Skyssbåt forliste – hadde gammal skade i skroget

1 week ago 9



Alle dei ni personane som var om bord i skyssbåten hamna i sjøen då skyssbåten Toja forliste i Tomrefjorden i mai i fjor.

Ein av dei utan redningsvest.

No viser Havarikommisjonen sin rapport at båten hadde ei gammal skade.

– Svært kritisk

I rapporten skriv Havarikommisjonen at det tok under eitt minutt frå båten byrja å ta inn vatn til den sokk.

Vidare skriv dei at det tok opp mot 47 minutt før personane blei redda. Og at sjøtemperaturen berre var på om lag 9–10 grader, kombinert med ein del vind og sjø.

«Noko som var svært kritisk med tanke på overlevingsevne»

Tre av personane var ekstra nedkjølte då dei blei henta opp av sjøen.

Gammal skade

Etter at båten blei henta opp frå sjøen skriv Havarikommisjonen at det blei oppdaga eit større hol i botnen av skroget. Holet såg ut som ei gammal skade som var forsøkt fiksa.

Publisert 23.04.2024, kl. 12.37 Oppdatert 23.04.2024, kl. 12.53

Read Entire Article