Skuffa over regjeringas gladnyheit: – Held ikkje til ein liten asfaltflekk

6 days ago 9



Måndag morgon kom nyheita om at regjeringa lover 63,3 millionar kronar meir til fylkesvegar i Nordland neste år.

Stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran (Ap), som slapp nyheita, sa stolt at Vestland er det einaste fylket som får meir pengar enn Nordland i 2025.

– I sum betyr dette at det er mogleg for Nordland å starte den store jobben med å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, sa han.

Men ikkje alle jublar over nyheita.

Pengane har nemleg vore lova sidan Nasjonal Transportplan blei lagt fram i mars. Ifølge NAF gir regjeringa mykje mindre pengar enn dei sa dei skulle gjere der.

– Vi hadde forventa at dei heldt eigne løfte i første budsjett etter at dei la fram Nasjonal transportplan. Det held ikkje å seie at aukingar kjem i framtida, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

NAF: – Betre med ein fugl i handa

I Mo i Rana blir det jobba for fullt. Eit strekke på 1,6 mil på fylkesvegen skal få seg eit løft.

– Her skal vi inn med forsterkingslag, også blir det asfalt til slutt, seier dagleg leiar i J. Jacobsen transport AS, John-Kristian Jacobsen.

Men det er berre ein drope i havet for det fylkeskommunale vegnettet.

Dårlig vei på Hemnesberget, Nordland (redigert)

Nordland er det fylket i landet som har flest fylkesvegar. Difor har fylket også høgast etterslep i landet.

Foto: Markus Thonhaugen / NRK

– Det er lite. Nordland har så mykje fylkesveg. Difor er eg veldig spent på kven som blir prioritert. Skal vi få det løftet vi treng, trengst det betydeleg høgare summar, seier Kjell-Idar Juvik, sekretariatsleiar i Polarsirkelrådet.

Ingunn Handagard, pressesjef i NAF går så langt at ho meiner regjeringa om lag bryt med sitt eiget løfte.

– I Nasjonal transportplan står det heilt klart at dei ønsker å bruke ein milliard meir i året i første seksårsperiode på fylkesvegane.

Ingunn handagard - pressesjef NAF

Ingunn Handagard, pressesjef NAF, seier pengane frå regjeringa er langt unna det nivået dei sjølv har sagt er naudsynt for å ta var på fylkesvegane.

Foto: NAF

– Det er både skuffande, men også overraskande at dei ikkje nyttar høvet til å halde sine eigne løfter som dei kjem med i NTP.

I den nasjonale transportplanen står det at regjeringa frå 2025–2030 skal løyve 5,1 milliardar til fylkesveg. I budsjettet for 2024 løyvde dei 4,1 milliardar.

– Dei som køyrer på forfalne vegar i dag vil tenkje at ein fugl i handa er betre enn ti på taket, meiner Handagard og peiker på at ein no er avhengig av at prioriteringa blir gjort kvart år fram i tid.

– Ein burde brukt høve allereie no til å fylle det løftet.

– Vil ta 200 år å fikse vegane

Og NAF er ikkje dei einaste som reagerer.

Heller ikkje fylkesråd for samferdsel i Nordland, Marianne Dobak Kvensjø (H), trur på at dette vil gi eit ordentleg løft til fylkesvegane.

– Dette løftet gir ikkje tilstrekkeleg med middel for å ta det store grepet som Bjørnar Skjæran seier det vil bli, seier ho.

Marianne Dobak Kvensjø (H), fylkesråd for samferdsel, har mørkeblondt halvlangt hår, briller, pærleøredobber, hvit skjorte og blå strikkavest. Hun står i et kontorlokale og ser rett mot kamera.

Marianne Dobak Kvensjø (H), fylkesråd for samferdsel, seier ho er skuffa over at dei ikkje får sjå det løftet regjeringa har lova. – Vi er avhengig av meir enn 60 millionar meir kvart år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– I denne farta vil det ta 200 år før fylkesvegane er ordna. Dette held ikkje til ein liten asfaltflekk ein gong.

Til saman har Nordland fylkeskommune over 20 milliardar i etterslep, ifølge Kvensjø. Fylkesvegane må nemleg bli oppgradert for om lag 14 milliardar, tunnelane til rundt 7 milliardar og tilstrekkeleg skredsikring vil koste 5 milliardar.

Skjæran: – I rute med ambisjonen

Men Stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran meiner dei leverer nett som dei skal.

– Det står i meldinga at ein skal legge opp til ei gradvis innfasing av fylkesvegsatsinga. Med løyvet i statsbudsjettet er regjeringa i rute til den ambisjonen, seier han.

Bjørn Skjæran, arbeidspolitisk talsmann for Ap sier at det jobbes med saken.

Stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran seier det er ein gladnyheit at dei er i rute for ambisjonane sine for Nasjonal transportplan.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Kvifor gir de ikkje meir med ein gong, slik at det verkeleg blir eit løft?

– Det er ikkje noko nytt at i ein fasar inn nye satsingar gradvis. Innanfor eit ansvarleg budsjett må ein rydde plass til satsingar og reformer steg for steg.

– Men kva om det ikkje blir prioritert også med dei kommande nasjonale transportplanane?

– Eg er trygg på at når regjeringspartia har laga ein nasjonal transportplan som endeleg gir ei satsing til fylkesveg, er det tryggande når ein er i rute til å nå det.

Steigentunnelen ligg langs fylkesveg 835. Tunellen har fleire gongar fått kritikk for å vere for mørk. Etter oppussing i sommar har tunellen no fått nytt lys.

Skjæran er klar over at pengane i år ikkje vil vere nok til å dekke heile etterslepet, men meiner det er fylkeskommunen sin jobb å prioritere pengane rett.

Politikaren peiker på at regjeringa har gitt fylkeskommunane dobbelt så mykje i frie middel kvart år etter regjeringsskiftet og meiner det er lettare å vere fylkesråd med denne regjeringa.

Høgre gav nemleg mindre pengar til fylkesvegar då dei sat i posisjon. Men Kvensjø frå Høgre seier partiet gav meir pengar til fylkeskommunane totalt, dei var berre ikkje øyremerkt.

– De er jo no i posisjon, så no kan de ta ansvar?

– Vi skal ta ansvaret vi har og prioritere det. Men vi er heilt avhengig av meir pengar om vi skal ta igjen etterslepet. Vi kjem til å gjere vår del av jobben, men forventar at regjeringa følger det opp.

Forslaget til statsbudsjett for 2025 blir lagt fram av regjeringa 7. oktober, før det skal bli behandla i Stortinget i byrjinga av desember.

Publisert 01.10.2024, kl. 06.00

Read Entire Article