Skjerp dykk, NRK

1 month ago 24



Heiko Junge / NTB

Debatten om olje som vart sendt på NRK tysdag kveld med Støre og Listhaug, var ein total skivebom.

    Torsdag 16. januar kl. 15:15
     SIGRID HODDEVIK LOSNEGÅRD Av: SIGRID HODDEVIK LOSNEGÅRD

    Nestleiar i Natur og Ungdom

    Eg er fullstendig sjokkert, forbanna og sønderknust av tysdagens debatt.

    At det er mogeleg å sende noko om tar oss tilbake til 1990 — når klimakrisa er her no!

    Støre og Listhaug kunne knapt kallast motdebattantar i denne saka.

    Begge to får snakke lenge om at de vil borre etter olje så lenge som mogeleg.

    Faktisk er det ingen som seier eksplisitt ordet klimakrise gjennom heile sendinga.

    Eg er sjokkert, forbanna og skikkeleg redd.

     Skjermdump, NRKFoto: Skjermdump, NRK

    Unge sin stemme må bli høyrt.

    Klisjeen er utvilsamt sann: Det er vår framtid det handlar om.

    Klimamåla våre er ikkje ein tilfeldig sett grense, men dei er sett av det internasjonale forskingsmiljøet for korleis vi skal unngå dei aller verste og farlegaste klimaendringane.

    Lukkast vi ikkje, står vi ovanfor den største humanitære krisa vi nokon gong har sett.

    Gjennom heile debatten verka det som vidare oljeleiting var ei sjølvfølgje, og at klimamåla ikkje var noko vi faktisk må forhalde oss til.

    Solvang sjølv sa i debatten at «dersom vi mot alle solemerke hadde klart prisavtalens mål» og «dersom vi på mirakuløst vis klarer 2-graders målet».

    Årsaka til at vi slit med å nå klimamåla er nettopp grunna politikarar som Støre og Listhaug og deira debatt i går.

    Klimamåla er norsk lov, og å ikkje forhalde seg til desse er dermed å bryte lova.

    Det er så sjukt at Sylvi Listhaug får stå i studio og snakke for 100 år til med oljeboring, utan å bli konfrontert med kor kontroversielt det faktisk er.

    Men i staden bli møtt med ein sittande norsk statsminister i 2025 som kritiserer henne for å sette 100 år som «sluttdato».

    Har vi verkeleg komen dit at Framstegspartiet skal legge premissen for norsk oljepolitikk, og til og med føre Arbeidarpartiet enda lenger i deira retning?

    Ei verd som ikkje når klimamåla, vil skape ei humanitær krise.

    Som ung, er dette ein skummel verd å sjå til.

    Statsministerkandidatane skal ikkje få øydelegge framtida mi uimotsagt.

    Når NRK ved Solvang ikkje greier å gjere dette, kan eg ikkje anna enn å ty til dette.

    I 2025 er det heilt useriøst at eg som ein 21 år gammal klimaaktivist, er den som må passe på at klimakrisa blir nemnd når statsministerkandidatane våre med sittande statsminister snakkar om olje.

    Eg er så enormt skuffa.

    Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
    Read Entire Article