Skule­skrekken

1 day ago 7



Guten er sliten etter skuledagen. Ikkje i ryggen der det er operert inn ei hard stong for at Reodor Bruland skal kunne sitje oppreist.

– Nei, eg er sliten i hovudet og i denne eine foten. Dumme, dumme hofta, seier han og slår seg litt på hofta.

Guten frå Skjåk i Nord-Gudbrandsdal kan bli ein av dei som politikarane råkar hardast ved å legge ned skular i haust.

Det er fylkeskommunane som driv vidaregåande skular (VGS). Fleire av dei har løfta øksa for å hogge ned, spesielt dei minste skulane – som i Lom i Innlandet.

Fredag kom fylkesdirektøren med si tilråding: Dei vidaregåande skulane i Lom og på Dombås, Flisa og Skarnes bør leggjast ned – medan Otta, Vinstra, Gausdal og Lillehammer bør drivast vidare.

Dei endelege politiske avgjerdene fell seinare i haust. Foreldre, lærarar og bygdefolk kjempar for livet til skulane.

Det er enno nokre år til Reodor skal byrje i vidaregåande. Han har CP, men stortrivst faktisk i rullestolane sine. Heime frå skulen sladdar han litt rundt på den store tomta på Bråta i Skjåk.

Stort sett likar han seg også i klasserommet på den tilrettelagde skulepulten fremst på vindaugsrekkja på Skjåk barne- og ungdomsskule.

Men han treng noko å sjå fram til. Nærmast i tid gler han seg til den nye, avanserte rullestolen. Ein Extreme X8 med firehjulstrekk kjem snart til Skjåk.

Nokre år lenger framme hadde Reodor gleda seg til å starte som elev på vidaregåande i nabobygda Lom.

Men slik blir det truleg ikkje.

Dei 100 elevplassane og 20 lærarstillingane på VGS i Lom er blant dei mest nedleggingstrua i heile Innlandet – og landet elles.

– Eg vil gjerne gå på vidaregåande i Lom. Den skulen bør ikkje leggast ned, seier Reodor til VG.

– For meg med min kropp betyr ei nedlegging null vidaregåande. Kroppen min toler ikkje skuleskyss i timevis. Eg kan nok heller ikkje bu på hybel på Vinstra eller Otta med eit korps av assistentar rundt meg.

Frå bustaden hans er det ti mil til Otta og 13 mil til Vinstra – dei alternative skulane dersom Nord-Gudbrandsdal VGS avd. Lom blir nedlagt.

Reodor smiler nesten støtt. Då han snakkar om vidaregåande blir han meir alvorleg. Draumen og målet er å skaffe seg ein jobb som teknikar på Hjelpemiddelsentralen.

Foreldra Geir (49) og Ragnhild (43) ser ikkje noko anna alternativ for sonen enn vidaregåande i Lom.

Reodor er enno veldig ung. Kvifor engasjerer de dykk i vidaregåande for han allereie no?

– Det er jo framtida vår. Vi skal fungere som familie i morgon også. Og Reodor vil ikkje klare lang skuleskyss eller å flytte på hybel i Otta eller Vinstra, som er alternativa dersom VGS i nabobygda Lom blir nedlagt, svarar mamma Ragnhild Langøygard.

Familien bur naturnært. På Bråta, eit kvarters køyring vest for Bismo, som er sentrum i Skjåk.

Spesielt elg, men også hjort, rådyr og ørn er å sjå i nærleiken av den romslege bustaden. Spesialbygd for Reodor og rullestolane hans.

Ørn har teke tre av familien sine kattar opp i gjennom. Ein dag talde familien 26 elgar og elgkalvar på jordet, få meter frå huset.

Her vil dei bu og leve, midt i skogen på den tre–fire mål store tomta.

Ragnhild driv tannklinikk i Lom. Geir driv hytteservice og jobbar som bilmekanikar i bygda – ein handymann som også samlar på veteranbilar.

Ragnhild og Geir meiner det er viktig at politikarane i omfangsrike Innlandet fylkeskommune får sjå at skulenedlegging ikkje berre dreiar seg om tal, demografi og kroner. Men om folk. Unge folk og ei framtid for bygdene.

Reodor er ein av dei.

Mange i Skjåk og Lom er spesielt skuffa over at partiet som brukar slagordet «Alle skal med», går i front for å legge ned fleire av Innlandet sine skular.

Saman utgjer dei ein sjeldan politisk maktkonstellasjon.

