Sikta for valdtekt av barn: – Det er fleire fornærma

2 weeks ago 11



Ei større overgrepssak er under opprulling.

 Politiet
STØRRE ETTERFORSKING: Politiet i Sogn og Fjordane har sikta ein mann i 40-åra for voldtekt av barn under 14 år. Her er politihuset i Førde. Foto: Politiet

Publisert 06.11.2024 13:37

I slutten av oktober vart ein mann i 40-åra i Sogn og Fjordane arrestert og sikta for valdtekt av barn.

Politiet sa den gong at det i utgangspunktet var snakk om eitt fornærma barn, men at dei ikkje kunne utelukke at det var fleire.

Til TV 2 bekreftar no politiadvokat Sissel Kleiven at det er fleire offer i saka.

– Det er snakk om fysiske overgrep. Meir ønskjer eg ikkje kommentere av omsyn til etterforskinga, seier Kleiven.

– Erkjent delvis straffskuld

Politiet er heilt i starten av avdekkinga av den alvorlege saka, som starta med at dei fekk inn ei politimelding.

Mannen vart pågripen 22. oktober. Fengslingsmøtet var 23. oktober. Han er sikta for brot på straffelova paragraf 299, som gjeld valdtekt av barn under 14 år.

I fengslingsmøtet møtte ikkje den sikta sjølv. På førehand hadde han meldt retten at han ville samtykke til fengsling.

Retten fengsla mannen i fire veker med brev- og besøksforbod. Han skal ha erkjent delvis straffskuld.

– Eg kan ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt. Men han samarbeider med politiet, seier forsvarar Ivar Hauge.

Overgrepssakene i Ullensvang: – Barna vil aldri treffe foreldra igjen

Vil gjera nye avhøyr

Kleiven fortel til TV 2 at mannen har vore inne til eitt avhøyr i forbindelse med pågripinga. 

Men politiet planlegg å ta fleire avhøyr av han, etter kvart som dei får gjennomført avhøyr med moglege fornærma.

– Dette er ei etterforsking som vil ta tid, seier Kleiven om storleiken på saka.

Politiet vil ikkje uttale seg om kor mange fornærma dei førebels veit om, eller kor gamle barna er.

Mannen er i tillegg sikta for å ha hatt overgrepsmateriale. Politiet har ikkje fått full oversikt over omfanget her enno.

Read Entire Article