Skulen deira blei stengt fordi ho var iskald: – Viser kor lite politikarane bryr seg

2 hours ago 5



Værøy skule er stengt tidt og ofte.

Denne gongen er det fordi klasserommane er iskalde.

Kommunedirektør i Værøy kommune, Erling Sandnes seier at varmen på skulen gjekk av i helga. Ifølge han skal teknisk etat i øykommunen få temperaturen opp igjen.

Værøy, norgesferie i Lofoten

Værøy er ein øykommune som ligg 43 km vest for fastlandet på Lofoten. Det bur berre 688 innbyggarar i kommunen.

Foto: Jossemio

Men elevar og foreldre meiner det ikkje er nok.

Dei seier problemet har vara mykje lenger enn før helga. Og det er mange fleire problem enn kalde rom.

Elevane seier dei ikkje har hatt gym eller svømming på fem år. Og det er lærarmangel.

Ikkje første gong det skjer

Elvira Persen (14) fortel at ventilasjonsanleggane eller varmeovanane ikkje fungerer.

Då ho sat seg ved pulten sin måndag morgon haldt klasserommet 11 gradar.

– Sjølv om eg framleis hadde jakke på meg var det veldig kaldt. Folk sat inne med jakkene på, seier Persen.

Elevene Elivra Persen står ved en dør ved et hvitt hus.

Elvira Persen er del av ungdomsrådet i kommunen. Likevel føler ho seg ikkje høyrt om problema ved skulen.

Foto: Oda Stine Hansen Viken / NRK

Men det er ikkje første gong dette skjer, ifølge 14-åringen. Fleire gonger tidlegare har dei slite med anten kalde klasserom eller dårleg luft.

– Det forstyrrar sjølvsagt undervisninga.

– Det har vore dårleg luft i mange år. Kulda begynte for alvor i førre veke, seier klassekamerat Dina Jacobsen og legg til:

– Det er jo litt deilig med fri, men det kan ikkje halde fram sånn her lenge. Vi har ting vi skal gjere.

Problema i Værøy er på ingen måte unike. NRK har tidlegare omtalt ein rapport frå Multiconsult. Der var konklusjonen at det kan koste nesten 100 milliardar kroner å rette opp manglane på norske skulebygg.

Ei krise i krisa

Men det er ikkje berre kalde klasserom som er eit problem for elvane på Værøy.

Det er også eit problem at det ikkje er nok folk til å fylle klasseromma. Det er lærarmangel.

– Før jobba lærarane overtid. No får dei ikkje lov til det av politikarane lenger. Då er det nokre timar i veka når vi ikkje får skule, seier 10.-klassing Elvira Persen.

Elevene Elivra Persen, David Mortsensen og Emma Torstensen går foran et hvitt gjerde og store fjell på Verøy.

Verken Elvira Persen, Emma Torstensen eller David Mortsensen vil flytte tilbake etter vidaregåande om ting held fram som no.

Foto: Oda Stine Hansen Viken / NRK

Medelev David Aleksander Mortensen (15) fortel at han har valt tysk som framandspråk, men må ta det som nettundervisning på ein annan skule.

Lærar Anette Sibine Christensen fortel at lærarane som jobba meir enn stillingsbeskrivinga si i fjor heller ikkje fekk meir betalt, før Utdanningsforbundet retta peikefingeren mot kommuneleiinga.

Ifølge ho manglar skulen framleis ein tredel av lærarane dei treng.

– Det er uhaldbart. Vi prøver så godt vi kan å strekke oss. Men ein går ikkje heim med ein god følelse, seier ho.

Anette Sibine Christensen er lærer på Værøy. Hun har på seg sort t-skjorte og rosa genser og står utendørs med hvite gjerder og høye fjell i bakgrunn.

Anette Sibine Christensen har sendt inn varsel til politikarane for å ikkje handtere rekrutteringa i kommunen på god nok måte.

Foto: Oda Stine Hansen Viken / NRK

Og det er ikkje alt. Problema tårnar seg framleis opp.

– Vi har heller ikkje hatt gymsal eller svømming på fem år. Om det er for dårleg vêr blir vi sendt heim. Då kan vi ikkje ha gym, fortel Emma Torstensen som òg går i 10. klasse.

Ungdomsskulen har vore under renovasjon og var lova å stå ferdig for fleire år sidan. Difor har elevane ikkje hatt gym eller svømming og manglar framleis halvparten av skulegarden sin.

Assistent og lærer

Assistent Elisabeth Persen måtte opne meinigheitssalen slik at 10.-klassingane kunne ha ein varm stad å ha Klassequiz med NRK på måndag morgon.

