljøkjell (27) skal han med tida overta drifta med alle dei 115 mjølkekyrne.

Gardsdrifta gjer at Oskar arbeider både tidleg og seint. Monika jobbar «berre» på dagtid.

Ho har visst det heilt sida dei vart i lag, at han ikkje kjem til å vere like mykje heime i huset som ho. Og at dei ser ulikt på kva som er viktigast.

Dei har til dømes forskjellig nivå på kva dei legg i «ryddig og reint».

Mann og kvinne snakkar saman.

– Det tar litt lenger tid før eg synest det må vaskast, seier Oskar som heller vil spyle mose frå taket til dømes.

Mann og kvinne står i ein hage og ser på kvarandre.

Men at Monika skal vere aleine om å gjere alle oppgåvene i huset, meiner han ikkje.

Realistiske forventningar, og blid strategi, er oppskrifta på godt samarbeid for dei to.

– Ja, om det er noko som irriterer meg, så seier eg det berre rett ut, utan at Oskar tek det som kritikk, fortel Monika.

– Det viser jo kor fantastisk eg er, gliser Oskar.

Men så forklarer han samanhengen. Om ho hadde kauka til han at «No må du begynne å ta oppvasken» eller noko sånt, da hadde han ikkje gidda. Men det er ikkje Monikas metode.

– Du er sjeldan sur, når du seier det, seier Oskar og ser blidt på kjærasten sin.

  • Tips til korleis ein kan bevare husfreden i ferien

Fem tips frå filosofen

Filosof Ingun Steen Andersen elskar å ha det ryddig heime. Men ho veit korleis ein ikkje bør snakke, om ein skal få til eit godt samarbeid i heimen.

«Vi skal ha det ryddig her, sånn er det berre, og du er eit dårleg menneske dersom du rotar!»

– Snakkar du sånn, universaliserer du di eiga oppleving. Og det er fort gjort! innrømmer filosofen.

Ho veit kor lett det er å gå i angrepsmodus.

Men om du kritiserer, nedverdigar eller snakkar som om den andre er dum eller lat, oppnår du berre ein ting: Du får den andre til å føle seg dårleg.

Da er det naturleg å forsvare seg. Og bli trassig.

Kunsten er å snakke på ein måte som gjer at den andre får lyst til å strekke seg.

Mot deg.

Anerkjennande kommunikasjon, er det som skal til meiner filosof Ingun Steen Andersen.

– Da kan du få den andre med deg, sjølv om den andre ikkje begynner.

Ikkje angrip

Ikkje forvent at nokon skal vere annleis enn dei er.

Snakk sånn at du viser at du aksepterer og verdset at den andre er på sin måte.

Dropp skuldkjensle

Ikkje legg skulda på den andre for korleis du har det.

Fortel heller om eigne behov. Sei kva som er viktig for deg, og kvifor. Og kva ein bestemt situasjon gjer med deg.

Fir på krava

Er du opptatt av korleis den andre ikkje oppfyller dine «krav»? Slutt med det.

Kjærleik er arbeid. Å jobbe saman med nokon, og møte litt motstand, er ein måte å lære på. Og bli eit betre og rausare menneske.

Ver nysgjerrig

Gå nysgjerrig inn i ein annans verda. Kva er viktig for deg? Du den snikringa av boden, kvifor er det så viktig for deg? Kva gjer det med deg å halde på med den?

Bli med på kvarandres delmål – bli med på kvarandres prosjekt.

Aksepter det uperfekte

Aksepter at den andre ikkje kan leve opp til din standard. Dine verdiar gjeld ikkje for alle.

Og ikkje forvent at alt skal vere rettferdig.

Det aller siste rådet frå filosof Ingun Steen Andersen handlar om å velje rett tidspunkt for ei samtale.

– Ikkje ta det i senga. Der skal vi vere nære, og slappe av. Eller sove.

  • Robin ville bevise at han gjorde meir husarbeid enn sambuaren

Ærleg snakk og barn i arbeid

Kristin sin streik frå klesvasken vart ein vekkar for både ho og mannen Aleksander.

Ho har blitt flinkare til å snakke om kva som stressar ho.

Han har blitt meir bevisst på å fortelje om kva han ser for seg at han skal gjere.

Også dei har begynt med noko dei ikkje har prøvd før.

Kvinne og mann står på eit kjøkken, og ler saman.Mann og kvinne smiler mens dei lagar mat.

For ordens skuld: Kristin Norvoll Mork har tidlegare jobba for NRK.

Dei har nemleg lagt merke til at dei tilsette på skolen og i barnehagen er kjempeflinke til å få ungane til å gjere ting.

Så no har dei innført eit system med lønn for ungane på 10, 8 og 5 år. Fem kroner for å gå ut med søpla, ti kroner for å vaske dassen.

– Vi må normalisere barnearbeid igjen, slår Kristin Nordvoll Mork fast, med eit lurt glis.

Har du eit tips til takling av forskjellar i parforholdet?

Hei! 👋

Har du tankar om denne saka, eller tips til eit anna tema?

Eit filosofisk spørsmål, eit etisk dilemma, eller til dømes ei historie om livssyn og verdiar?

Send meg gjerne ein e-post!

Kva skjer i kroppen når du har kjærleikssorg?

Read Entire Article