Sjå oversikta: Desse 60 kommunane snusar på kjernekraft

1 day ago 8



Ein måndag i januar er samfunnshuset i Høyanger stappfullt.

Direktørar frå Hydro og Eviny er inviterte for å presentere nye vindkraftplanar for kommunen, men før seansen er over skal møtedeltakarane gjere «mytteri».

Når dei reiser seg etter fire timar har dei tilreisande i staden vedteke at den vesle kommunen skal utforske eit alternativt energispor: kjernekraft.

I mars gjorde kommunestyret alvor av «marsjordren» og melde Høyanger inn i Norske kjernekraftkommunar.

Foreininga har vore restriktive med å dele nøyaktig kven som er med i klubben, men ei kartlegging viser at det nå er 60 kommunar som kan tenke seg å bli vertskap for små, modulære reaktorar (SMR).

Det er nesten ei dobling sidan mai, då det var 34 medlemmar.

Draumen er i alle tilfelle den same: Å veksle inn utmattande verne- og vindkraftdebattar med ein ny og konfliktfri energikjelde.

Eller med eit bilde: At ti fuglar på taket kan vere betre enn éin i handa.

Høyanger vart ein del av «kjernekraft-familien» i mai.

Kommunestyrevedtaket var samrøystes.

Også nabokommune Alver og Øygarden er med i foreininga.

I tillegg har Vestland-kommunen Austrheim signalisert at dei vil vere med.

I alt er det 60 kommunar og fylkeskommunar som vil vere vertskap for kjernekraft – over heile landet.

Det er nesten ei dobling sidan mai då det var 34 medlemmar i Norske kjernekraftkommunar.

Denne hausen har representantar frå ei rekke kommunar vore på reise til alpane for å sjå korleis sveitsarane har løyst energiforsyninga si med nettopp kjernekraft.

Grafikk: Anders Nøking

– Pushar konseptet ganske hardt rundt i kommunane

Parallelt med at fleire kommunar draumar om konfliktfri kraft, har også innvendingane vorte tydelegare formulert.

NHO, Norsk Industri og Fornybar Noreg og resten av «kraft-establishmentet» har argumentert for at kommunane blir lokka ned ein kostbar veg som berre leier til skuffelse – og ingen kraftproduksjon.

– Norsk kjernekraft pushar konseptet kjernekraft ganske hardt, seier direktør ved Institutt for energiteknikk (IFE), Martin Smedstad Foss, til energiavisa Europower.

I haust fekk skeptikarane ny ammunisjon da NVE rapporterte at kjernekraftverk vil vere fire gonger så dyrt som vindkraft på land.

Utrekninga har i sin tur blitt kritisert og forsvart.

Norsk Kjernekraft har på si side argumentert for at deira alternativ er «50 gonger meir kostnadseffektivt enn havvind».

NVE-rapporten kom på toppen av tilsvarande funn i ein omstridd Rystad-rapport som enda med at NTNU-rektoren måtte gå av.

I tillegg er det hovud som nesten har rulla.

Då ein medarbeidar Fornybar Noreg lufta synspunkt på kjernekraft som ikkje var i tråd med «offisiell lære», enda det med reprimande og oppvask.

Eit døme på kor sensitivt energispørsmålet kan vere.

– Nøkkelen er å finne balansen

I april fremja KrF eit forslag på Stortinget om å sette ned eit utval som kan førebu kjernekraft på norsk jord.

To månader seinare vart partiet bønnhøyrt da energidepartementet gav Cicero-direktør Kristin Halvorsen i oppdrag å leie kjernekraftutvalet.

Nyheita vart mottatt som ei symboltung kursendring frå ei regjering som tidlegare har halde fleire kjernekraft-initiativ på ei armlengdes avstand.

I sommar var 70 kjernekraftekspertar frå heile verda samla til tryggleikskonferanse i Loen i Nordfjord.

Representant for Noreg og IFE-direktør Nils Morten Huseby sa at den norske atomdebatten er ramma inn av to grøfter:

  • Dei som seier at kjernekraft er løysinga, og at vi derfor ikkje treng å gjere noko anna.
  • Dei som seier kjernekraft ikkje er løysinga, og at vi derfor ikkje treng å bruke meir energi på det alternativet.

– Nøkkelen er å finne balansen mellom desse to grøftene. Alternativet er at vi hamnar i ei kraftkrise, før eller sidan.

Direktør ved instituttet, Nils Morten Huseby ønsker den norske atomdebatten velkommen, men saknar meir fokus på fakta og tryggleik.

Publisert 20.11.2024, kl. 05.27

Read Entire Article