 Frank Ertesvåg, VGFoto: Frank Ertesvåg, VG

Fylkesordførar Thomas Breen (52) er tidlegare stortingsrepresentant frå den gamle Ap-bastionen Hedmark. Med fylkesvaraordførar Hanne Velure (61) frå Høgre har han danna eit spesielt styringsfleirtal i samanslegne Innlandet saman med MDG.

Det er utfallet av forhandlingane i desse tre partia som avgjer framtida til dei vidaregåande skulane i Innlandet.

Ein del av strategien deira er å danne robuste skule-einingar i regionane som digre Innlandet består av. For det er ikkje til å kome vekk frå: Elevtalet er fallande.

Likevel knyter det seg spenning til kva Ap sitt representantskap i fylket seier på møtet førstkomande helg – og kva det vil seie for framtida til Reodor.

Stoda er i Innlandet som ein del andre fylke: Bornekulla og årskull blir mindre enn før. Prognosane viser færre elevar i vidaregåande på sikt.

Spenninga rundt nedleggingar vart ikkje mindre torsdag denne veka. Då gjekk sju parti, mellom andre SV, Sp og KrF ut i lokalavisa GD og fortalde at dei ville stoppe skuledøden.

Kva seier du, Breen, til Reodor og foreldra hans dersom vidaregåande i Lom blir lagt ned?

– Vi har eit særskilt ansvar for å legge til rette skuletilbod for elevar som Reodor. Eg kjenner meg sikker på at vi klarar å lage eit godt og tilpassa tilbod til han, svarar Breen.

– Bryt ikkje Innlandet Ap med eige valprogram når ein går inn for å legge ned vidaregåande skular eller avdelingar i fylket?

– Nei, Innlandet Arbeiderparti gjekk til val på å sikre vidaregåande skuletilbod med høg kvalitet i hele fylket vårt. Det er den jobben vi gjer no. Det er i tråd med både årsmøtevedtak i Innlandet Ap, vedtak i fylkestinget og valprogram.

– Kva inntrykk gjer det på deg at bygdefolk i Lom og Skjåk mobiliserer såpass sterkt?

– Det er forståeleg at det blir mykje kjensler når eins nærmaste skule står i fare for å bli lagt ned.

– Mange bygdefolk i eit tradisjonelt sterkt Ap-distrikt kritiserer dykk for å bryte med slagordet; Alle skal med?

– Vi må repetere kvifor vi tek desse grepa: Nettopp for at alle i kvar region skal få eit betre og meir førutseieleg skuletilbod, svarar Breen.

I en TV-debatt i regi av avisen GD seier fylkesvaraordførar Hanne Velure:

– Det er for mange skuleplassar og for få elevar.

Ho belegg påstanden med at det er 11.700 elevar til 13.500 VGS-skuleplassar i fylket. Elevtalet vil falle til litt over 10.000 i 2038, held ho fram.

I likskap med Breen i Ap meiner ho at fylkestinget no er i ferd med å ta grep som politikarane i dei to tidlegare fylka Oppland og Hedmark burde ha teke for fleire år sidan.

Fylkesordføraren og varaordføraren er overtydde om at det store fylket er nøydd til å ta grep.

 Frank Ertesvåg, VGFoto: Frank Ertesvåg, VG

– Sidan 2013 har Innlandet mista 3000 elevar. På grunn av låge fødselstal og små barnekull kjem vi til å miste ytterlegare 3000 elevar i åra som kjem, forklarar Breen og minner om at kvart år blir fleire linjer ikkje sett i gang grunna for få søkarar.

– Det har store konsekvensar: Lærarar veit ikkje før i april om dei har jobb i august, elevar veit ikkje om dei får gå på linja dei har søkt på, og bedrifter veit ikkje om dei får lærlingar,

Han meiner Innlandet ikkje kan halde fram slik.

– Difor må vi samle oss om færre skular, slik at vi får eit førutseieleg utdanningstilbod for elevane, dei tilsette og næringslivet, seier Breen.

Han og Hanne Velure held til i fylkeshuset i Hamar, ein fire timars køyretur og 25 mil frå Skjåk barne- og ungdomsskule, der Reodor er elev.

Fleire i Skjåk og Lom meiner avstanden mellom Hamar og bygdene i Nord-Gudbrandsdal er så lang at det er «lettare» å økse ned skular oppunder Galdhøpiggen enn på flatbygdene på Hedmarken.

Det einaste alternativet Reodor sjølv og foreldra ser til Lom vidaregåande, er permanent heimeskule. Det reknar dei som eit særs dårleg alternativ for ein sosial kar som 11-åringen.

