«Skuterherjing» i påskefjellet provoserer: Staten ber bygdefolk melda råkøyrarane

1 month ago 25



Det som skulle vere ein «strålande skitur» i påskevêret til Trollebotnseggja i grenseområda mellom Gloppen og Sunnfjord, vart eit sjokk for tindevegleiar Sigurd Nordeide-Felde.

Dette er heilt forkasteleg, seier han om snøskutermerka i fjellsida.

I tillegg til å vere eit brot med Motorferdselloven kunne køyringa i den rasfarlege fjellskråninga ha vore livsfarleg.

I eit innlegg på Facebook varslar Nordeide-Felde at forholdet er meldt til Statens naturoppsyn (SNO), og oppmuntrar sambygdingane til å ta eit oppgjer med råkøyrarane.

Eg håpar bygdefolket ikkje beskyttar dei med tausheit, men gir beskjed til rette instansar, seier han.

Sigurd Nordeide-Felde.

Unntaka i Motorferdselloven gjeld for reineigarar og andre som treng motorhjelp for å ta seg fram. Unntaka gjeld også for politiet, redningstenesta og for dei som preparerer skiløyper.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde.

SNO skrur opp kontrollfrekvensen

Tidlegare i påska varsla reinpolitiet og SNO at dei skrur opp kontrollfrekvensen.

Bakgrunnen er rapportar om omfattande regelbrot. Av same grunn har Statens naturoppsyn intensivert jakta på jegerar som brukar køyretøy på jakt.

SNO Vestland er klar over tilfellet i Gloppen.

– Dette må slutte med ein gong. Ryper og levande vilt er sårbare på vinterstid då dei er på sparebluss, seier Rune Holen i SNO Vestland.

Han fortel at dette ikkje er første gong dei opplev ulovleg køyring i området.

Christian Steel Sabima leiar

Sabima

Christian Steel, leiar i Sabima

Forferdeleg! Den første Høgre-Frp-regjeringa med Erna Solberg i spissen har eit særleg ansvar for å ha liberalisert snøskuterverksemda – mot eit svært stort fleirtal i folket. Fleire snøskuterar fører til meir ulovleg køyring, og kapasiteten til å følge opp desse vanskeleg etterforskbare lovbrota er altfor liten.

Vigdis Vandvik

Ronald Hole Fossåskaret

Vigdis Vandvik, professor i samfunnsøkologi ved UiB

Det er bra at NSO skrur opp kontrollfrekvensen, inntrykket mitt er at det er skjedd ei utgliding som gjer at situasjonen er i ferd med å komme ut av kontroll. Eg lurer på om dette heng saman med eit det har blitt lovlege skuterløyper i fjellet dei seinare åra, noko som gjer at «hobbykøyring» har blitt sosialt akseptert – og forventa? I tillegg har det blitt mange fleire skuterar i omløp.

Terje Blindheim

Stifelsen Biofokus

Terje Blindheim, dagleg leiar i Stiftelsen Biofokus

Lovverket er der av ein grunn! Eg er sjølv på fjellet no og setter heilt klart pris på opplevingar fri for motorisert ferdsel.

Stein Tronstad

NKF

Stein Tronstad, leiar i Klatreforbundet

Snøskuterkøyring i fjellet utanom godkjente løyper og formål er av mange, gode grunner forbode. Denne typen tullekøyring er altså ein kriminell handling, og dessutan fullstendig respektlaust både overfor naturen sjølv og det store fleirtalet av befolkninga som ønsker seg fri natur til rekreasjon og som oppsøker den for å oppleve fred, ro og stille.

Noreg har historisk sett hatt ein restriktiv praksis for motorferdsel i naturen. Grunngjevinga er støy, skade på terrenget, og at det forstyrrar dyrelivet og friluftslivet.

Oppmjuking i 2015

Etter ei lovendring i 2015 kan likevel kommunane tillate eigne snøskuterløyper for «fornøyelsekøyring». Løypene kan ikkje leggast i sårbare område.

– Vi støttar oppfordringa om å respektere lovverket, og at bygdesamfunn bør bidra til at slik farleg, naturskadelova og omsynslaus skuterkøyring tar slutt, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Han legg til at det «allereie er enn nok lovlege løyper».

– SNO har ei viktig kontrolloppgåve, men resten av samfunnet må også bidra til avgrense slik ukultur.

Sigurd Felde

Sigurd Nordeide-Felde meiner folk må melde råkøyrarar om dei oppdagar ulovleg skuterkøyring.

Foto: Privat

Utval skal levere utgreiing i mai

Hausten 2021 blei det utnemnt eit offentleg utval som skal gå gjennom reglane for motorferdsel i utmark og vassdrag og foreslå endringar i dette.

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 21. mai.

I debatten om motorferdsel i naturen har nasjonale krav stått mot ønsket om meir lokale tilpassingar, symbolisert ved Sametinget der Norske Samers Riksforbund (NSR) og Nordkalottfolket har ivra for å liberalisere regelverket.

Vidare har krav til «universell utforming» skapt press på å mjuke opp regelverket av omsyn til funksjonshemma som er forhindra frå å ta seg ut i naturen «for eiga maskin».

«Skuterherjingar» i fjellheimen meldt til naturoppsynet

I eit innlegg på Facebook varslar Nordeide-Felde at forholdet er meldt til Statens naturoppsyn (SNO), og oppmuntrar sambygdingane til å ta eit oppgjer med råkøyrarane.

Foto: Sigurd Nordeide-Felde

Publisert 27.03.2024, kl. 18.57 Oppdatert 27.03.2024, kl. 19.05

Read Entire Article