Ein vanleg trafikkontroll i Gjemnes i Møre og Romsdal i juli resulterte i meir enn slitne dekk, usikra last og manglande bremselys.
Då Vegvesenet kontrollerte førarkortet til ein utanlandsk sjåfør, fann dei at det var utstedt i ein utbrytarrepublikk i Europa.
Inge Rolandsen er inspektør for Statens vegvesen. Han fortel det er sjeldan ein ser slikt.
– Vi kan oppleve at førarkort er falske, men det har aldri skjedd at eit førarkort er registrert frå ein utbrytarrepublikk, fortel Ronaldsen.
Førarkort frå «utbrytarrepublikk»
Rapporten frå kontrollen Vegvesenet haldt lyder slik:
«Ein fører framviste førarkort frå ein utbrytarrepublikk i Europa, dette er ikkje anerkjent som land og dermed ikkje et gyldig førarkort. Politiet overtok saka»
Føraren vart overraska og var ikkje klar over at kortet var ugyldig, fortel både politiet og Statens vegvesen. Det vart oppretta sak på staden og sjåføren vart tatt inn i avhøyr.
Då vart det fastslått at sjåføren i juni hadde vore på kontroll hjå politiet sjølv og fått godkjent førarbeviset sitt.
– Sjåføren har nok handla i god tru om at førarbeviset var i orden, fortel Ronaldsen i Vegvesenet.
– Men det e veldig trasig om ein skulle kome utfor ei ulukke. Med eit ugyldig førarkort spelar ein veldig svakt i ein eventuell sikkerheitssak, legg han til.
Politiadvokat hos Møre og Romsdal politidistrikt Sande Brink bekreftar at sjåføren var på kontroll ein annan stad i fylket tidlegare i sommar, og at det i loggen står at han framviste eit gyldig førarkort. Om det var det same førarkortet, kan ikkje politiadvokaten sei.
– Han anfører då det vi i jusverda kallar for rettsuvitenheit. Han har altså vore uvitande om at det førarkortet ikkje var gyldig i Noreg, seier Brink.
Politiadvokaten seier at slik uvitenheit kan vere straffbar om ein er aktlaus, men...
– Eg meiner at han har vore aktsam. Vi kan ikkje motbevise at han har trudd at han kan køyre bil i Noreg med det, når han kort tid i førevegen har framvist antakelegvis det førarkortet, og fått lov til å køyre vidare. Straffesaka er lagt bort, seier Brink.
Sjåføren fekk behalde førarkortet, men har mista førarretten sin i Noreg.
Politiadvokat hos Møre og Romsdal politidistrikt Sande Brink.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK«Folkerepublikken Donetsk»
Førarkortet til sjåføren var utstedt i «Folkerepublikken Donetsk».
I april 2014 tok prorussiske demonstrantar kontroll over regionforsamlinga i regionen, eller fylket, Donetsk aust i Ukraina. Kort tid etter erklærte demonstrantane at dei hadde danna ein ny, sjølvstendig folkerepublikk.
Allereie same dag vart forsøket på å erklære utbrytarrepublikken kalla illegitimt. Noreg har fordømt Russland si anerkjenning av både «folkerepublikkane» Donetsk og Luhansk.
Den dag i dag er Donetsk ikkje anerkjend av Noreg.
Folkerepublikken Donetsk er ikkje anerkjend av Noreg, men påberopar seg mellom anna regionen Donetsk i Ukraina, på grensa til Russland.
Flaks det ikkje var i ein anna samanheng
NRK har kontakta bedrifta der sjåføren er tilsett. Stillinga hans er ikkje som sjåfør i bedrifta, men i dette tilfelle skulle han hente varer frå ein underleverandør.
Det var i forbindelse med denne turen han vart stoppa i tilfeldig kontroll av Statens vegvesen og tatt inn for avhøyr i etterkant av politiet.
Bedrifta legg til at dei synest handteringa av saka kunne vert betre.
– Det er ei moglegheit for at språkvanskar kan spele inn på den dårlege kommunikasjonen mellom sjåfør og politi, fortel leiar i bedrifta til NRK.
Den tilsette har berre vore i Noreg i seks månadar. Bedrifta presiser at dei har som mål å vere god på integrering, men også tilsette menneske som har god og relevant erfaring.
– Når han sjølv meiner alt er på stell og har det inntrykket, vil vi som arbeidsgivar gå god for det, fortel arbeidsgivaren.
Bedrifta vart informert om situasjonen og har i ettertid sagt at dei skal vere med på å legge til rette for at sjåføren får ta køyretimar i Noreg og i framtida ta sertifikatet slik at han kan få køyre lovleg i landet.
Publisert 14.07.2025, kl. 11.17