Reodor trur ikkje han kan ha det betre nokon annan stad enn i denne bygda.

– Her er det så fredeleg. Ikkje noko stress og kaos. Det er ein god plass å bu, fastslår han.

I bakeriet er Jeanette Schakenda høgt og lågt.

Tidleg ein tysdag luktar det som vanleg fersk bakst i Fossbergom, som er det lokale namnet på sentrum i Lom.

56-åringen er innflyttar og tok over ansvaret for bakeriet etter at mannen hennar, «superbakaren» Morten Schakenda, gjekk bort i 2022.

Den opphavelege Oslo-jenta er også realfagslærar på den nedleggingstrua skulen.

Ho slit ikkje med å setje ord på kva den vidaregåande skulen betyr for Lom og Skjåk og omland.

– Så å seie alle elevar fullfører. Og alle på byggfag får læreplass. Då har du allereie spart samfunnet for enormt med utgifter i form av trygdeytingar, seier Jeanette Schakenda mellom hyller med store mengder surdeigsbrød og kanelknutar. Bakeriet hennar omset for rundt 30 millionar i året.

Ho syner også til at barnekulla er såpass store at det ikkje blir nokon nedgang i elevgrunnlaget å snakke om dei neste 16 åra – altså fram til 2038.

– Eg klarar ikkje å finne nokon gode argument for å legge ned skulen.

Alle Schakenda sine eigne tre ungar gjekk på VGS i Lom. Den eine gjekk byggfag og er lærling i ei lokal verksemd som driv med lafting.

– Er ikkje 100 elevar på skulen i minste laget for å ha ein robust skule med eit fagmiljø?

– Ja, dei snakkar om det, men det er ikkje slik at omgrepet robust er lik ein skule med 600–700 elevar. Det er andre ting som tel, svarar Schakenda.

– Det handlar om å styrke dei elevane som er her. Gi dei eit grunnlag og ein tryggleik for å kome vidare i livet. Vi veit jo at mange av dei som går her, hadde fått ein verre kvardag og lettare droppa ut dersom dei måtte sitje på buss tre timar dagleg eller flytte på hybel

Ho legg heller ikkje skjul på at ei rekkje elevar frå skulen har hatt sommar- og deltidsjobb på bakeriet sidan etableringa for 20 år sidan. Oppslagstavla er fylt med bilete av nye og gamle tilsette.

I høgsesongen sist sommar hadde ho ikkje mindre enn 60 namn på arbeidslistene sine. Køen utanfor Bakeriet i Lom er kjend milevis utanfor Nord-Gudbrandsdalen.

Magen hennar sladrar om at paret snart bidreg til folketalsutviklinga.

På Fossheim turisthotell i Lom møter vi ekteparet Margrete Morken (39) og Sondre Bøye (39). Morken er fysioterapeut i Skjåk kommune, gravid – og veldig gira på å gi barna sine ei god framtid, med framleis vidaregåande skule i nærleiken.

– Eg kan ikkje skjøne at det er naudsynt å legge ned ein svært god lokalskule med full elevfylling, seier Bøye.

Han er kommunelege i Skjåk, og leiar ein lokal aksjon for å redde skulen. Hovudverktøyet er tal og framskrivingar av elevtilfanget på skulen.

– Det er ingenting i den demografiske utviklinga, korkje lokalt eller i fylket som tilseier at det er naudsynt å legge ned denne skulen, seier Bøye til VG.

– Skal vi ha levande bygder, så må folk ha skule til ungane sine. Fjernar du den, så byrjar ting å bli vanskeleg, seier Morken.

Færre elevar framover

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) si framskriving av folketal viser at talet på 16- til 18-åringar i Innlandet fylke er forventa å falle med 4,7 prosent fram til 2033, og 10,7 prosent fram til 2038.
  • Framskrivingane er høgst usikre og upresise i høve til elevkulla framover, meiner fylkesadministrasjonen.
  • Fylkesdirektøren minner bl.a. om at en del elevar vel andre tilbod tilbud enn fylkeskommunen sine vgs, til dømes private vgs. I tillegg er det nokre elevar som ikkje er i eit ordinært skuleløp, men i Oppfølgingstenesta eller i to-årige løp før lærlingplass.
  • I sum viser dette at behovet for skuleplassar i fylkeskommunal regi er ein god del mindre enn antallet 16-18-åringer (tre årskull) i den enkelte region, skriv fylkeskommunedirektøren.
  • Fylkeskommunen tek dermed høgde for at det blir om lag 3000 færre vgs-elevar i Innlandet om ein 14–15 års tid.
  • Den betente skulesaka i Innlandet skal avsluttast politisk med vedtak på fylkestinget på Hamar onsdag den 23. oktober.

