Overgrepssaka i Ullensvang:
– Ho har mista trua på rettssystemet, seier forsvararen til mora i 50-åra som er dømd for valdtekt av sine to yngste barn.

Publisert 07.02.2025 19:28
Faren i 50-åra rista oppgitt på hovudet under opplesinga av dommen. Mora stira tomt ut i lufta og såg på dommaren.
Det var lett å sjå at dommen kom som eit sjokk på alle dei fire tiltalte.
Ein etter ein høyrde dei dommaren lese opp lagmannsretten sin konklusjon:
Alle fire er skuldige i grove seksuelle overgrep mot barna.
– Klienten min har heile vegen frykta at dette kunne vere utfallet, ettersom ho har mista trua på rettssystemet. Ho er oppriktig i sjokk over at ho faktisk er dømt i dag, seier advokat Astrid Aksnes, som forsvarer mora i 50-åra.
– Kvifor?
– Ho meiner dette ikkje har skjedd, og håpte at sanninga skulle kome for ein dag. Etter eitt år i varetekt hadde ho drøymt om at Gulating lagmannsrett skulle vurdere dette heilt annleis.

Dette er dommen mot foreldrepar, storebror og nabo
Trudde på frifinning
Faren - ein mann i 50-åra - hadde håpa på full frifinning.
– Då er det svært tungt å få ein dom på 20 års fengsel, seier forsvararen hans, Jan Henrik Høines.

Faren har heile vegen avvist at det har skjedd seksuelle overgrep. Han meiner dessutan at forklaringane til barna har vore sterkt påverka av andre.
– Vi er einige i at samtalane og framgangsmåtane er uheldige og bryt med anbefalt måte ein skal snakke med barn om dette på, sa dommaren, før lagmannsretten likevel la til grunn at det ikkje har skjedd påverknad men at forklaringane til barna viser at dei er sjølvopplevd.

– Kommunen skal lære av denne saka
Advokat Høines seier faren er oppgitt over at retten likevel har gjeve forklaringane til barna full tiltru.
– Han er veldig ueinig i at ei kan leggjast til grunn.

Ingen av dei tiltalte har bestemt seg for om dei ønskjer å anke saka.
Dette er straffene
Overgrepa i Ullensvang har vore kalla ei av dei verste overgrepssakene i nyare tid.
Brotsverka mot barna er så grove at media har vore nøydd til å vere svært tilbakehaldne med informasjon i saka.
Fredag fekk faren, mora, ein storebror og ei nabomann følgjande straff:
Nabomann i 30-åra – tiltalt for grov valdtekt av eigen son (12) og nabojente (12): Dømt til 12 års fengsel. Han må også betale erstatning til sonen sin med 350.000 kroner og 450.000 kroner til nabojenta.
Far i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): Dømt til 20 års fengsel. Han må betale 600.000 kroner i erstatning til kvart av barna sine. I tingretten fekk han forvaringsstraff.
Mor i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): Dømt til 17 års fengsel. Også ho er dømd til å betale erstatning på 600.000 til kvart av barna.
Storebror i 30-åra – tiltalt for grove valdtekter av bror (17) og søster (12): Dømt til 9 års fengsel. Må betale erstatning på 450.000 kroner til kvart av søskena sine.
Totalt er erstatningane på 4,1 millionar kroner til dei tre offera.
Tekniske bevis og forklaringane til barna
Dette er bevisbildet statsadvokaten presenterte i tingretten. Det består av indisiar, tekniske bevis, vitneforklaringar og avhøyr av vitne.
I straffesakene mot foreldra og storebroren:
Barna sine forklaringar, som påtalemakta meiner er truverdige. Overgrepa har skjedd mange stader, også på ferieturar utanfor kommunen. Nokre gongar skal heile familien ha vore involvert i overgrepa. Andre gonger skal far eller mor ha vore aleine om overgrepa. Det skal ha skjedd fleire stader i huset, både i dusjen og på soveromma.
Faren i 50-åra er tidlegare dømd for å ha lasta ned og delt overgrepsmateriale av barn. På nettet gjekk han under kallenamnet «Blondpus» og chatta med andre om overgrep mot barn. Mykje av det beslaglagde materialet er svært grovt. Påtalemakta meiner det er påfallande at mykje av det speglar det barna fortel dei er utsette for.
Det er funne sæd frå faren i madrassa i senga til dottera.
Då faren hadde sona ferdig i fengsel, slapp mora han inn igjen i heimen med barna. Sjølv om mannen i retten erkjente det han hadde gjort, har ho gitt uttrykk for at han blei utsett for justismord. Etter få dagar utanfor fengsel var faren i gang igjen med å søke etter overgrepsmateriale på nettet.
Søk på Google-kontoen til storebroren indikerer seksuell interesse for søster, meiner statsadvokaten. Det er gjort funn av søkeord som «jeg tenner på søstera mi» og andre detaljerte søk som omhandlar seksuelle handlingar med søster.
I straffesaka mot nabomannen:
Barna sine overgrepsskildringar, som statsadvokaten meiner er truverdige. Dei skildrar mellom anna overgrep i dusjen, ei kjellarstove, på soverommet og i eit telt i hagen.
Nakenbilete av nabojenta (11), som naboen lagra i ei kryptert mappe på mobilen kalla «intern info jobb». Han har sjølv forklart at det var sonen som tok bileta. I ein bildeserie er mannen avbilda kun iført undertøy, med jenta på fanget, også ho i berre trusa.
DNA-funn av same jenta på fleire sexleiketøy. I avhøyr teikna ho eit sexleiketøy med samme form og farge som politiet fann DNA-et hennar på.
Varsel til barnevernet frå andre i lokalsamfunnet. Dei reagerte på den fysiske kontakten mellom mannen og jenta på leikeplassar og i symjehallen. Det skal ha vore kyssing og klemming.
Enormt mykje kontakt mellom jenta, som då var sju år, og nabomannen på chatteprogrammet «Duo». Statsadvokaten omtala den hyppige kontakten som «ellevill».
- Svært skuffa
Kai Inge Gavle forsvarar nabomannen i 30-åra, som er dømt for grov valdtekt av sin eigen son, og jenta til den nemnde familien.
– Min klient er svært skuffa over dommen. Vi skal no gjennomgå den grundig, seier Gavle i ein kort kommentar.
Forsvararen til storebroren har førebels ikkje hatt høve til å uttale seg til media.
Bistandsadvokat Beate Hamre representerer dei to barna til det dømte foreldreparet.
– Det betyr mykje for dei at lagmannsretten trudde på forklaringane deira. Dette var ein grundig og god dom, seier ho.
Slapp forvaring
Det var likevel ein markant skilnad frå tingrettsdommen - faren i 50-åra slapp forvaring.
– Det er veldig vanskeleg å vurdere så lange straffer, men 20 år er lenge. Eg ser lagmannsretten ikkje er einig i min påstand, men vi må rett og slett berre få lest dommen og sjå, seier ho.
– Kan det vere aktuelt for påtalemakta å anke akkurat dette?
– Det er ikkje teke noko avgjerd kring det.