– Her har du ein mann som er «godt nordanfor 50 år», så det er jo ei eventyrleg sak, eigentleg, seier Knut Nystad.
Han er blant dei som hjelper 56 år gamle Lars Andresen Jr. i treningskvardagen.
– Andresen har fått beskjed om at han må overbevise i Steinkjer nokre få dagar før VM. Kva tenker du om slike tidsfristar?
– Viss ein skal sjå på prestasjonsoptimalisering, så vil eg trur det ikkje finst andre utøvarar som synest det hadde vore så stas å få beskjed i siste liten.
Til samanlikning blei VM-troppen i langrenn tatt ut 21. januar og fylt opp med siste reserve 4. februar.
– Kva ville ein funksjonsfrisk løpar tenkt om dei fekk beskjed om at du må vente til det berre er dagar igjen til meisterskapen startar? Det ville jo ha stressa alle utøvarar, meiner Nystad.
SKAPER STRESS: Knut Nystad er engasjert i debatten rundt paralangrenn, og meiner løpet skiforbundet har lagt i uttaket til ski-VM kan skape stress for dei aktuelle utøvarane.
Foto: Erik Johansen / NTBFlytta til Trondheim for å satse mot VM
Fleire som følger idretten tett reagerer på uttaksprosessen til Skiforbundet inn mot Ski-VM i Trondheim, som blir arrangert frå 26. februar til 9. mars.
– I hovudet mitt er det ikkje snakk om noko anna enn at eg skal delta, seier Lars Andresen Jr. til NRK.
Han fortel at han har jobba «dag og natt» dei siste to åra for at han skal kome seg til ski-VM på heimebane.
Plassen han aldri skulle flytte frå – Levanger – er også skifta ut med ny leilegheit og sambuarskap i Trondheim for å trene i VM-anlegget.
Draumen til 56-åringen er framleis avhengig av det endelege VM-uttaket.
– Det einaste eg håpar på i dette uttaket, er ei ærleg og fair behandling, seier han.
I slutten av januar reiste fleire av landslagsløparane til prøve-Paralympics i Val di Fiemme og deretter vidare til VM i langdistanse i Toblach (11.-14. februar).
Andresen er heime, og har fått beskjed om at han må overbevise når verdscupen inntar Steinkjer første helga i mars, om han skal til VM-sprinten i Trondheim.
Konkurransen går berre føre seg tre dagar før det som kan bli Andresens VM-deltaking i Trondheim.
– Ideelt er det jo ikkje, det forstår jo alle, seier Andresen Jr.
– Når du får den beskjeden, så kan du ikkje kaste bort energi på å bli frustrert. I treningsplanen vår er Steinkjer-sprinten den laurdagen eit av hovudmåla våre, seier han.
Reagerer på VM-løpet
4. og 5. mars – i den andre VM-veka – er sett av til klassisk sprint. Det er aller første gong paraidretten blir sleppt laus under Ski-VM i nordiske greiner.
Ein av dei som reagerer på løpet som er lagt fram mot det historiske høvet, er Viljar Aasan. Han følger opp parautøvarane i privatsatsinga Team Aker Dæhlie, som er laget Andresen konkurrerer for.
ALT FOR VM: Lars Andresen Jr. er «godt nordanfor 50 år», men draumen om å prestere under VM på heimebane lever i beste velgåande.
Foto: Viljar Aasan– Eg synest at utøvarane som er aktuelle for Ski-VM, burde ha fått beskjed før jul om å trene godt og å halde seg friske og skadefrie. I eit VM på heimebane bør Noreg stille med så mange parautøvarar på startstreken som mogleg, seier Aasan til NRK.
Kravet frå forbundet
I sesonginformasjonen frå forbundet står det at «uttaket blir basert på ei heilskapsvurdering av resultat så langt i den internasjonale konkurransesesongen».
Til VM er det også eit krav om at utøvaren skal ha «realistiske sjansar til å ta seg vidare frå prologen».
Under NM på Gåsbu i midten av januar tok Andresen to NM-gull. Før jul tok han seg vidare frå prologen under Skandinavisk Cup på Gålå, den einaste internasjonale konkurransen han har gått denne sesongen.
For å bli tatt ut til Val di Fiemme var kravet at ein hadde «ein realistisk sjanse til å plassere seg i beste 1/3 av klassen sin».
Aasan meiner dei fire landslagsutøvarane står først i køen i desse uttaka.
– Dei kunne ha sendt fleire ned til Val di Fiemme for anten å få bevist eller motbevist at dei er gode nok. Det står jo i sesonginformasjonen at dei må prestere internasjonalt for å bli tatt ut. Men om dei då ikkje får lov til å representere Noreg internasjonalt, så blir det vanskeleg å vise seg fram, seier han.
STUSSAR: Viljar Aasan skulle ønske at skiforbundet sende så mange utøvarar som mogleg når paraidretten endeleg har blitt invitert inn i meisterskapen til dei funksjonsfriske.
Foto: Privat– Om han hadde hatt ein landslagslagplass, så meiner du han hadde fått ein enklare veg til VM?
– Hadde Lars hatt landslagsplass, hadde han allereie fått beskjed om at han er klar for VM, tippar eg. I alle fall ut frå dei kriteria som står i sesonginformasjonen, for der står det også at landslagsutøvarane skal prioriterast, svarer Aasan.
Kjenner seg ikkje igjen i kritikk: – Same vilkår
Landslagstrenar Peter Maurseth Blindheim seier til NRK at han ikkje kjenner seg igjen i at utøvarar blir favoriserte i uttaka.
– Alle stiller på same vilkår og av utøvarane som deltar i dei nasjonale skirenna, vurderer vi dei ut ifrå det som står i sesonginformasjonen. Går ein fort nok, så er ein med, seier Blindheim til NRK.
– Vi meiner at dersom ein skal ha noko i Trondheim å gjere, så er ein nøydde til å prestere. Ein må ha vist det under dei internasjonale konkurransane i førehand, seier Blindheim.
– Slik status er i dag, har Lars Andresen oppfylt FIS sine krav i samsvar med sesonginformasjonen slik at han blir vurdert i VM-uttaket?
– Lars har jo oppnådd poengkriteria, både for World Cup og for FIS. Det gjorde han i løpet av NM. Derfor har vi søkt om eit wildcard for han inn mot verdscupen på Steinkjer, for han var i utgangspunktet ikkje blant dei innmelde der.
Publisert 11.02.2025, kl. 05.12