Sjukehusa i nord bruker vikarbyrå meir enn andre

6 days ago 13



Fredag la Statistisk sentralbyrå (SSB) ut nye tal over helseføretakas pengebruk på innleie av helsepersonell.

Helse Nord skil seg ut frå dei andre regionane.

Dei brukar rundt tre gongar meir på innleigde sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell enn resten av landet.

470 millionar kroner er summen Universitetssjukehuset Nord-Norge, Finnmarkssjukehuset, Nordlandssjukehuset og Helgelandssykehuset brukte på innleigd personell frå vikarbyrå.

Totalt brukte helseføretaka 1,7 milliardar på dette.

Toppar vikar- og overtidslista

Helse Nord hadde også høgare utgifter på midlertidige tilsette og overtid.

Det nordlegaste helseføretaket brukte på 731 millionar kroner på vikarar i fjor.

– Dette utgjorde 6 prosent av lønns- og personalkostnadane i regionen. I dei andre regionane var andelen mellom 3 og 4 prosent, skriv SSB.

Forskjellen på innleigd helsepersonell og vikarar er at vikarane er tilsette på sjukehusa.

Dei kan som fast tilsette jobbe overtid.

Også her har sjukehusa i nord større kostnadar enn dei i Søraust-, Vest eller Midt-Noreg.

Dei var på 660 millionar kroner i nord, opplyser SSB.

Samstundes bruker Helse Sør-Aust ekstrahjelp meir. Ekstrahjelpa er tilsette på som ikkje har fast stillingsprosent. Dei blir tilkalla etter behov.

Publisert 15.11.2024, kl. 11.27

Read Entire Article