Barne- og ungdomsarbeidaren i 30-åra gav sprit til 14-åringen.

Dei skal først ha møttest på datingappen Grindr. Ganske raskt heldt dialogen fram på Snapchat.
Til slutt møttest dei for å ha sex. Mellom anna på skulen der mannen tidlegare arbeidde.
No er mannen dømd til åtte månaders fengsel for seksuell omgang med den då 14 år gamle guten.
Han må også betale 80.000 kroner i oppreisningserstatning.
NRK skreiv om dommen først.
– Han oppfattar dommen som for streng. Det kan vera aktuelt å anka straffeutmålinga, seier forsvarar Hallvard Gardshol Bjørndal til NRK.

Sikra ikkje telefon og harddisk som låg i skuff med sexleiketøy
Var anonym
Mannen innrømde dei tre møta i retten, men hevda at han aldri såg guten sitt ansikt og trudde difor han var over 18 år.
Retten meinte dette uansett måtte reknast som grov aktløyse. Dei legg også vekt på at mannen gav alkohol til den fornærma guten for å skaffe seg seksuell omgang.

Var på jobbreise: «Ønsker å gjøre det samme. Lovet deg 3000»
– Retten finn det skjerpande. Vidare har retten lagt vekt på at det her ikkje er tale om ei enkeltståande episode, men minst tre tilfelle av seksuell omgang, skriv dommarane.
Framleis under etterforsking
Mannen i 30-åra er den sjuande mannen som er dømd for overgrep mot den same unge guten.
TV 2 har fleire gongar skrive om den omfattande overgrepssaka, der politiet har fått kritikk for mangelfull etterforskning.

Gut kan ha hatt tolv overgriparar – rasar mot etterforskinga
Dei avviser at dei kan ha oversett viktig informasjon om at dei ulike mennene kan ha samarbeidd om overgrepa.
– Det er ingenting i den dokumentasjonen som er undersøkt i min klient eller andre av dei tiltalte eller dømde sitt digitale materiale som indikerer ein slik organisert kopling mellom dei involverte i saka, har forsvarar Bjørndal sagt til TV 2.
Fem menn er framleis under etterforskning, sikta for overgrep og valdtekt av guten då han var under 14 år.