Slepp forvaring – dømt til tvungen omsorg etter sverddrap

3 hours ago 3



Tiltalte erkjente å ha drepe Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå (45) då rettssaka starta i Trøndelag tingrett 10. september.

Låg IQ og lettare psykisk utviklingshemma

Stridstemaet i retten galdt om tiltalte er strafferettsleg tilrekneleg.

Dersom han er det, skal han dømast til forvaring.

Aktor viste til at tiltalte sin IQ var målt til 65. Ifølgje lovarbeida skal retten då ikkje ta stilling til om tiltalte er tilrekneleg.

Forsvarer tolka lova annleis.

Ho meinte det er snakk om ein høg grad av psykisk utviklingshemming og at dom på tvungen omsorg var det rette.

Dei sakkunnige meinte tiltalte hadde fleire diagnosar som førte til at han har avgrensa evner til å forstå følgjene av handlingane sine.

Mannen hadde også i barndomen fått påvist ei utviklingsforstyrring som inneber at han fungerer dårleg i det daglege.

Trøndelag tingrett meiner at også personar med IQ-testar over 60 kan bli rekna som «høggradig psykisk utviklingshemma» og dermed ikkje kan straffast.

Usemje om kattehaldet

Tiltalte og kvinna var naboar i kommunale leilegheiter i Trondheim.

Dagen då drapet skjedde var ho besøk hos han. Like før ho skulle gå sa ho at katten hans burde bli utekatt. Tiltalte gjekk tur med katten i band. Fornærma skal ha sagt at ho ville varsle Mattilsynet om kattehaldet hans.

Bilde av et sverd brukt i forbindelse med en drapshandling. Deler av eggen til sverdet er sladdet. Bildet er tatt av politiet og har påført teknisk informasjon for bruk i rettsaken

Tiltalte hogg kvinna fire gonger i hovudet med sverdet. Over sverdet er slira som tilhøyrer sverdet.

Foto: Politiet

Tiltalte sa at ho ikkje skulle legge seg opp i det. Han flira litt, men vart også litt irritert.

– Det at du brukar sverdet, har det samanheng med det ho sa, spurte aktor.

– Eg trur det har ein samanheng, svarte tiltalte.

Om drapet forklarte han i retten:

Fornærma var i ferd med å gå, då han slo henne med sverdet i bakhovudet. Ho stod med ryggen til. Ho ramla på golvet og vart liggande.

Dei neste tre slaga kom med få sekund mellomrom.

– Med stor kraft, sa tiltalte på spørsmål frå aktor.

– Forstår du at dette er dødeleg?

– Eg tenkte ingenting.

– Men er du overraska over at ho døyr?

– Er ikkje overraska, svarte tiltalte. Han uttrykte også anger for det som skjedde.

Rett før han drog frå leilegheita la han dyna over den drepne kvinna.

–Ingen bra stad å bu for nokon

Forsvarer Jasmin Gheshlaghi meinte tiltalte sine evner til å klare seg sjølv er svært avgrensa.

Ho viste også til bileta som retten fekk sjå av leilegheita der tiltalte budde:

– Dette er ingen bra stad å bu for nokon.

Fem år før drapet vart den unge mannen oppført i eit prosjekt hos politiet som omfattar personar som har særleg høg risiko for å utføre vald.

Eit par år seinare er konklusjonen at mannen kan kome til å drepe.

Etter drapet vart historia til tiltalte i hjelpeapparatet gjennomgått av Trondheim kommune og St. Olavs hospital.

Konklusjonen var at ingen tiltak kunne ha minska risikoen for alvorleg vald.

Mogeleg ei sak for Høgsterett

Retten byåsendrapet

Aktor Per Morten Schjetne fekk ikkje medhald i retten om at tiltalte kan dømast til forvaring.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne seier til NRK at han no skal lese domen grundig. Det er Riksadvokaten som avgjer om domen skal ankast til lagmannsretten.

Allereie under rettssaka sa aktor at tolkinga av paragraf 20 om skuldevne etter hans meining er så pass uklar at det bør kome ei sak til Høgsterett som kan gjere det klarare.

–Denne saka er kanskje den som kan prøvast. seier Schjetne til NRK måndag.

Det var Adresseavisen som omtalte domen først.

Publisert 23.09.2024, kl. 11.52 Oppdatert 23.09.2024, kl. 12.28

Read Entire Article