Sjå ørna gå til angrep på turgåar: – Mista balansen og datt ned

3 weeks ago 12



Turgåar og fotograf Svein Roger Ivarsen frå Molde fekk ei naturoppleving heilt utanom det vanlege sist helg då han var på hytta ved Dovre.

Han sat åleine på ein fjelltopp i Grimsdalen då han brått kjende eit hardt dunk i bakhovudet. Då han snudde seg stira han rett inn i auga på ungørna som truleg står bak angrepa på fleire personar i det siste.

– Ho trefte meg midt i kroppen så eg mista balansen og datt ned ei skråning, medan mobilen flaug gjennom lufta, seier Ivarsen om det spektakulære møtet med ungfuglen.

Svein Roger Ivarsen

Svein Roger Ivarsen er ivrig turgåar og fotograf. Han har sikra eit unikt opptak.

Foto: privat

Han forstod det var alvor, og fekk delvis gøymt hovudet under ein tursekk, der han klarte å filme deler av angrepet.

Her ser ein tydeleg at kongeørna går til angrep på turgåaren, som fånyttes dyttar og husjar til den store fuglen.

Ivarsen seier kongeørna hadde store, kvasse klør, nålespisst nebb og eit vengespenn på to meter.

Kongeørn under angrep

Kongeørna under angrep på turgåaren på Dovre.

Foto: Svein Roger Ivarsen

Meiner ørna ikkje går til angrep

Ornitolog og havørnekspert Alv Ottar Folkestad er sikker på at ørna har kome vekk frå sine, og har forsøkt å finne foreldra.

Sjølv om det ser heftig ut på videoen, meiner han at ørna ikkje er aggressiv og heller ikkje faktisk går til angrep.

– Ho verkar ikkje aggressiv. Ho held vengane inn til kroppen. Litt ut i videoen kan ein også høyre at ho lagar pistrelydar, noko ungar gjer når dei vil ha kontakt med foreldra, seier han.

Folkestad er med i Birdlife Noreg og har sett videoen frå Dovre.

Han slår fast at ungfuglen har flytta seg nordover frå Folgefonna, der ørna slo til første gongen. Folkestad har dei siste dagane fått rapportar om totalt 11 angrep.

Sist helg blei kongeørna avliva.

Kongeørn

Her har kongeørna sett seg ned ei lita stund.

Foto: Svein Roger Ivarsen

Vand med folk frå før

Etter å ha studert den ferske videoen av ørneangrepet, slår ørneeksperten fast at fuglen må ha vore i fangeskap og hatt nærkontakt med menneske før.

Han meiner det forklarer måten ørna har oppført seg på.

– Videoen fortel meg at ho har eit positivt forhold til menneske. Ho prøvar å kome nærare på fleire måtar.

Folkestad har også diskutert saka med andre i miljøet, og seier dei er samde med han.

Vi kan seie rimeleg sikkert at det er ein unge som har blitt fôra opp av menneske og som på ein eller annan måte har kome på frifot, slår han fast.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Ornitolog Alv Ottar Folkestad i Birdlife Noreg.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Fantastisk naturoppleving

Turgåaren frå Molde meiner han var heldig som slapp frå møtet med ørna utan store skadar. Han synest nærkontakten var ei stor naturoppleving – sjølv om det var litt skremmande.

– Etter det siste angrepet sette ørna seg på toppen att og såg ganske roleg ut, rista på fjøra og slo seg til ro. Eg nærma meg forsiktig og fekk tatt nokre bilde på nært hald før ho letta og forsvann inn over fjellheimen, fortel Ivarsen.

– Det kjennest nesten absurd å sjå det etterpå. Når alt gjekk bra må eg også seie at det var ei oppleving å kome så tett på ei kongeørn.

Svein Roger Ivarsen har tidlegare jobba for NRK.

Kongeørn

Turgåar Svein Roger Ivarsen klarte å sikre seg nokre blinkskot av ørna, då ho tok sette seg ned.

Foto: Svein Roger Ivarsen

Publisert 10.09.2024, kl. 18.44 Oppdatert 10.09.2024, kl. 19.04

Read Entire Article