– Det er ikkje noko artig, men dette er vår kvardag, seier Persen. Ho fortel at ho veit om fleire barnefamiliar som vurderar å flytte.

Elisabeth Persen er assistent på Værøy. Hun har brunt hår i hestehale, briller, hvit genser og sort boblejakke. Hun står foran et hvitt murbygg med en tredør.

Elisabeth Persen er som assistent på Værøy skule, i tillegg til å vere kyrkjetenar og klokkar opna meinigheitssalen for elevane då klasserommet var for kaldt.

Foto: Oda Stine Hansen Viken / NRK

Også lærar Christensen meiner nok er nok. Det var ho som fann termometer på naturfagrommet og målte temperaturen på klasseromma måndag morgon.

– Skulen er ikkje ein oppbevaringsplass. Elevane er her for å bli utdanna, seier ho.

Christensen seier at dei har forsøkt å seie til deira leiarar at inneklimaet ikkje er haldbart. Då fekk ho i staden beskjed om å stormlufte frå politikarane.

To elever ved 10. klasse på Værøy skole står og ser mot skolen sin i det lyserosa bygget.

Værøy skule ligg midt på hovudøya på øysamfunnet Værøy.

Foto: Oda Stine Viken / NRK

No har ho sendt inn eit varsel. Det håper ho gjer at politikarane kan legge inn meir lokkemiddel for å gjere skulen betre for rekruttering.

– Det er frustrasjon fordi ein føler at ein ikkje strekker til.

Jill Arntsen er politikar i opposisjonen for KrF. Men ho er òg forelder. Ho meiner krisa på skula har fleire konsekvensar enn kommuneleiinga er klar over.

– I små samfunn sit vi med mange hattar.

Kommunedirektør: – Litt snare med å sende dei heim

Fredag hadde politikarane ekstraordinært kommunestyremøte. Men elevane synest ikkje dei kom fram til nokon ting. Då seriar dei skulen allereie hadde vore kald i ei veke.

– Det viser kor lite politikarane bryr seg om skulen og elevane. Det går ut over alle. Det er ikkje bra, seier Jacobsen.

Elevene Elivra Persen, David Mortsensen og Emma Torstensen står ved et hvitt gjerde og peker mot skolen sin på Værøy.

Elevane Elvira Persen, David Mortsensen og Emma Torstensen meiner politikarane i kommunen ikkje bryr seg om dei og deira problem.

Foto: Oda Stine Viken / NRK

Erling Sandnes, kommunedirektør på Værøy, fortel at det var ein feil av varmen gjekk av i helga, og at det ikkje skal vere slik. Ifølge han er det første gong det er så kaldt på skulen.

– Eg synest dei var litt snare å sende dei heim. Det var varme der 1. klasse var, på SFO og i fleirbrukshallen, seier han til NRK.

Årsaka til at det er problem knytt til både temperatur og ventilasjon, og at elevane ikkje har hatt svømmeundervisning dei siste par åra, handlar om renoveringa av skulen, fortel Sandnes.

Rådmann på Værøy, Erling Sandnes.

Erling Sandnes, kommunedirektør på Værøy seier skulen får ny rektor på onsdag. Det håper han blir betre. Det er den fjerde rektoren på fire år. – Det er klart at å vere rektor på ein skule uansett kor er ein belastande jobb. I små samfunn blir du ståande veldig åleine. 

Foto: Ola Helness / NRK

– Kvifor har det tatt så lang tid å få skulen ferdig renovert?

– Her ute er det ei utfordring å få fagfolk. Då blir ikkje alt gjort med ein gong, seier kommunedirektøren og legg til at stormlufting har vore ein løysing på fleire bygg som ikkje fungerer. Også på rådhuset.

– Kva tenkjer du om at elevane ikkje føler problema på skulen blir tatt på alvor?

– Eg oppfattar at alle har lyst til at skulen skal vere ein god plass å vere, seier han.

Kommunedirektøren fortel at dei bruker pengar på annonsering av lærarstillingar på sosiale medium til dømes, men at det er knapt med tilsette i heile den kommunale sektoren.

Må skje ein endring

Elevane har tatt opp problema sine på møte i ungdomsrådet. Likevel har dei ikkje store håp for at det blir gjort noko.

Klassevenninna Elvira Persen seier det må skje noko, om til dømes ho skal flytte tilbake etter vidaregåande.

– Om det forretter slik som no, har ikkje eg lyst til å kome tilbake. Det har vore så mykje styr med skulen. Eg vil ikkje at mine ungar skal oppleve det same.

Publisert 23.09.2024, kl. 17.13

Read Entire Article