Kjelder: SSB, Innlandet fylkeskommune

I Bergen held forskaren Hanna Gjeilo Skjåkødegaard (40) til. Ho jobbar på Universitetet der. No funderer ho og ektemannen på om dei skal ta med seg dei to borna og flytte heim til Skjåk.

Dei fekk tomt i bryllaupsgåve. Hanna elskar sine opphavelege heimtrakter så sterkt at ho går i bresjen for å redde vidaregåande-tilbodet i Lom.

– Det finst ikkje noko kunnskapsgrunnlag som tilseier at VGS i Lom skal leggast ned, seier ho glødande engasjert til VG, frå jobbreise i Spania.

Ho er også aktiv i aksjonsgruppa for å redde skulen i Lom.

Bilde av Hanna Gjeilo SkjåkødegaardHanna Gjeilo Skjåkødegaard

Forskar og skjåkvær

Kva er ditt viktigaste argument for at skulen skal leve?

– Bygder som Lom og Skjåk vil sløkkje lyset og døy ut dersom ikkje skulen får leve, seier ho.

Kva gjer du og din familie dersom VGS i Lom blir lagt ned?

– Dersom politikarane legg ned denne skulen, vil vi nok ikkje flytte heim, svarar Skjåkødegaard.

Bilde av Stian NyhusStian Nyhus

Politikar og skjåkvær

Tidlegare Ap-statssekretær Stian Nyhus (51) er også opphaveleg skjåkvær.

Han var sjølv elev på vidaregåande i Lom i ungdomen. No åtvarar også han sine partikameratar mot å legge ned skulen i Lom.

– Innlandet Ap bør tenkje grundig gjennom kva konsekvensar ei nedlegging vil ha for bygdene våre, og om dette er i tråd med god sosialdemokratisk politikk. Etter mitt syn er det mest høgrepolitikk, skriv Nyhus i lokalavisa Fjuken.

Det er smertefullt å legge ned skular.

Inne i sjølve kjernehuset for stridens eple, den vidaregåande skulen i Lom, sit tre lærarar i 30-åra i den kombinerte kantina og foajeen.

Vi spør kva dei skal gjere dersom skulen blir lagt ned.

Lektor Liv Mona Jonsgaard (38) bryt ut i gråt.

– Eg ser ikkje anna alternativ enn å bli arbeidslaus. Vi er gardbrukarar. Vi har ungar. Mange har husdyr. Vi kan ikkje sitje tre timar i bil dagleg for å jobbe i Otta eller på Vinstra, seier Jonsgaard og tørkar tårer.

Saman med sine to kollegaer Kari Ousten Lyngved (38) og Guro Grimstad (37) er ho uroa for kva som skjer med spesielt dei elevane som har ekstra utfordringar.

– Denne skulen har svært høg gjennomføringsgrad, men også høg kvalitet. Ein skule der elevane kjenner på meistring. Samtidig har vi bygd opp eit sterkt fagmiljø, seier Lyngved, som er tillitsvald for lærarane.

Ho meiner skulen i praksis viser at det er mogeleg å ha eit sterkt fagmiljø, sjølv med 20 lærarar og rundt 100 elevar.

Rett over lærarane på den vidaregåande skulen driv den gamle VGS-eleven på byggfag, no lærling, Gjermund Olsen (18) på og legg nytt tak på skulebygningen og Utgard fleirbrukshus.

Det er eit langsiktig prosjekt som ikkje tek høgde for skulenedlegging.

I ein SMS til VG skriv Gjermund sin sjef og onkel, Leif Einar Olsen i takentreprenøren Tessand byggservice:

«Dette vil halde i cirka 30 år.»

Tips oss

Bilde av Frank Ertesvåg

Journalist

Journalist i VG. Jobbar mykje med oppvekst. Skriv også om politikk og historiar frå folk sitt kvardagsliv. Har tidlegare vore journalist og leiar i fleire lokalaviser.

Bilde av Line Møller (foto)

Journalist

Fotograf i VG siden 1989. Har dekket nyheter innenriks og utenriks. Mye sport og siden 2011 feature og historiefortelling. Er ekstra glad i å møte vanlige mennesker som har en historie å fortelle. Instagram: @linemfoto

Read Entire Article