«Selvsagt er jeg takknemlig,» sa jeg til mannen min. Samvittigheten har spist meg opp.

2 weeks ago 5



Foto: Privat

Barseltid er meir enn berre babykos.

Publisert: 08.11.2024 12:57

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Klokka er 03.00. Pumpelyden trengjer seg gjennom øyra mine. Eg har så lyst å sove. Kjenner heile kroppen min skrike etter søvn og kvile. Dagane og nettene overlappar kvarandre. Eg har nesten mista tidsperspektivet. Å! Det eine brystet mitt koker av smerte. Kva om eg får brystbetennelse? Tankekøyret stoppar aldri.

Det er berre tre veker sidan eg kom heim frå sjukehuset. Tre veker som har fylt hjartet mitt med enorm kjærleik, men som eg enda ikkje har hatt kapasitet til å kjenne på.

Fødselsdepresjon og «postpartum blues» «postpartum blues» En lett og forbigående form for nedtrykt stemningsleie etter en fødsel. Inntreffer vanligvis etter to til fire dager og går fort over. Barseltårer er ikke det samme som fødselsdepresjon.er to tilstandar som kan ramme kvinner etter ein fødsel. Den første tilstanden er meir alvorleg enn den andre. For svært mange kvinner startar symptom på nedstemtheit allereie i svangerskapet.

Vi snakkar ofte om kor koseleg og fin barseltida skal vere, men gløymer fort at denne tida har fleire sider ved seg. Det kan fort bli ei einsam periode. For mange kan der vere utfordringar knytt til den nye kroppen, smerter og vanskar knytt til amming, gråting og lite søvn, psykiske belastningar om ikkje å strekkje nok til. Fleire faktorar er med på å forme denne einsame bobla.

Vi snakkar ofte om kor koseleg og fin barseltida skal vere, men gløymer fort at denne tida har fleire sider ved seg, skriver overlege og nybakt mor Jeswanthiny Mayooran. Foto: Chapurin Dmitry, Shutterstock/NTB

Eg ser ned på dei små føtene til den vesle. «Sjølvsagt er eg takksam», sa eg til mannen min. Samvitet har ete meg opp for at eg har følt meg så nummen. Sporadiske tårer. Barseltårer, kallar ein det. Eg vil ikkje ha det slik! Eg vil kunne nyte det eg har.

Så for meg har det vore viktig å få fram den mindre glamorøse sida av denne tida. Ei sårbar periode som fleire mødrer går gjennom, men som kanskje ikkje blir snakka høgt om.

Read Entire Article