Etter 17 dagar på berre salt og vatn, krev klimaaktivist Vebjørn Bjelland Berg noko mindre ambisiøst for å bryta fasta.

Publisert 15.08.2025 18:20
Klimaaktivist Vebjørn Bjelland Berg er på dag 17 av klimafasten sin.
Tidlegare denne veka sat han på Arendalsuka i håp om å få medhøyr frå makta.
Kravet var då at Noreg skulle få ein plan for utfasing av olje og gass. Først då skulle han eta igjen.
No, etter 17 dagar, har Bjelland Berg gått vekk frå dette noko ambisiøse kravet.
No er det noko anna som gjeld: Eit folkepanel.
Tærer på kroppen
17 dagar utan mat merkast på kroppen. Sjølv om matlyst og kvalme har roa seg, har Vebjørn Bjelland Berg blitt redusert.
– Eg blir meir sakte i alt eg gjer. Så eg sit eller ligg mesteparten av dagen, seier Bjelland Berg.
Legen har sagt til aktivisten at no kan han vera inne i ein kritisk fase, og tilrår han å avslutta.
– Er du redd for at du påfører irreversibel skade på kroppen?
– Det er ein risiko eg er villig til å ta, seier Bjelland Berg.

Folkepanel
Bjelland Berg krev eit folkepanel om utfasing. Eit slikt panel består av eit representativt utval av befolkninga som møtast for å diskutera, og gje tilrådingar til politikarar.
Dette har ein mellom anna hatt suksess med i abortlovgjevnaden i Irland, og på klima i Frankrike.
– Eg meiner me trenger ei oppdatering av demokratiet i den tida vi lever i nå. Det er masse samfunnsforsking som viser kor stor påverknad fossilindustrien har, seier Bjelland Berg.
Han meiner det er eit demokratisk problem.
– Eit folkepanel er eit demokratisk rammeverk kor det verkeleg kan vera opp til folket å ta stilling til dette.
Skulle regjeringa gå med på kravet, bryt han fasta på dagen, slår han fast.

Energiministeren: – Ikkje aktuelt
Energiminister Terje Aasland seier til TV 2 at det ikkje er aktuelt for regjeringa å gå vekk frå dagens politikk.
– Noreg er den viktigaste energileverandøren i Europa. Alternativet er at Europa må snu seg mot Midtausten eller USA, og å importera dyr gass med høgt klimautslepp. Det er ikkje aktuelt for Arbeiderparti-regjeringa, seier Aasland.

Han understrekar at allierte og naboland ber Noreg om å vera ein stabil energileverandør.
Energidepartementet svarte ikkje på kva dei tenker om svoltestreik som politisk verkemiddel.
Bjelland Berg er skuffa over ministeren sitt svar, og meiner ikkje det er argument mot korkje utfasing eller folkepanel.
– Europa sin energitryggleik kan blir tatt med som ein faktor i prosessen, sett opp mot konsekvensane av klimakrisa. Så kan me la det vera opp til folket. Eg håpar Arbeidarpartiet er villige til å stola på vanlege folk, seier Bjelland Berg til TV 2.