Sit du på gjerdet ennå?

1 week ago 11



Har du ikkje ennå bestemt deg på kva du vil stemme? På pensjonistpartiet.no finn du programmet.

Kanskje blir han Noregs eldste på tinget i komande periode, skriv Knut William Bygland, Aust-Agder Pensjonistpartis førstekandidat. Foto: Morten N. Lilleøygard

Eg gjorde meg partilaus ei stund, men når ein er politisk engasjert kunne eg ikkje dy meg og las igjennom alle andre politiske parti sitt program ifrå ytterste venstre til høgre. Overraskande fann eg meg samd med alt som stod i programmet til Pensjonistpartiet, noko eg fann så spesielt at eg meldte meg likeså godt inn.

Eg fann ut at dette var eit parti ikkje bare for pensjonistane, men heile familien og kunne likeså godt ha vorte kalla Familiepartiet.

Vil så Pensjonistpartiet få nokon på Stortinget? I Oslo, der me har vår leiar Ingebjørg Godskesen ifrå Aust-Agder på 1. plass, har me ein reell sjanse. For både Vest- og Aust-Agder er det ikkje umogeleg. Pasientfokus i Finnmark fekk inn ein representant på ca 4900 stemmer, så alt er mogeleg ved eit val – det er di stemme som tel. Gode formål har alle partia både lokalt og sentralt. Pensjonistpartiet er blokkuavhengig og støttar dei som stør våre gode formål.

Kan me kome på vippen, kan me ha påverknad kva regjering vi får og ikkje minst få gjennomslag for ein del saker.

Kva er spesielt for Pensjonistpartiet for oss i Setesdal og på Agder? Her er noko:

Pensjonistpartiet er saman med partiet Raudt dei einaste av stortingspartia som er klart imot vindmøller både på land og til havs. Me vil heller utvikle vasskrafta og utgreie ei sikker kjernekraft, sjølv ha kontroll på krafta vår og sei nei til utanlandskablar og Acer. Me vil satse fortsatt på olje og gass.

Me vil ha meir synleg og tilgjengeleg politi som gjer oss trygge og er fyrebyggande, styrke forsvaret slik at me aldri opplever meir at ei framand makt bare kan ta ein køyretur opp og ned dalen og så vips er me okkupert.

Me vil arbeide for ein streng og rettferdig innvandringspolitikk og legge til rette for at innvandrarane føler seg heime på line med andre nordmenn. Me ønskjer å sikre oss sjølvforsyning på mat. Og vi vil vere med på å sikre arbeidet med å få til Nasjonal Turistveg gjennom Setesdal. Til no er det dessverre bare ein intensjon om å arbeide for dette. Me vil arbeide vidare for UNESCO-prosjektet og sikre at arbeidsplassane for kulturprosjekta vert styrde lokalt.

Prognosane seier at Jonas Gahr Støre kan bli den eldste på Stortinget med sine 65 år – her må det vere rom for ein 72-åring frå Bygland som kan hjelpe til å tale 70-, 80-, 90- og 100-åringane sine saker!

Kom ned frå gjerdet og stem på Setesdal og Agder sin einaste kandidat busett i Setesdal!

Innlegget er forkorta. Red.

Read Entire Article