Høgre-leiar Solberg var inhabil i ei rekke saker i dei åtte åra ho var statsminister fram til 2021, som følgje av ektemannen sin aksjehandel.
Etter aksjesaka sprakk i fjor haust, lova Sindre Finnes at han skulle selje seg ut av alle børsnoterte selskap før Høgre skal gå inn i valåret 2025.
Ved inngangen av 2024 hadde Finnes aksjar i åtte børsnoterte selskap: Argeo, ABL Group, Vistin Pharma, Edda Wind, Next Biometrics, Nordic Mining, Wallenius Wilhelmsen og Western Bulk Chartering.
No har han selt seg heilt ut av to selskap, ifølgje aksjeeigarbøkene:
- Bilfraktrederiet Wallenius Wilhelmsen. Ved starten av året hadde han 1.000 aksjar i dette selskapet.
- Konsulentselskapet ABL Group, som E24 skreiv om i starten av september. I dette selskapet hadde han 10.000 aksjar ved starten av året.
Framleis aksjeverdiar på fleire millionar
Trass i at Finnes no sel seg gradvis ut, har han framleis aksjar verdt like i overkant av 2,1 millionar kroner i seks selskap, basert på sluttkursen på aksjane måndag. Han har tre månader att på å selje desse aksjane, dersom han skal halde lovnaden til kona.
– 21. november i fjor forplikta eg meg til å selje alle mine aksjar på Oslo Børs i løpet av 2024, og det er akkurat det eg no gjer, seier Finnes i ein kommentar til NRK.
– Bakgrunnen er fjorårets sak, og at Erna og eg i fellesskap kom fram til at det etter det som har skjedd, var best at eg la aksjehandelen til side i god tid før ho stiller til val som statsminister igjen.
Han legg til at han heller ikkje har kjøpt nye aksjar sidan i fjor haust, i tråd med ekteparets avtale.
Dette kommenterer Høgre-leiar Solberg, som ønskjer å bli statsminister neste haust, slik:
– Eg synest sjølvsagt det er fint at Sindre følgjer opp avtalen vi inngjekk etter saka i fjor haust, og at han no er i ferd med å selje dei siste aksjane sine.
– Utover det er eg veldig glad for at eg denne hausten kan bruke all mi tid på politikk. Det ser eg veldig fram til.
Sel aksjar i Nordic Mining
Eigarskapet i gruveselskapet Nordic Mining vart det skrive mykje om i fjor haust, og Økokrim kunne ikkje utelukke at Finnes kan ha innsidehandla i selskapet.
Berre dei siste dagane har Finnes selt 10.000 aksjar i selskapet, og sit att med 35.000 aksjar i gruveselskapet, ifølgje Investorlistene til E24. Det viser også aksjeeigarboka tysdag.
Aksjekursen i selskapet har stige 66 prosent så langt i år. Finnes har framleis aksjar til ein verdi av 980.000 kroner i selskapet etter nedsalet, dersom ein legg til grunn sluttkursen for aksjen måndag.
– To av bedriftene eg no sel aksjar i er medlemsbedrifter hos min arbeidsgivar Norsk Industri, der det er etablert eigne reglar for nedsal. I forkant av desse sala avtalte eg dette med min sjef, i tråd med reglane, seier Finnes.
Dei to bedriftene han peiker på er Nordic Mining og legemiddelselskapet Vistin Pharma.
Har selt fleire aksjar den siste månaden
E24, som avdekka den storstilte aksjehandelen til Finnes i åra Solberg var statsminister, gjorde ei statusoppdatering på aksjane i starten av september.
Slik har det endra seg den siste månaden:
- Oljeserviceselskapet Argeo: 12.550 aksjar i september – 10.550 aksjar per 1. oktober. I dette selskapet har Finnes selt seg gradvis ned så langt i år.
- Legemiddelselskapet Vistin Pharma: 19.525 aksjar i september – same antal per 1. oktober. Det er det same antalet som ved inngangen av året.
- Havvindserviceselskapet Edda Wind: 8.000 aksjar i september – 6.000 aksjar per 1. oktober. I dette selskapet har Finnes selt seg gradvis ned så langt i år.
- Tørrlastrederiet Western Bulk Chartering: 11.000 aksjar i september – same antal per 1. oktober. Det er det same antalet som ved inngangen av året.
- Fingeravtrykksselskapet Next Biometrics: 15.000 aksjar i september – same antal per 1. oktober. Finnes har selt seg litt ned i dette selskapet så langt i år.
- Gruveselskapet Nordic Mining: 45.000 aksjar i september – 35.000 per 1. oktober.
– Eg har ingen kommentarar til dei konkrete sala. Når alle mine aksjar er selde vil eg orientere pressa om det, slik eg også tidlegare har varsla, seier Finnes.
Publisert 01.10.2024, kl. 11.55 Oppdatert 01.10.2024, kl. 12.06