👖Sju plagg du kan sy av gamle jeans👖

2 weeks ago 13



Hausten er høgsesong for loppemarknader. Ein ting du alltid finn på loppemarknader og i bruktbutikkar er olabukser.

Nokre passar og kan brukast same dag. Er fasongen feil, kan du klippe ho opp og lage andre ting.

Oda Øye held på med ei skjorte av olastoff og har sydd teppe av gamle jeans før.

Det er fint å sy av gamle jeans, fordi det krev mykje å lage stoffet. Det er eit slitesterkt stoff som det er lurt å gjenbruke, fortel ho.

Dame med lyst hår og lilla tskjorte prøver på en olaskjorte hun holder på å sy.

Heiter de Oda begge to? Ja, ler Oda.

Dame med lyst hår, lilla tskjorte og målebånd rundt halsen sitter foran en symaskin. På bordet er diverse stoffer og bak henne tribune med publikum.

Det er mange saumar som skal syast før skjorta er ferdig.

To lyse hender trer i en tråd foran en symaskin og olastoff

Oda festar ein tråd på olaskjorta

Dame med lyr hår og lilla tskjorte med målebånd rundt halsen prøver et plagg hun syr av olastoff.

Oda Øye prøver på det som skal bli ei skjorte.

Dame med kort lyst hår smiler foran en hvit symaskin mens hun syr på et blomstrete stoff. Bordet er grønt og det står en lys rosa vannflaske der.

Oda Bjerva syr skjorte av mønstrete stoff.

To lyse hender syr på mønstrete blått og grønt stoff

Saumane må vere fine.

To lyshårede jenter med hvert sitt målebånd rundt halsen måler hver sin skjorte. Hun til venstre har blå skjorte og skjerf i halsen, hun til høyre har lilla tskjorte.

Namnesøstrene samanliknar skjorter.

Lista over kva du kan lage er veldig lang, men her er sju enkle plagg du kan teste med ein gong. 🪡🧶🧺

1️⃣Langt skjørt

Motebildet i sommar har vist tallause variantar av lange olaskjørt med splitt framme eller bak.

Oda Bjerva tenkte at langt olaskjørt kunne ho berre lage sjølv.

Eg hadde ei bukse som passa i livet som eg ikkje likte passforma og lengda på. Eg klipte den opp og brukte ei anna bukse i tillegg for å lage det lange skjørtet. Det var ikkje vanskeleg og tok ein ettermiddag, fortel ho.

Nesten alle bukser kan syast om til eit slikt skjørt.

 Caroline Utti/NRK)

✔️Oppskrift på langt skjørt på TikTok

✔️Oppskrift på kort skjørt på YouTube

2️⃣Slips

Skjorta gjer seg med eit slips. Men kor stilig hadde det ikkje vore om du hadde jeans, kvit skjorte og olaslips?

Det er berre å begynne å sy.

 Caroline Utti/NRK)

️Oppskrift frå Symesterskapet finn du her

3️⃣Veske

Eit handlenett eller ei stor veske til trening, stranda eller jobb blir sjeldan feil. Lag den med eller utan lommer utanpå og inni, trykknapp eller glidelås etter eige ønske, og lengda på handtaka bestemmer du sjølv. Blir det ein favoritt er det berre å køyre på med fleire størrelsar.

️Grunnoppskrifta frå Fæbrik finn du her.

✔️Vi du variere fasongen er det fleire variantar på YouTube her.

️Og eintTotebag frå YouTube her

️Ni små og store vesker på YouTube her

 Caroline Utti/NRK)

4️⃣Hårstrikk

Alle med langt hår treng ein strikk av og til. «Scrunchien» er ein av dei, og den kan du lage av alle moglege stoff og fargar.

Den er også fin å ha rundt handa når den ikkje blir brukt som hårstrikk.

 Caroline Utti/NRK)

️Oppskrift frå YouTube på scrunchie-hårstrikk

5️⃣Kjøkkenforkle

Bak kjøkkenbenken eller framfor grillen er forkle fint. Det kan syast av olabukse eller andre stoffar, med eller utan lomme og med valfri lengde.

Kva med matchande forkle til deg og sambuaren?

 Caroline Utti/NRK)

✔️ Forslag til oppskrift frå syskolen

6️⃣Topp

Ellar kva med ein overdel?

Ein olatopp er fin til både bukse, skjørt og shorts. Lengde og detaljar bestemmer du heilt sjølv.

 Caroline Utti/NRK)

️Halternecktop på Instagram

️Open rygg frå TikTok

7️⃣Kort foldeskjørt

Ein annan variant av kort skjørt er å legge på ein foldekant i valfri lengde. Her kan du også bruke eit anna stoff enn sjølve olabuksa for å sprite det opp.

 Caroline Utti/NRK)

✔️Oppskrift frå Pinterest finn du her

Du kan også lage andre vesker, bøttehatt og andre hattar av olarestene, seier Oda Øye.

Klipp opp buksa, lag eit plagg av dei store delane og bruk restane til mindre ting som slips eller strikk.

Meir inspirasjon til ting du kan sy av denimplagg på Pinterest finn du her.

Hei!

🙋🏾‍♀️Jeg skriver økonomisaker for unge. Har du tips til saker jeg bør lage er det topp om du sender meg en e-post!

Vil du lese flere økonomisaker finner du de andre sakene her.

Publisert 17.09.2024, kl. 10.51

Read Entire Article