Sjukehuset vårt kan rakna av dette. Heilt på ekte

3 weeks ago 25



KOMMENTAR: Det finst ting som ikkje går. At dei som skal hjelpa sjuke, samtidig må byggja sine eigne sjukehus, er ein sånn ting.

Bildet frå styremøtet i Helse Stavanger (SUS) i mars i fjor. Nestleiar Christine Sagen Helgø, til venstre, leiar Bjørn Erikstein og administrerande direktør Helle Schøyen. Foto: Pål Christensen
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi kan ikkje ha det sånn. Vi kan ikkje lata som at offentlege sjukehus er i stand til å tena store pengar. Eller at det i det heile tatt skulle vera ei fornuftig oppgåve å gi dei.

Oppgåva

Dei skal gi nødvendig helsehjelp. Dei skal operera og gipsa og behandla for kreft og få folk på beina igjen etter slag og ulykker og infeksjonar og pandemiar. Dei skal hjelpa folk med tunge, kroniske sjukdommar til eit så godt liv som dei kan klara få til, og helst skulle dei fått lov til å ta vare på alvorleg psykisk sjuke folk så lenge som dei eigentleg treng det.

Dei skal lindra, trøysta, kanskje gjera friske. Og blant alle oss som kan koma til å trengja noko av det, skal dei også prioritera. Dei som treng det mest først. Dei som er sjukast? Eller dei som har flest aktive leveår igjen? Dei av oss som lengst og høgast insisterer på den MR-en fordi vi har jogga kneet vårt vondt etter fylte femti? Definitivt ikkje det siste, vel?

Men også i Norge er det sånn at dei av oss som har høgast utdanning og best økonomi, er dei som oftast blir tilvist til hjelp på sjukehuset. Sjølv om det er dei i andre enden som slit mest med helsa.

Vi tar det ein gong til

Dei offentlege sjukehusa får alle pengane sine frå staten. Ein del av dei pengane får dei når alle innbiller seg at dei eigentleg jobbar på akkord i ei industribedrift og får betalt for kor mange ting – unnskyld, pasientar – dei får produsert ferdig på ei viss tid. Er dei ekstra flinke med den akkordgreia, kan dei klara å jobba fortare enn det akkorden seier. Då har dei spart pengar. Heilt til staten, som styrer akkorden, ser at her er det rom for å stramma inn, og gjer akkurat det. Så dei må jobba endå litt fortare.

Det kan også vera at sjukehusa eig bygningar, og kanskje tomtene dei står på. Det går an å skaffa seg pengar ved å selja dei. Nokon hevdar at det fører til at ein vel å byggja nytt, i staden for å rehabilitera. For viss ein byggjer nytt, på ei ny tomt, har ein i det minste noko å selja.

Det ligg visst ein tanke om sjølvstyre bak her. At ikkje alt skal bestemmast frå Oslo. At sjukehusa sjølv skal investera i det dei meiner dei treng. Den tanken møter seg sjølv i døra den dagen fagfolka ikkje får prioritera det dei meiner er viktigast, men det dei sparar mest pengar på.

Det finst inga fornuft i tanken om at sjukehusa sjølv skal investera i svære, nye sjukehus for ein heil region. For eksempel for cirka 24 milliardar kroner, som er det nye SUS for tida ligg an til å kosta. Pluss renter. Det er heilt kokko.

Lata-som-leiken

Likevel let mange i systemet som ingenting. Som at det skulle la seg gjera. I styremøte etter styremøte på SUS er økonomidirektøren bekymra, administrerande direktør er veldig bekymra, styret ser alvorleg på situasjonen, – før dei vedtar at det går fint. I mai vedtok dei å spara inn endå 200 millionar årleg frå 2026, i september at det måtte bli 260 millionar ekstra årleg. Dei tok til orientering kor bekymra alle dei tillitsvalde er for situasjonen. Men vedtok.

Og mens staten stolt fortel om nye, dyre lån til sjukehuset, mens leiinga på sjukehuset bukkar og takkar og ser litt glade ut, så slit det same sjukehuset meir og meir og meir med å klara å sørgja for gode nok helsetenester til alle.

Dei får ikkje ned sjukefråværet blant tilsette. Dei klarer ikkje få nok fagfolk. Dei manglar spesialistar. Dei manglar så mange radiologar at kreftpasientar må venta uforsvarleg lenge på å få ta den CT-en som kan gi svar på om behandlinga dei har fått verkar. Det kan ta opp mot to månader før brystdiagnostisk senter får avklart om du har kreft eller ikkje. Det kan ta nesten fire månader før ein psykisk sjuk tenåring dei har tatt inn faktisk kjem i gang med behandlinga si på Barne- og ungdomspsykiatrisk. Som også manglar spesialistar. Som slit med å halda på dei som er igjen.

Mens det raknar

Det held ikkje å vedta at ein er bekymra, alvorleg bekymra, eller ser alvorleg på situasjonen. Og venta på at nokon skal skjera gjennom. Den sitja-stille-i-båten-og-lata-som-det-går-bra-leiken må stoppa nå. For sjukehuset blir ein mindre og mindre attraktiv arbeidsplass. Og jo fleire flinke folk som sluttar av arbeidspress og kokko-krav, jo tyngre blir det for dei som er igjen, og jo større sjanse for at dei også sluttar.

Sjukehuset vårt kan rakna av dette. Heilt på ekte.

Diskusjonen om at vi går tomme for folk før vi går tomme for pengar, dekker over det. At det er sjukefråværet i helse og omsorg som må ned, at offentlege utgifter må ned, at det må vera eit tak på helseutgiftene, fordi vi er så veldig glade i alt som er gratis at vi aldri får nok. Alt det dekker over dette: At det er ein heilt, heilt tullete tanke at eit offentleg sjukehus skal lata som at dei tener pengar. At dei fint kan bera tunge milliardinvesteringar på eigen rygg. I årevis.

Det er ikkje sant. Det går ikkje. Staten må betala for nye sjukehusbygg. Alt anna er tull.

Publisert:

Publisert: 1. november 2024 09:22

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article